Moderne nyhendeformidling

I vårt gjennomsyra informasjonssamfunn, der nyhenda vert formidla der og då, er også regien viktig. Lage sin eigen vri, finne spennande vinkling, lage ei interesseskapande overskrift. Dette er heilt legitimt, og alle aktørar som deltek i offentleg debatt, må vere klar over denne dynamikken. Men kva seier vi når saker blir skapt utan rot i røyndommen ? Kva seier vi om klipp og liming av saker der intervjuobjektet ikkje kjenner seg igjen, og bodskapen som vert formidla er stikk motsett av kva vedkomande snakka om ? I den tida eg var statssekretær for Odd Einar Dørum i Justisdepartementet, var mediehandtering ein del av kvardagen. Seinare har tilsynsjobben eg har hatt, vore prega av mykje interesser frå medieverksemder. Eg ser meir og meir eit nyhendebilete prega av det eg vil kalle 50% journalistikk: Det vil seie å lage ei sak der historia og ramma er kjent, men deretter å setje saman opplysningar på ein slik måte at det vert eit nytt nyhende. Akersgata brukar dette jamt, og eg sjølv har opplevd i saka om SEIF-bygget i Førde og det nye Astrup-senteret i Jølster, utstrekt brukt av av slik 50 % journalistikk. Brått vert det meldt ”eit ras av etatar som trekkjer seg frå SEIF-prosjektet”, og so blir etatar ramsa opp som aldri var ein del av den meir forpliktande delen av prosjektet. Meir regi enn realitet. Men slik går utviklinga, og det vert endå meir viktig for alle som deltek på den offentlege arena å vere oppteken av å vere nøyaktig, dersom bodskapen skal rett formidla. Men eg ville likevel ikkje vore mediesamfunnet forutan. Uavhengig av politisk ståstad var det mange som applauderte tidlegare kulturminister Langslet, når han slapp mediemangfaldet laus tidleg på 80-talet. Vi vil ikkje tilbake til den tida der finsk fjernsynsteater var einaste tv-underhaldning på tysdagskveldane heller.

Dette innlegget ble publisert i Ukategorisert. Bokmerk permalenken.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *