Tidenes comeback?

I kveld møtest Charlton og Huddersfield til toppkamp i League One – nivå tre i engelsk fotball. Det blir heilt sikkert ikkje like dramatisk som då dei møttest på nivå 2 for snart 54 år sidan. Det vart ein kamp engelsk fotball aldri har sett maken til.

 
 

Charlton spelar framleis sine heimekampar på The Valley, men publikumskapasiteten er ikkje den same som i gamle dagar. Her frå ein kamp mot Manchester United i 2006

Fotballhistoria er full av store comeback resultatmessig, men det spørst om ikkje det mest spektakulære av dei alle var den som fann stad ein sur førjulslaurdag i London i 1957, der Charlton tok imot Huddersfield – som hadde ingen ringare enn Bill Shankly som manager.

Charltons heimebane The Valley, ei bane i botnen av i ei stor grop med gigantiske naturlege tribuner på alle kantar, var på den tid Englands største bane utanom Wembley, og hadde plass til 70.000 tilskodarar. Men mange prioriterte innspurten av julehandelen framfor 2. divisjonsfotball i vått engelsk vinterver denne dagen. Det såg rett og slett tomt ut på tribunene med berre 12.000 frammøtte.

Kampen begynte heller ikkje så bra, iallfall ikkje for det opprykksjagande heimelaget. Allereie etter 17 minutt vart forsvarsspelaren Derek Ufton skadd og måtte gå av bana. Det var ikkje lov med innbytarar i dei dagar, og Charlton stod framfor over 70 minutt med ti mann på ei våt og tung bane.

Ved pause låg heimelaget under med 0-2. Det såg ut til at julehandlande Charlton-fans hadde gjort det rette valet.

Ingen ante kva som skulle kome.

Johnny Summers var spiss hos Charlton. Han hadde ikkje fått til noko som helst i første omgang, og i tilleg var dei gamle og velbrukte skoa hans i ferd med å rivne. I pausen bytta han derfor til sine nyinnkjøpte og heilt uprøvde sko. Det kunne ikkje skade, slik situasjonen var var, tenkte han vel.

Tre minutt etter pausen betalte dei nye skoa seg. Summers reduserte til 1-2, og dei frammøtte tilskodarane fatta nytt håp. Kunne Charltons ti mann reise seg etter den begredelege førsteomgangen?

På ingen måte – tilsynelatande tvert i mot. Huddersfield tok raskt tak i kampen igjen, og måla rann inn. Eit kvarter seinare stod det 1-5.

Ein mann mindre og fire mål bak. Det var eigentleg ingen grunn til å fryse lenger. Dei tynt besette tribunene vart endå tynnare befolka etterkvart som publikum reiste seg for å joine dei julehandlande. Eller trøyste seg på puben.

Men dei gjekk glipp av alt det som har sendt denne kampen inn i historiebøkene. Med 20 minutt igjen scora John Ryan det alle trudde var eit trøystemål. Og då godt og vel eit kvarter stod igjen, sette Johnny Summers i gang med dei nye skoa sine. På det neste kvarteret scora han fire gonger – to av dei med høgrefoten, som han elles brukte berre til å stå på. Dei nye skoa verka utruleg godt.

Charltons 10 mann hadde heilt utruleg snudd kampen til 6-5. Dei gjenverande tilskodarane gjekk fullstendig berserk.

Så utlikna Huddersfield då berre eit par små minutt gjenstod. 6-6. Den ufattelege snuoperasjonen var til fånyttes. Nesten. For uavgjort etter ein slik innspurt kjendest som eit sviande tap for dei av heimepublikum som framleis heldt ut.

På overtid: Summers sleit seg fri ein siste gong, og fekk lagt inn til John Ryan. Den digre angrepsspelaren la alle kreftene til og hamra ballen i mål med kampens aller siste spark og andre omgangs ellevte scoring. Charlton 7, Huddersfield 6.

Dei få tilskodarane som hadde fått emd seg heile dramaet, stormabana og bar spelarane på gullstol. Og klubbdirektøren inviterte alle Charlton-spelarane inn i sin private lounge for servering og gratulasjonar etter kampen, som om det var cupfinalen dei hadde vunne.

På sjukehuset ikkje langt unna fekk den skadde Derek Ufton høyre eit rykte om at laget hans hadde vunne 7-6. Han lo av det, for det var så langt borte frå realitetane som det gjekk an å kome. For det første fordi det berre er ishockey-kampar som endar 7-6, for det andre at det var umogeleg ut frå den forferdelege forestillinga han rakk å få med seg før han vart skadd.

Først lenge etter kampen fekk han bekrefta resultatet frå ei kjelde han meinte var truverdig nok.

13 mål i ein kamp er ikkje rekord i engelsk fotball, den er på 17 mål. Men eit så spektakulært comeback – «comeback and a half», som ein BBC-reporter kalla det – er eineståande i ligahistoria.

PS: Tilfeldigheitene ville at dei to laga møttest på same bane i ein omkamp i FA-cupens tredje runde berre knapt tre veker seinare. Publikum strøymde på i titusenvis denne råkalde januar-onsdagskvelden, i håp om å få ein tilnærma reprise.

Det fekk dei ikkje. Dei fekk ein kamp som var like grå som London-tåka. Men det vart iallfall ny heimesiger – med usle 1-0.

Om Arve Lote

Arve Lote er nettjournalist i NRK Sporten. Har følgt norsk og engelsk fotball på ymse vis sidan Kniksens dagar på 60-talet, og minnest gjerne episodar, hendingar og anekdotar frå fotballhistoria
Dette innlegget ble publisert i Ukategorisert. Bokmerk permalenken.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *