Kan Swansea overrumple alle igjen?

Swansea har berre to sesongar bak seg i øvste divisjon tidlegare. Dei spela i den gamle 1. divisjon frå 1981 til 1983. Og sjeldan har ein nykomar til dei grader slått til frå start.

Det walisiske laget, under leiing av Cardiff- og Liverpool-legende John Toshack, hadde rykka opp frå lågaste til øvste divisjon i rakettfart, og skulle møte storlaget Leeds i første toppligakamp heime på Vetch Field. Swansea var nederlagsdømt.

Men det tok ikkje meir enn fem minutt før dei var i leiinga. Jeremy Charles vart den historiske målscoraren.

Før pause hadde Leeds heilt etter oppskrifta utlikna. Så tok den gamle kjempa og Swansea-debutant Bob Latchford – ein typisk target man, som det heitte på den tid – saka i eigne bein. Ti minutt tok det han å score sit hattrick. Det stod 4-1 over sjølvaste Leeds, og publikum gjekk bananas.

Kva dei gjekk då Alan Curtis litt seinare sette inn det femte, veit eg ikkje, men Wales’ stoltheit banka mektige Leeds 5-1 den dagen. Curtis vart forøvrig vraka av nettopp Leeds framfor den sesongen, og tok ein grueleg revansje. Takk for sist, gutar!

Men Toshacks Swansea stansa ikkje der. Dei kjempa i toppen av tabellen nesten heile sesongen, og uotver hausten var dei heilt i toppen fleire gonger. Liverpool, Manchester United, Arsenal og Tottenham var blant dei som måtte tole tap for dei kvitkledde walisarane.

Men utover våren vart skadelista farleg lang, og Swansea fall ned til sjetteplass i sin debutsesong. Og nedturen heldt fram året etter. Meir skader og dyre tabbar på spelarmarknaden førte til nedrykk. Toshack fekk sparken, men det hjelpte ikkje. Verre vart det.

I 1986 var dei tilbake på nivå 4, åtte år etter at dei rukka opp derfrå sist. Fram og tilbake er like langt.

Utanom Swanseas to sesongar på tidleg 80-tal, er det berre Cardiff som har forsvart den walisiske fana i øvste engelske divisjon. Dei har 15 sesongar bak seg, men ingen sidan 1962. No er dei med i toppen igjen.

Men for Swansea-supporterane og andre stolte walisarar var det nok moro så lenge det varte på begynnelsen av 80-talet. No er dei klar for endå meir moro. Og håpar at det varer litt meir enn to år.

Også i år skal dei begynne mot eitt av storlaga – borte mot Manchester City måndag kveld. Nokon som vil vedde på at dei vinn 5-1 igjen?

Om Arve Lote

Arve Lote er nettjournalist i NRK Sporten. Har følgt norsk og engelsk fotball på ymse vis sidan Kniksens dagar på 60-talet, og minnest gjerne episodar, hendingar og anekdotar frå fotballhistoria
Dette innlegget ble publisert i Ukategorisert. Bokmerk permalenken.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *