Då det heile begynte

 

Dette er det aller eldste lagbiletet som finst av den aller eldste fotballklubben i verda - Sheffield FC frå 1857. Det var også denne klubben som definerte dei aller første fotballreglane

Verdas eldste regelbok for fotball eksisterer enno. Nyleg vart den auksjonert bort hos det kjende auksjonsfirmaet Sotheby’s i London for 889.000 pund, eller nesten 8 millionar kroner. Det var amatørklubben Sheffield FC som auksjonerte bort arvesølvet sitt.

Boka stammar frå 1858, året etter at klubben vart stifta. Sheffield FC er rekna som den eldste fotballklubben i verda.

Då klubben vart stifta, vart det naturleg nok også behov for reglar for fotballspelet, som var i sin spede barndom som organisert aktivitet. På klubben sitt årsmøte i oktober 1858 vart reglane skrivne ned og formaliserte.

Mykje er endra sidan den gongen, men ikkje desto mindre er det overraskende mykje av regel-strukturen som den dag i dag liknar sterkt på det som vart vedteke den gongen for meir enn 150 år sidan. Frispark og innkast var første gong nemnt i boka. Fem år seinare kom også offside inn som ein skriven regel.

Her er nokre av dei viktigaste reglane i den aller første regelboka:

  • Avsparket skal takast frå mkdten, og ballen skal ligge stille
  • Utsparket frå mål må ikkje vere lenger enn 25 yards (23 meter)
  • Taklingsforsøk er lov i faste situasjonar bortsett frå avspark, men taklaren må trekke seg tilbake dersom han ikkje har klart å røre ballen
  • Det er tillate å dytte med hendene, men beinkrok er forbode under alle omstende
  • Ingen spelar skal haldast eller dyttast overende
  •  Det er ikkje lov å løfte ballen opp frå bana bortsett frå ved innkast
  •  Ballen kan dyttast eller slåast med handa, men det ulovleg å halde balleen bortset frå ved frispark
  •  Kvar spelar må sjølv skaffe seg ei raud og ei mørkeblå lue, og kvart lag skal ha luer i same farge

Sheffield FC var i to-tre år den einaste reine fotballklubben. Men i 1860 skipa cricket-klubben Hallam ein fotbalklubb, og dermed kunne den aller første kampen mellom to reine fotballklubbar spelast på Boxing Day – 2. juledag – i 1860. Det skjedde etter Sheffield-reglane.

Desse reglane spesifiserte pussig nok ikkje kor mange spelarar det skulle vere på kvart lag. Sheffield stilte med færre på bana enn Hallam, men vann likevel 2-0. Rapportane tyder på at Sheffield stilte med 16 mann, Hallam med 20.

Først i 1863 kom regelen om 11 mann som standard.

Det engelske fotballforbundet, FA, vart skipa i 1863, og deira regelverk var i stor grad influerte av Sheffield-reglane. Men offside-regelen tok det tid å standardisere. Den kom inn i Sheffield-reglane for å ivareta ”gentlemans-ånda” i fotballen: Å ligge og lure framfor motstandarens mål for å ta eit langt frmaspel, var ikkje gentlemanship. Derfor måtte det heile tida vere minst ein spelar mellom det angripande lag og mållinja.

FA gjekk lenger. Dei kravde at angriparane måtte vere bak ballen heile tida, det innebar at pasningane måtte gå sidelengs eller bakover, aldri framover. Men denne regelen vart raskt skrota, ettersom det nesten ikkje vart mål av det, og frå 1867 var Sheffields offsideregel den som gjaldt.

Sheffield-reglane og FA-reglane var likevel ulike, og dette vart etter kvart nokså upraktisk. Fleire gonger på 1860- og 1870-talet møttest samansette lag frå Sheffield og FA. Av og til spela dei etter Sheffield-reglane, av og til etter FA-reglane. Det hende også at deis pela ein omgang etter kvart regelsett.

I 1877 vart dei to partane samde om standardisering av reglane, ein standard som var svært dominert av Sheffield-reglane.

Det må bety at fotball-pionerane i stålbyen i Yorkshire gjorde ein svært så god jobb. For over 140 år etter standardiseringa er det lite som er endra i dei grunnleggande fotballreglane. Nokre småting er likevel endra: Corner kom i regelboka i 1872, same året som FA-cupen starta opp.

I dei første drøye 50 åra var det for øvrig ikkje lov å score direkte frå ein corner. Det vart det slutt på i 1924. Derfor gjorde Everton-spelaren Sam Chedgzoy  eit veddemål om at han skulle score direkte frå corner. Det skulle skje i kampen mot Tottenham i januar 1925.

Men då alle venta at han skulle skru ballen i mål, begynte Chedgzoy å drible. Han dribla seg forbi ein haug med svært så overraska Tottenham-spelarar og avslutta med å sette ballen i mål. Everton vann 1-0. Resultatet var at frå og med den påfølgande sesongen måtte ein corner takast med berre eitt spark.

I heile den engelske ligahistoria har det visstnok vore berre to kampar som ende heilt utan hjørnespark. Den første 5. november i 1931. På ei hengemyr av ei haustbane møttest Newcastle og Portsmouth i ein cornerlaus kamp. Det blir ingen premie for å gjette at kampen enda 0-0.

Den andre er av mykje nyare dato og langt meir sensasjonell. 21. august i fjor slo Chelsea Wigan 6-0 etter 90 minutt utan eit einaste hjørnespark. Seks mål, null corner!

Straffespark var også ein regel som ikkje var med frå starten. I dei første åra var det frispark uansett kvar på bana eit regelbrot skjedde. Det førte til mange tilfelle av at opplagt sabotasje av store målsjansar (kvar var den britiske gentlemans-ånda?) vart straffa med frispark nesten på målstreken. Der stod det naturleg nok ein forsvarsmur av spelarar berre centimeter frå ballen.

Det skjedde mellom anna i siste minutt av cupfinalen i 1891, på stillinga 1-0 til Notts County over Stoke. Ein County-spelar handsa på streken, Stoke fekk frispark nokre få centimeter utanfor – eit frispark dei ikkje hadde sjanse til å få noko resultat ut av.

I 1891 kom regelen om straffespark som vi kjenner det i dag. Første straffemålet i engelsk liga var det Wolverhamptons John Heath som sette inn mot Accrington 14. september 1891.

Og eit par månader seinare var Stoke igjen i feil rolle i ein episode som førte til regelendring: Mot Aston Villa låg Stoke under med 2-1 då dei fekk straffe nokre sekund før slutt. Då sparka ein Villa-spelar ballen langt ut av stadion. Og i løpet av den tida det tok å skaffe ein ny ball, gjekk tida ut og kampen var slutt.

Dette førte til at det deretter skulle leggast til tid for å ta eit idømt straffespark. Men det var sikkert ei mager trøyst for Stoke….

Og Sheffield FC? Klubben eksisterer den dag i dag, som ein rein amatør- og breiddeklubb. Det var til inntekt for dette arbeidet at dei selde regelboka si. Då proff-fotballen gjorde sitt inntog i 1885, var det byens to andre klubbar, United og Wednesday, som inntok rampelyset. Sheffield FC vann FAs amatørcup i 1904, og kom til finalen i FA Vase i 1977. I dag spelar dei i Northern League Division 1, som er nivå 8 i den engelske seriepyramiden.

I 2004 vart Sheffield FC tildelt æresprisen FIFA Order of Merit, FIFAs aller høgaste utmerking. Det er det berre ein annan fotballklubb i heile verda som har fått – nemlig Real Madrid…

Om Arve Lote

Arve Lote er nettjournalist i NRK Sporten. Har følgt norsk og engelsk fotball på ymse vis sidan Kniksens dagar på 60-talet, og minnest gjerne episodar, hendingar og anekdotar frå fotballhistoria
Dette innlegget ble publisert i Ukategorisert. Bokmerk permalenken.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *