I sommar har eg unna meg ein kjapp bilferie på Vestlandet, nærare bestemt Sogn og Fjordane på langs og tvers. Flotte naturopplevingar er ein ting, men veistandarden i tunnelfylket framfor noko var vel så interessant.
Det virkar på meg som om hundre tusen sogningar og fjordingar har fostra fleire samferdselsstatsrådar enn Telemark har fostra diktarar – det ser og merkar du straks du passerer fylkesgrensa. Anten du kommer over fjellet frå Buskerud eller Oppland. Og då har du alt fått eit løft etter mange mil vekk frå holete asfalt og Telemarksvingar.
Det er ein fryd å kjøre bil i Sogn og Fjordane. Rett nok må du bla opp frå lomme boka: Både bompenger etter å ha kjørt gjennom kilometervis med tunnel , eller for å krysse ein fjord i ferje, men du verden for ein veistandard!