Sandefjord Brass Symposium

Sandefjord

Sandefjord er det einaste korpset her som ikkje heiter korps eller band eller musikklag. Symposium kling fint som reinstroken giss,  bevares, men det er klart at noko drikkelag er det jo ikkje som sit der på scenen og held eit slikt presisjonsnivå, og så veldig likt ein tørr vitenskapleg konferanse er det vel heller ikkje når Sandefjord fleskar til. Men kunst er det i alle fall!

Kvifor skriv eg dette? Jo, fordi dette er ordbokas definisjon av symposium:

sympo’sion el. sympo’sium -iet, -ier, -ia el. -iene (fra gr, av syn- og pinein ‘drikke’, bet. 2 fra eng.)

band, korps lag eller symposium, måtte den beste vinna! – og no er det Jaren hornmusikkforening!

Publisert i Ukategorisert | Skriv en kommentar

EN TITT INN I DOMMERBURET

Dommere

Maurice Hamers (t.h.) og Cathrine Winnes er klare for andre del av pliktnummer-kvelden.

Publisert i Ukategorisert | Skriv en kommentar

Om mattematikk og musikk

Jan Nordbotten er her. Han er matematikar, blir også kalla proffessoren. No spelar han i Bjørsvik Brass, som betyr at han har spelt i Eikanger-Bjørsvik (jamf nestforrige blogg).

Matte og Brass, Jan?

Jan: Folk tror at musikk og matte henger sammen, men det er bare tull. Mange av de beste musikerne jeg kjenner burde ikke vært i nærhten av en ligning –  det går forresten begge veier.

L: Men musikken skal jo også gå opp?

Jan: Joda, men det er jo bare brøk, det er jo barneskoleregning. Jeg kan vise deg  noen ganske tøffe differensialligninger, men det hjelper ikke på musikaliteten.

Ok, då har me endeleg avliva den kjende og særs seigliva myta om at matematikk og musikk høyrer sammen. Takk Jan!

og snart kjem Sandefjord Brass Symposium, samfunnsvitarar alle saman, så sjå opp!

Publisert i Ukategorisert | Skriv en kommentar

nyheit: Berre Bjørsvik!

Bjørsvik

No er det fleire damer her som seier dei spelar i Bjørsvik og at dei spelar i 4. divisjon! Korleis kan dette henga saman? Janne forklarer: Me som har slutta i Eikanger-Bjørsvik, har saman starta Bjørsvik Brass.  Linda: men betyr det at ein heil haug no har slutta i E-B? Ann-Cathrin: Nei, folk har slutta over mange år av ulike grunnar. L: som foreksempel? A-C: barn og mindre tid til øving. Flytting (i Bjørsvik er det øving berre ein gong mnd) og så har me nokre proffar frå harmonien og forsvarets som ikkje har tid til noko så proft som E-B, om du skjønar. Cirka slik. L: Overgangen frå elite til 4.div?  Janne: Me tek ikkje lett på det (hahaha frå resten). Me har hatt fem øvingar så det seier seg sjølv at me må gje alt på dei øvingane. L: forventningane? Alle: opp i 3.div, altså vinna 4.div.

oppsumm: Bjørsvik Brass er sans.vis det ferskaste korpset i Noreg (kanskje saman med Montebello i Oslo) Og det einaste korpset i Noreg der kriteriet for å vera med er at du ein gong har spela i Eikanger-Bjørsvik.

Lykke til med journey in to freedom i morgon! TAKK!

Publisert i Ukategorisert | 1 kommentar

web tv – kjekt?

Johannes Kyte

No er Johannes Kyte her, han er ein form for sjef i nrk, og har hatt mange fingrar med i spelet for at du skal få sjå Brass-NM på web-tv. Sei kva du tykkjer omsendinga, så skal eg fortelja det vidare til han!

Publisert i Ukategorisert | Skriv en kommentar

BRASS-LINDA I AKSJON

Linda i Grieghallen

Her er Linda Eide på plass i Grieghallen, like ved NRK Hordalands NM-studio ute i spissen av foajeen.

Publisert i Ukategorisert | Skriv en kommentar

start nr 5 Oslofjord

Oj no var det eit litt nytt bildeutsnitt her, eller så hadde paukinisten/paukisten/paukaren? plassert seg uhyre perfekt slik at ein fekk sett dei små velplasserte og kontante paukeslaga hennar, i den sekvensen. Har fått meir og meir sans for slagverkseksjonane medan eg har sutte her. Kan det stemma at det er blitt meir damer i den avdelinga forresten? I barndommen kan eg nesten ikkje hugsa ei einaste jenta som slo. Dette må ha blitt annleis. her er det jo massevis.  snakka om det; der er ho i Oslofjord tilbake med klubbene på klokkespelet (ho brukar treklubber, har sett andre med svarte hammerar som ser ut som det er ein slags gummi – kva er forskjellen?) Ho virkar dyktig, og  veldig konsentrert og treffsikker! Og der er ho jammen meg på den digre kina gong-gongen og no går flyalarmen over Oslo! jada Jada. Tusen takk til hovudstaden!

Publisert i Ukategorisert | Skriv en kommentar

To Eikanger-bjørsvik gutar stikk innom

No er det nokon frå Eikanger-Bjørsvik innom her som eg sit. Torstein og Svein som begge spelar slagverk. Torstein: Det gjekk veldig bra, er veldig fornøyd. Svein: Og så er me veldig fornøyde med blogginga til no! (audmjuk takk herifrå)

Svein hadde forøvreg triangelslaget, og han seier det sat som ei kula. I alle fall opplevde det han det slik. Han avslører også at dirigenten rett og slett var skikkeleg glad.  Torstein brukar å drøyma mykje før NM. I fjor drøymte han at alt gjekk til helvete, då vann dei. I år har han drøymt at det går bra. Svein har hatt fleire abstrakte mareritt før NM fortel han, der ingenting går som det skal. Triangelen glepp ut av hendene, paukene trillar ut av grigehallen etc. Begge gutane er blide som sola sjølv, og fryktar ingenting, untatt Stavanger Brass pittelitt, jo litt. ok. Hadet seier dei og fyk lette og galde avgarde – og no er det Oslofjord!

Publisert i Ukategorisert | 1 kommentar

No er det nokon frå Eikanger-Bjørsvik her som eg sit. Torstein og Svein som begge spelar slagverk.  Tostein: Det gjekk veldig bra, er veldig fornøyd. Svein: Og så er me veldig fornøyd med blogginga til no! (audmjuk takk herifrå)

Svein hadde forøvreg triangelslaget, og han seier det sat som ei kula. I alle fall opplevde det han det slik. Han avslører også at dirigenten rett og slett var skikkeleg glad.  Torstein brukar å drøyma mykje før NM. I fjor drøymte han at alt gjekk til helvete, då vann dei. I år har han drøymt at det går bra. Svein har hatt fleire abstrakte mareritt før NM fortel han, der ingenting går som det skal. Triangelen glepp ut av henden, paukene trillar etc Begge gutane er blide som sola sjølv, og fryktar ingenting, untatt Stavanger brass pittelitt, jo litt. ok. Hadet seier dei og fyk og no er det Oslofjord!

Publisert i Ukategorisert | Skriv en kommentar

Korps 4 Krohnengen

Frisøren min spelar althorn i Krohnengen, (han med lyst kort hår, det kjem små glimt av han) Kvar gong eg går til Ståle, er me innom korps i større eller mindre grad. det er rett og slett fantastiskå ha funne ein kanonbra frisør som også snakkar om vetige ting! Det som er mest imponerande er at han aldri spelar det samme instrumentet frå den eine klippetimen til de andre. Ståle spelar alt som kan krypa og gå med tre ventilar, og om eg ikkje tek feil har han spelt Tuba i Eikanger-Bjørsvik, og smadrar i såfall myta om at alle tubaistar er over 50 kilo og meir enn 165 høg. Heia Ståle! Heia Krohnengen!

Publisert i Ukategorisert | Skriv en kommentar