Oj no var det eit litt nytt bildeutsnitt her, eller så hadde paukinisten/paukisten/paukaren? plassert seg uhyre perfekt slik at ein fekk sett dei små velplasserte og kontante paukeslaga hennar, i den sekvensen. Har fått meir og meir sans for slagverkseksjonane medan eg har sutte her. Kan det stemma at det er blitt meir damer i den avdelinga forresten? I barndommen kan eg nesten ikkje hugsa ei einaste jenta som slo. Dette må ha blitt annleis. her er det jo massevis. snakka om det; der er ho i Oslofjord tilbake med klubbene på klokkespelet (ho brukar treklubber, har sett andre med svarte hammerar som ser ut som det er ein slags gummi – kva er forskjellen?) Ho virkar dyktig, og veldig konsentrert og treffsikker! Og der er ho jammen meg på den digre kina gong-gongen og no går flyalarmen over Oslo! jada Jada. Tusen takk til hovudstaden!
-
Siste innlegg
Siste kommentarer
- wxoefbz til 1 manger plikt nr
- hmm.... til Oslofjord Brass
- Camilla til Oslo Brass
- bathrooms til nyheit: Berre Bjørsvik!
- Roy Hilmar Svendsen til KOMPLETT OPPTAK AV EIKANGER-BJØRSVIK
Arkiv
Kategorier
Meta