To Eikanger-bjørsvik gutar stikk innom

No er det nokon frå Eikanger-Bjørsvik innom her som eg sit. Torstein og Svein som begge spelar slagverk. Torstein: Det gjekk veldig bra, er veldig fornøyd. Svein: Og så er me veldig fornøyde med blogginga til no! (audmjuk takk herifrå)

Svein hadde forøvreg triangelslaget, og han seier det sat som ei kula. I alle fall opplevde det han det slik. Han avslører også at dirigenten rett og slett var skikkeleg glad.  Torstein brukar å drøyma mykje før NM. I fjor drøymte han at alt gjekk til helvete, då vann dei. I år har han drøymt at det går bra. Svein har hatt fleire abstrakte mareritt før NM fortel han, der ingenting går som det skal. Triangelen glepp ut av hendene, paukene trillar ut av grigehallen etc. Begge gutane er blide som sola sjølv, og fryktar ingenting, untatt Stavanger Brass pittelitt, jo litt. ok. Hadet seier dei og fyk lette og galde avgarde – og no er det Oslofjord!

Dette innlegget ble publisert i Ukategorisert. Bokmerk permalenken.

En kommentar til To Eikanger-bjørsvik gutar stikk innom

  1. Mona sier:

    Beste guttene Torstein og Svein 😀 Hilser masse til alle kjente i Eikanger-bjørsvik, og ønsker dere lykke til i dag 😀 <3

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *