The Kills live på Coachella-festivalen 2010.

The Kills live på Coachella-festivalen 2010.

Videorama!

Sjå nye musikkvideoar frå The Kills, Mogwai, Does It Offend You, Yeah med fleire i vekas oppsummering!

Skrevet av:
Publisert 13:05 11 februar, 2011

Vekas videorama begynner med ein oppfordring: Gå til IMDb og sjå videoen til The Black Keys’ «Howlin For You». Ein herleg liksom-trailer til ein ikkje-eksisterande, men rå, actionfilm. Plottet er som følger:

Alexa Wolff, a sexy assassin with a troubled past, unknowingly falls in love with the man who killed her father. He is not her first love, though. Two other men came before. But they would not have her. Now, all grown up with an appetite for revenge, Alexa’s leaving a trail of bloody corpses and broken hearts in her wake.

Lydverkets anmeldar lot seg ikkje fullstendig riva med av Mowais siste album Hardcore Will Never Die, But You Will.  Videoen til «Mexican Grand Prix» er det likevel lite å utsette på:


(Via NME)

Jamie Hince og Alison Mosshart i The Kills er på veg med nytt album. Blood Pressure er ute i begynnelsen av april, og videoen til singelen «Satelite» kan du sjå under. Flott Natural Born Killers-stil på det heile:

(Via CoS)

Flying Lotus har regissert Erykah Badu sin siste video, og det er ikkje ein dårleg utført jobb heller. Badu flyt gjennom eit blueprint-fabrikklandsskap, til tonane av «Gone Baby Don’t Be Long» frå hennar siste plate New Amerykah Part Two: Return of the Ankh.


(Via Pitchfork)

Does It Offend You, Yeah er på veg med oppfølgaren til You Have No Idea What You’re Getting Yourself Into frå 2007. Singelen «The Monkeys Are Coming» har ein fersk video å visa til – riktignok lite anna enn bandet som speler låta for eit lite, og lite entusiastisk, publikum, men moro lell:


(Via SkoA)

Du har kanskje fått med deg Tyler The Creator sin remix av Lykke Lis «I Follow Rivers» – viss ikkje, høyr her. I april kjem han med sitt andre soloalbum, med blant anna denne låta inkludert:


(Via Pigeons & Planes)

James Vincent McMorrow er eit navn du kan notera deg om du liker behageleg singer/songwriter pop à la Bon Iver og Iron & Wine. Frå hans debutplate Early In The Morning kjem »This Old Dark Machine», som du ser videoen til her:


(Via SKoA)

Las Vegas-bandet Panic! At The Disco slapp video til låta «The Ballad Of Mona Lisa» denne veka. Me kan med ein gong slå fast at det verken er mangel på teatralske effektar eller augesminke der i garden.


(Via Pop In Stereo)

Del "Videorama!"
 

1 kommentar på “Videorama!”

  1. Alex sier:

    Norske Philter med video til debutsingelen «Revolver»

    http://www.youtube.com/watch?v=b24ALjuvR3M

Legg igjen en kommentar