Spotify utfordrar iTunes

Det går rykter. Rykter som kan gjera det mogleg for Spotify (du veit, den flotte musikk tjenesten) å overgå sjølvaste iTunes.. Og eit rykte handlar om Spotify og mobiltelefonar… Det eine ryktet går på noko som vil gjere dei fleste folk som lastar ned musikk glad. Det ryktast nemleg at ein skal kunne lovleg laste […]

Skrevet av:
Publisert 21:29 10 mai, 2009

Det går rykter. Rykter som kan gjera det mogleg for Spotify (du veit, den flotte musikk tjenesten) å overgå sjølvaste iTunes.. Og eit rykte handlar om Spotify og mobiltelefonar…

Det eine ryktet går på noko som vil gjere dei fleste folk som lastar ned musikk glad. Det ryktast nemleg at ein skal kunne lovleg laste ned så  mange låtar som ein berre måtte ynskje frå Spotify. Iallefall nesten. Men det er såklart ein pris å betale. Brukarar som ynskjer å laste ned musikk frå Spotify må berre ut med ein nett sum med pengar. Og etter det vi har høyrt så skal det vere ei avgift på £9.99. Og det er jo ikkje særleg mykje å punge ut for, når du får full tilgang til eit musikkarkiv med 6. millionar låtar. Og avtalen seier då at ein vil få moglegheit til å laste ned MP3 filer med høg kvalitet. Tjah, luktar det konkurranse for Apple og iTunes her, eller?

I tillegg har sjefen sjølv, Daniel Ek, bekrefta at det vil komme ein tilleggsfunksjon for mobiltelefona, der ein vil kunne laste ned og lage spelelister direkte på mobiltelefonen. Og det er jo noko alle som har blitt forelska i Spotify har drøymt om. Eller kva?

Så, vad tycks? Oppsig eller nedsig? Bra eller dårleg?

Tags: , , , ,

Del "Spotify utfordrar iTunes"
 

5 kommentarer på “Spotify utfordrar iTunes”

  1. Holten sier:

    Tja, sidan iTunes ga opp DRM, har rettigheitshavarar liten grunn til å kreve at andre tenester ikkje skal kunne vera like frie.

    Den einaste innvendinga mi er at MP3 er langt frå det likaste valet for lydkomprimering. Så vidt eg har skjønt er den utstrima musikken frå Spotify Ogg Vorbis q5-komprimert, som er noko meir plassøkonomisk enn MP3.

    Eit anna spørsmål er om det er så mykje å hente på sal (eller heiter det fortsatt lisensiering?) av enkeltfiler. Dersom Spotify kjem på mange plattformar – og får lagt inn att dei artistane og albuma som vart fjerna i februar – er det ikkje så mykje vits i å ha mediafilene liggande og ta opp plass lenger.

    Dette er nok eit steg i retning av dei store skyene. Holten likar dette.

  2. snuten sier:

    Det er jo topp!
    Men jeg gleder meg vel mer til at den radioen der blir mulig å konfigurere mer etter eget ønske. F.eks spill musikk fra disse 43 artistene. eller mer spesifikke sjangere.
    Nå er det vel bare å vente til Herr Ek & co blir kjøpt opp for 1000 fantasillioner…

  3. skrammel sier:

    oppsig!

  4. Trine sier:

    inviter deg selv til Spotify her:
    http://spotify.mikromann.net/

  5. eg trur mikromann er ferdig å dele ut invitasjonar, om eg ikkje tar heilt feil?

Legg igjen en kommentar