Vinni. Promobilete.

Vinni. Promobilete.

Sniklytt: Vinni

I år er det ti år sida Vinni slapp sine første singlar med Paperboys. No jobbar Vinni med sitt andre soloalbum, som er hans første på norsk.

Skrevet av:
Publisert 13:25 3 august, 2011

For ti år sida slapp Vinnie og Jarle «J.J.» Holleruddei to første singlane med Paperboys, ”It`s Paper” og ”Moving Up”. No jobbar Vinni med sitt andre soloalbum, som er hans første på norsk. I eit halvt år har Vinni jobba tett med dei svenske produsentane Patrik Collén og Astma, og første sporet ”Medisin” er ferdig.

Sjølv seier Øyvind ”Vinni” Sauvik om songen: ”Det er ein seig og fin Collén-beat med Tor Egil Kreken på bass. Ein liten dengare for å venne meg (og andre) til norsken. Tekstmessig er det som vanleg litt rølp og litt rettskriving..”

Du får sniklytta til ”Medisin” her, men første offisielle singel kjem ut i september. Med seg på plata får også Vinni drahjelp av fleire kompisar, og allereie no kan me røpe at Tschawe og Timbuktu mest sannsynleg er to av desse.

Lytt til Vinni sin nye song «Medisin» her:Vinni – Medisin

Tags: ,

Del "Sniklytt: Vinni"

Legg igjen en kommentar