Popens utvikling

Popens utvikling

Lyst til å høyra fem sekund frå kvar einaste popsong som har toppa Billboard-lista frå 1956 til 1992? Det er mogleg.

Skrevet av:
Publisert 11:00 23 februar, 2011

Hugo Keesing, tidlegare amerikansk universitetsundervisar og popmusikkentusiast, har brukt beundringsverdig mykje av si tid til å samla saman noko han kallar Chartsweep: Ei samansetjing av samtlege låtar som har toppa den amerikanske Billboard-lista i ein periode på 50 år.

Med fem sekund frå kvar hit kan den tolmodige musikkelskar få eit unikt blikk inn i utviklinga av populærmusikken – frå 50-talets rockabilly og heilt fram til 90-talet, då hip hop og powerballadar hadde fått sitt fotfeste.

Mp3-filen byrjar med Dean Martins «Memories Are Made Of This» frå januar 1956, og sluttar med Whitney Houstons megahit «I Will Always Love You». Skal du høyra gjennom dei to delane i sin fulle lengde tek det deg 74 minutt, men utvilsamt ein fin sak å skippa gjennom.

Tags: , , , ,

Del "Popens utvikling"
 

2 kommentarer på “Popens utvikling”

  1. [...] This post was mentioned on Twitter by NRK Lydverket, Kai Olav Ellefsen. Kai Olav Ellefsen said: Kult! Fem sekund fra hver låt som har toppa Billboard-lista fra 1956 til 1992: http://www.nrk.no/lydverket/popens-utvikling/ [...]

  2. Dra-på-Lopphavet sier:

    Herlig gjenhør, men alt i ett strekk ble for stressende.

Legg igjen en kommentar