Ny, bergensk platedebutant

Myrna Braza blei nominert til by:Larm-stipendet i 2005, det samme året spelte ho også på Quartfestivalen og i fjor blei ho kåra til Ukas Uørt på P3. Men så blei det stilt rundt bergenseren. Heilt fram til ca, no. For denne veka kom det vi kanskje kan kalle den “offisielle debuten”, med den første singelen […]

Skrevet av:
Publisert 13:55 8 februar, 2009
Foto: MySpace/  Christin E. Holte

Foto: MySpace/ Christin E. Holte

Myrna Braza blei nominert til by:Larm-stipendet i 2005, det samme året spelte ho også på Quartfestivalen og i fjor blei ho kåra til Ukas Uørt på P3. Men så blei det stilt rundt bergenseren. Heilt fram til ca, no.

For denne veka kom det vi kanskje kan kalle den “offisielle debuten”, med den første singelen “Free As A Bird” frå plata med samme namn. Pluss musikkvideoen som høyrer til. Og dermed kan vi føre eit nytt navn til den nye Bergensbølgen.

På plata som snart kjem ut på eigen etikett, har Myrna fått med seg sin filipinske far som bidragsyter. Han spelar faktisk gitar på dei fleste låtane, pluss at han også er å sjå i musikkvideoen. I tillegg er også søstra Belinda Braza med som koreograf.

Om plata så seier ho sjølv til 730 at låtane strekker seg over eit vidt spekter, men at ein likevel får kjensa av heilhet. Og at det er opp til lyttarane å sjangersette ho, for ho lagar musikk til det ho følar der og då. Men at ein lett kan høyre at ho er inspirert av soulmusikken.

Dette er den nye, ferske musikkvideoen til «Free As A Bird»:

[youtube HDR8CBIRmPc]

Tags: , , , , ,

Del "Ny, bergensk platedebutant"

Legg igjen en kommentar