Lucifers ungdom

Lucifers ungdom

WU LYF er siste band ut frå den engelske hypemaskina. Bli litt betre kjend med den hemmelighetsfulle gjengen her.

Skrevet av:
Publisert 10:41 31 mars, 2011

Manchesterbandet WU LYF (World Unite/Lucifer Youth Foundation) har halde seg (kalkulert) mystiske heilt sidan diverse bloggar og britiske musikkmagasin plukka dei opp som eitt av banda ein burde følgja med på i 2011. Dei gjer ikkje intervju, og debutplata «Go Tell Fire To The Mountain» vert gitt ut på deira eige selskap, Lyf Recording, til trass for stor interesse for bandet frå britiske plateselskap. Og ja, dei går med tørkle framfor ansikta på alle bilete.

Sjølv om desse bileta ofte viser ei større gruppe, består bandets kjerne av fire medlemmer. På heimesida si omtaler dei musikken dei speler som heavy pop, så ikkje bli alt for skremt av dei djevelske namnet. WU LYF går likevel ikkje av vegen for bibelske undertonar og kvasireligiøsitet, verken i musikken eller i myta dei så gjerne ynskjer å skapa rundt seg sjølve.

Men før du blir alt for irritert av sjølvhøgtidelege gimmicks: Ta ein titt på bandets to offisielle videoar, og kjenn etter om dette ikkje er eit band du kan begynne å like likevel.

«L Y F»:

«Spitting It Concrete Like The Golden Sun God»:

Sjå også Spike Jonze, Ty Evans og Cory Weincheques legendariske skatevideo «Fully Flared», tonesatt av WU LYFs «Heavy Pop»:

Go Tell Fire To The Mountain vert gitt ut 13. juni i Storbritannia.

Tags: , , , ,

Del "Lucifers ungdom"
 

3 kommentarer på “Lucifers ungdom”

  1. Jarand sier:

    Dette er jo fantastisk!

  2. [...] sjå dei på Øyafestivalen i Oslo. Under ser du videoen til “Dirt”, medan du kan gå hit for å sjå og høyra meir frå [...]

  3. [...] sjå dei på Øyafestivalen i Oslo. Under ser du videoen til “Dirt”, medan du kan gå hit for å sjå og høyra meir frå [...]

Legg igjen en kommentar