Jack White tar nye sidevegar

Det er ikkje uvanleg at Jack White tar ein avstikkar frå det «faste bandet», The White Stripes som han har saman med Meg White. For i dei siste åra har vi jo både sett han saman med gjengen i The Raconteurs og souldivaen Alicia Keys. Og no har Jack igjen nye leikekameratar… Og som vanleg […]

Skrevet av:
Publisert 9:00 14 mars, 2009
Foto: thedeadweather.com

Foto: thedeadweather.com

Det er ikkje uvanleg at Jack White tar ein avstikkar frå det «faste bandet», The White Stripes som han har saman med Meg White. For i dei siste åra har vi jo både sett han saman med gjengen i The Raconteurs og souldivaen Alicia Keys. Og no har Jack igjen nye leikekameratar…

Og som vanleg så er det ikkje heilt ukjente personar mr. White omgås med. Det nye sideprosjektet hans som opererar under namnet The Dead Weather, består nemleg av The Kills sangerinna Alison Mosshart, Dean Fertita frå Queens of the Stone Age, Jack Lawrence frå Whites og The Raconteurs og så Jack White såklart. Luktar det supergruppe eller hur?

The Dead Weather skal vere igang med eit album, som med tittelen Horehound forventas å bli utgitt til juni. Og det er Jack sjølv som har stått bak spakane. Det heile blir sparka igang av singel låta «Hang You Up From the Heavens» som du kan lytte til her.

Tags: , , , , , , , , , , , ,

Del "Jack White tar nye sidevegar"
 

1 kommentar på “Jack White tar nye sidevegar”

  1. [...] et par måneder siden skrev vi om det nye sideprosjektet til Jack White, The Dead Weather. Supergruppa med medlemmer fra blant andre The Kills og Queens of [...]

Legg igjen en kommentar