Introducing Palace Players

Som tidlegare nemnt, så er det no berre ca. tre månadar til Mew sitt etterlengta album er å få kjøpt. Plata med den ekstremt lange og poetiske tittelen har realisedato den 17 august, men alt no kan du høyre første smakebit frå No More Stories Are Told Today I’m Sorry They Washed Away No More […]

Skrevet av:
Publisert 9:22 30 mai, 2009

mewquart

Som tidlegare nemnt, så er det no berre ca. tre månadar til Mew sitt etterlengta album er å få kjøpt. Plata med den ekstremt lange og poetiske tittelen har realisedato den 17 august, men alt no kan du høyre første smakebit frå No More Stories Are Told Today I’m Sorry They Washed Away No More Stories the World Is Grey I’m Tired Let’s Wash Away.

Den nye låta, «Introducing Palace Players», som også er ein singellåt er i kjent landskap rundt det danskane har gjort tidlegare. Kanskje ikkje like episk som mange av låtane frå dei tidlegare platene har vore. Men det er nok ikkje farleg,  Mew-fansen vil nok digge det nye materialet like vel. Litt forandring er jo berre fint.

Låta kan du høyre på Mew si relanserte MySpace side, der dei også har lagt ut ei videodagbok eller ein liten sitcom som dei sjølv kallar det. Kor ofte ein vil få nye episodar er noko varierande, sidan det er eit litt travelt band vi har med å gjere. Men det er sendt ut lovnadar om at fleire episodar vil dukke opp på sidene. Når dei har tid til det.

Men først, nyt låta. Og fyr laus i kommentarfeltet, om det er sterke meiningar og ytringar ute å går. Eller berre om du har noko lite på hjartet.

Tags: , , , , , , ,

Del "Introducing Palace Players"
 

3 kommentarer på “Introducing Palace Players”

  1. Kasper sier:

    Endelig er Mew tilbake!

  2. M sier:

    Tøff sang:P

  3. Mew 2 sier:

    Fantastisk å høre at Mew er tilbake igjen, de skeive trommerytmene skiller seg ut må jeg si, på en god måte:D

Legg igjen en kommentar