Hypp på å spele på festival?

Raumarock skal i år som i fjor la fem ‘ukjente’ band få spele under sommarens festival på Åndalsnes. Konkurransen Øresus gir alle band som har lyst, ein sjanse til å spele på ei stor scene for eit større publikum. Og har du eit band som du vil vise fram? Då burde du lese vidare.. Vinnarane […]

Skrevet av:
Publisert 13:09 13 januar, 2009
Foto: Raumarock/ Joar Rødhammer

Foto: Raumarock/ Joar Rødhammer

Raumarock skal i år som i fjor la fem ‘ukjente’ band få spele under sommarens festival på Åndalsnes. Konkurransen Øresus gir alle band som har lyst, ein sjanse til å spele på ei stor scene for eit større publikum. Og har du eit band som du vil vise fram? Då burde du lese vidare..

Vinnarane av fjorårets Øresus fekk spele rett før irske Ash og Kaizers Orchestra, og etter artistar som Bare Egil Band og Ida Maria. Og det må då vere ganske kult for eit band som ikkje er så kjent, eller som er up and coming. Og kanskje ein får fleire spelejobbar etter denne? Om du blir ein av dei fem, då.

For å delta i konkurransen må du eller bandet ditt sende inn ei låt i MP3 format. Når alle bidraga er inne, blir opptil 25 låtar plukka ut og lagt ut på heimesidene til Raumarock for nedlasting og avstemming. Og dei fem artistane/ banda som får flest stemmer får spele på festivalen fredag 7. august. Deretter plukkar ein uavhengig jury ut ein vinnar, som får spele rett før headlinaren på hovudscena om laurdagen. I tillegg til at det også vert lovd ein flott premie til vinnarane. Spennande!

Banda som til no er er klare for festivalen er Valentourettes, Superfamily, Tommy Tokyo & Starving For My Gravy, Paperboys, Ingrid Olava og Skambankt. Mest sannsynlig er ikkje dette ukjente navn for dei fleste. Og fleire navn kjem nok på plakaten etter kvart.

Fristen for å vere med i konkurransen er 15. februar. For meir informasjon burde du stikke innom her.

Tags: , , , ,

Del "Hypp på å spele på festival?"

Legg igjen en kommentar