Gjengen i <I>Glee</i> opplever enorm suksess med sine coverversjonar av kjente låter for tida. Foto: Promo

Gjengen i Glee opplever enorm suksess med sine coverversjonar av kjente låter for tida. Foto: Promo

Green + Glee + Grammy = suksess

Det er gått nesten eit halvt år sidan «Fuck You» vart gitt ut. Og den er meir populær enn nokon gong.

Skrevet av:
Publisert 12:13 10 februar, 2011

Mange hadde Cee-Lo Greens »Fuck You» på si liste over 2010s beste låter. Men sjølv om den vart ein øyeblikkeleg suksess på YouTube etter at den vart lansert i august ifjor, med meir enn to millionar treff den fyrste veka, plasserte den seg i fyrste omgang ikkje høgare enn 18. plass på Billboard si offisielle salsliste. På grunn av streng amerikansk språkpolitikk kunne heller ikkje originalversjonen spelast på radio, og den atskillig tammare «Forget You»-versjonen blei ikkje nødvendigvis ein favoritt hjå radio-djane.

Sjå den offisielle musikkvideoen til «Fuck You»:

No melder likevel  Billboard at «Fuck You» opplever ein ny vår, med god hjelp frå to massive maktbastionar innan musikkbransjen: Tv-serien Glee og den amerikanske musikkprisen Grammy. Glee, som er basert rundt eit high school-musikalkor, covra nemleg låta – clean version, sjølvsagt – i november i fjor, med Gwyneth Paltrow på vokal. Denne versjonen gjekk rett inn på 11. plass på Billboard-lista – ein høgare plassering enn orignalen nokonsinne hadde oppnådd, med andre ord. Den enorme merksemda rundt Gwyneth Paltrows gjesterolle, og dei påfølgande gode seertala for episoden, gagna likevel Cee-Lo: Hans versjon skaut opp på 9. plass den same veka.

Sjå Gwyneth Paltrow og Glee sin versjon av «Forget You» her:

Knappe to veker seinare, 1. desember, vart Cee-Lo Green nominert til fire Grammy-prisar – mellom anna Årets song for «Fuck You (Forget You)». No begynte radiostasjonane å vakna. Då dei testa populariteten til låta blant lyttarane, var responsen enorm – folk kjente den igjen enten frå Glee eller frå YouTube. I ein versjon eller annan vert no «Fuck You» spelt meir enn nokongong før på amerikansk radio.

Populariteten kjem neppe til å dala etter helgas Grammy-utdeling - då skal nemleg Cee-Lo Green og Gwyneth Paltrow framføra låta saman.

Tags: , , , , ,

Del "Green + Glee + Grammy = suksess"

Legg igjen en kommentar