Gjenopplev magien!

Fekk du ikkje med deg førre vekes P3session med Michael Kiwanuka? Eller vil du kanskje gjenoppleva magien? Her kan du i alle høve sjå to av låtane han spelte hjå oss.

Skrevet av:
Publisert 14:11 12 mars, 2012

Det var litt av ein seanse Michael Kiwanuka, årets store namn på den britiske soulfronten, serverte for eit heldig publikum på Pigalle på Grønland førre onsdag. Med fullt band i ryggen, og tusenvis av radiolyttarar i den andre enden av mikrofonen, sørga han for å gjera årets fyrste P3sessions til ei beint fram nydeleg musikalsk oppleving, som meir enn éin gong lokka fram gåsehuda blant tilhøyrarane.

Les også: - Det kuleste stedet jeg har vært

Om du ikkje satt klar foran radioapparatet, verken under direktesendinga eller reprisen, kan du trøysta deg med at det ikkje berre var radioteknikarar, men også kamerafolk til stades i lokalet.

Takka vera dei kan du no både sjå og høyra «Tell Me A Tale» øvst i denne saka, og under får du med deg tittelsporet frå det debutalbumet Home Again.

Dei to låtane er ikkje eit dårleg utgangspunkt for å få augene opp for musikaren og låtskrivaren Michael Kiwanuka. Medan jazz- og jamrøttene slyngar seg tett kring (den for høvet drygt elleve minutt lange) «Tell Me A Tale», viser «Home Again» fram ei meir dempa og tradisjonelt melodisk side av artisten. Om du liker det du høyrer, er det berre å kasta seg over nemnde Home Again – det er ute no.

«Home Again»:

Meir av Michael Kiwanuka får du i denne vekas Lydverket. I same sending vert det òg vinylmimring med reporter Njål Engeseth, og svenske  Laleh speler live. Skru på NRK2 kl. 20.45 på onsdag!

Tags: , , , , ,

Del "Gjenopplev magien!"
 

2 kommentarer på “Gjenopplev magien!”

  1. Topp artist,lenge siden jeg har hørt slik en behagelig stemme og blues på gitar.Anbefales.

Legg igjen en kommentar