Frå viral til virkelig

Frå viral til virkelig

YouTube-fenomen inntar talkshows, Billboardlista og studioet til David Guetta.

Skrevet av:
Publisert 15:03 26 januar, 2011

Frå tredemøllevideoar til lonelygirl15 – YouTube har ei heilt eiga sfære av superstjerner og legendar. Justin Bieber, Lady Gaga og Twilight-trailerar ligg riktignok høgt oppe på visningsstatistikken, men ein sann internettmeme er adskillig meir obskur enn som så. Klassikarar som «Charlie Bit My Finger», «Leave Britney Alone» og «Leeroy Jenkins» har blitt så populære at våre eigne mødre mailar oss linkar, medan OK Go og Susan Boyle på si side er artistar som kan takka megapoplære YouTube-videoar for mykje av sin suksess.

Så då er det kanskje ikkje så rart at resten av underholdningsindustrien har begynt å skjønna kva dei har å tena på å linka seg opp mot kjente internettfenomen. Sist ut er superprodusenten David Guetta, som har fått alles favorittmimar Keenan Cahill til å gå gjennom sine største hits. Hadde me syns dette var noko anne enn veldig kleint for fem år sida? Antakeleg ikkje.

 

No er det ikkje berre Guetta som har fått auga opp for Keenan. 50 Cent er forlengst fan:

Også talkshowvertar omfamnar dagens YouTube-sensasjonar. Nyleg gjesta far/dotter Jorge og Alexa Narvaez Ellen Degeneres for å framføra sin etterkvart berømte versjon av Edward Sharpe And The Magnetic Zeros «Home».

Ser ein vekk frå profesjonelle musikkvideoar, var det ingen YouTube-videoar som var meir populære enn Antoine Dodsons «Bed Intruder Song». Etter å ha blitt gjort tilgjengeleg på iTunes gjekk låta inn på Billboard-lista, og vart også ein ynda del av repertoaret til diverse a capella-kor:

I hine hårde (2007 )vart internett satt på hovudet av Eli Porter, seinare kjent som «The Greatest MC Of All Time». Hans noko spesielle stil oppnådde fort kultstatus, og Porter sto bak catchphrases som «I’m the best mayne» og «I deeed it». Blant utallige remixar finn me dette samarbeidet med Lil Wayne:

Rekorden for antall memereferansar er det nok likevel Weezer som står for, med videoen til «Pork And Beans» frå 2008. «Shoes», «Numa Numa», «Chocolate Rain» , «Miss South Carolina Teen 2007″, «Evoulution Of Dance» – det er her alt saman, saman med veldig mykje meir.

Del "Frå viral til virkelig"
 

1 kommentar på “Frå viral til virkelig”

  1. [...] This post was mentioned on Twitter by jeanetteostrand, Maria Gjerpe. Maria Gjerpe said: Verden er for alle. I alle fall i femten minutter. Go youtube! http://bit.ly/gwLInO [...]

Legg igjen en kommentar