http://www.nrk.no/lydverket/wp-content/uploads/2012/03/newyork.jpg

http://www.nrk.no/lydverket/wp-content/uploads/2012/03/newyork.jpg

Det beste av New York

Kva er dei beste songane skrive om The Big Apple? Time Out Magazine har eit forslag.

Skrevet av:
Publisert 10:00 10 mars, 2012

Jay-Z og Alicia står bak den beste New York-låta av dei alle, ifølgje Time Out.

Det er vel knapt nok nokon by som har fått namnet sitt knytt opp mot fleire songar enn New York City. Magasinet Time Out har no tatt på seg oppgåva å plukka ut dei 100 beste av desse – og endt opp med ei ganske så divers liste.

Kriteria var enkle: låta måtte «be specifically and explicitly about some aspect of NYC, be it good, bad or ugly».

Av alle låtar som nokon gong har vorte skrive om ein by, handlar ein ikkje ubetydeleg del om New York City. Det var såleis ikkje ei så reint lita oppåve magasinet Time Out tok på seg då dei bestemte seg for å plukka ut dei 100 beste.

Både vaskekte newyorkarar, som The Ramones, Wu-Tang Clan og Jennifer Lopez, og mindre ekte, som Sting, Nina Hagen og U2, har kome seg inn på lista.

Også norske byar har vore ei ynda inspirasjonskjelde for musikarar opp gjennom åra. Seinast førre månad trakk Knut Schreiner den norske bylåta fram i lyset, då han i ein kommentar i Bergens Tidende argumenterte for at hovudstaden er langt betre ystilt enn Bergen når det gjeld tilfanget av bylåtar.

Og Oslo-buarane har jo ein del å ta av, enten dei vil føla på patriotismen eller agget; Lillebjørn Nilsen, deLillos, Jokke Nilsen, Kåre & The Cavemen, of Montreal, Turboneger og Bigbang er berre nokre av dei som har skrive låtar med den norske hovudstaden i tankane.

Har du ein personleg favoritt blant norske eller utanlandske by-anthems? Skrik ut i kommentarfeltet!

Under ser du kva for ti New York-låtar Time Out enda opp med å rangera som dei aller beste – heile lista kan du lese her. Det er og satt saman ei Spotify-liste med alle låtane.

:10

Leonard Cohen, “Chelsea Hotel No. 2” (1974)

Cohen skal ha angra på at han avslørte at denne denne låta handla om Janis Joplin, og deira korte forhold. Han kan trøysta seg med at nokon framleis meiner den handlar mest om New York, og ikkje minst det legendariske Chelsea Hotel. 

Høyr låta her!

:10

9. Ryan Adams, “New York, New York” (2001)

Tekstlinja «I still love you, New York», traff mange rett i hjartet hausten 2001. Det same gjorde videoen til låta, spelt inn få dagar før terroråtaka 11. september. «New York, New York» vart også starten på Ryan Adams verkelege mainstream-suksess som soloartist.

:10

Grandmaster Flash and the Furious Five, “The Message” (1982)

Byen viser seg ikkje frå si beste side i denne hip hop-klassikaren, som har avla den udødelege linja «Don’t push me ’cause I’m close to the edge».

Høyr låta her!

:10

Leonard Bernstein with the Columbia Symphony Orchestra, “Rhapsody in Blue” (1959)

Woody Allen valde å bruka denne George Gershwin-komposisjonen frå 1924 i opningsscena til Manhattanmeir New York enn det vert det vel knapt.

Høyr låta her!

:10

Lou Reed, “Walk on the Wild Side” (1972)

Reed, født og oppvaksen i Brooklyn, hentar inn eit brokete persongalleri for å spegla noko av mangfaldet i byens undergrunn.

Høyr låta her!

:10

Billie Holiday, “Autumn in New York” (1952)

Lady Day står for ein av dei mest ikoniske tolkingane av denne jazzstandarden, opphaveleg skrive for musikalen Thumbs Up frå 1934.

Høyr låta her!

:10

LCD Soundsystem, “New York, I Love You but You’re Bringing Me Down” (2007)

Det var denne fantastisk ambivalente kjærleikserklæringa som enda opp med å runda av LCD Soundsystems avskjedskonsert i Madison Square Garden i fjor vår. Henta frå albumet Sound of Silver frå 2007.

Høyr låta her!

:10

Beastie Boys, “No Sleep Till Brooklyn” (1986)

Med Kerry King på gitar og ein Motörhead-referanse som tittel, skulle ein kanskje ikkje trudd at dette var ein kvintessensiell New York-låt. Men det er det altså.

:10

Frank Sinatra, “Theme from New York, New York” (1980)

Eigentleg var det Liza Minelli som framførte denne låta i filmen New York, New York frå 1977, men det var fyrst då Frank Sinatra greip fatt i den nokre år seinare at det verkeleg tok av.

Høyr låta her!

:10

Jay-Z with Alicia Keys, “Empire State of Mind” (2009)

Nokon som er overraska?

Tags: , , , , , , , , , , , , , ,

Del "Det beste av New York"
 

3 kommentarer på “Det beste av New York”

  1. Anonym sier:

    Prefab Sprout – Hey Manhattan!

  2. Edward Richmont Hansen sier:

    Sonic Youth! Går ut ifra at grunnen til hvorfor de ikke står øverst på denne lista, skyldes en glipp i systemet? Sounden deres er jo nærmest et abstrakt dokument over New York´ urbane landskap, i form av en bevissthetsutvidende pulserende sky av støy. I særdeleshet er Washing Machine albumet skapt som et nyansert stemningsmaleri i audioformat over New Yorks gater, fra suburbia til Manhattan. De av dere som har brukt noen uker på å gå gjennom New York med denne på øret kan nok relaterere her. New York triologien som kom litt senere har definitivt også disse kvalitetene hva persepsjon og stemning angår. Murray Street albumet er kanskje den av de tre som er aller mest tatt på kornet når det kommer til å «male» opp stemningen over New York. Man kan virkelig kjenne luktene og pulsen av byen hvor det hele er sydd sammen av historier fra byens alle hjørner, ikke ulikt Velvet Underground, men fortalt med en annen generasjons stemme. Og det er nok ingen som har gjort det bedre enn disse to!

    http://www.youtube.com/watch?v=VpfZ60wqyUo&feature=related

Legg igjen en kommentar