Danskane melder om ferdig program

Roskilde Festival kunne før helga friste med 74 nye navn til årets festivalprogram. Alt i alt er det til no 151 navn frå nesten alle kontinent, fordelt på sju scener klistra på plakaten. Her er ein mini-oversikt over kva du kan få med deg på ein av europas største festivalar til sommaren. Den største overraskelsen […]

Skrevet av:
Publisert 10:00 18 april, 2009
Danske Mew er eit av mange band som skal spre magi på årets Roskilde Festival Foto: MySpace

Danske Mew er eit av mange band som skal spre magi på årets Roskilde Festival Foto: MySpace

Roskilde Festival kunne før helga friste med 74 nye navn til årets festivalprogram. Alt i alt er det til no 151 navn frå nesten alle kontinent, fordelt på sju scener klistra på plakaten. Her er ein mini-oversikt over kva du kan få med deg på ein av europas største festivalar til sommaren.

Den største overraskelsen i Roskilde sitt store slepp på torsdag, var kanskje Nick Cave som også besøkte festivalen i fjor sommar. Då hadde han med seg «nye» bandet Grinderman, medan det i år er The Bad Seeds som får vere med til Danmark.

Ein anna spennande booking er dama som også har bakgrunn som supermodell og skodespelar. I tillegg til å bli omtalt som eit ikon og ein legende. Dama er ute med sitt første album på 20 år. Tar du den no? Oh yes, ingen ringare enn Grace Jones skal gjere festivalfolket utrygge!

I tillegg til desse to ganske kule namna er blant andre Lucinda Williams, Lil Wayne, Mew, Glasvegas, White Lies, Fever Ray, Slipknot, The Mars Volta, Oasis, Coldplay, Kanye West, Jenny Wilson, Yeah Yeah Yeahs og ei rekke andre artistar også klare for festivalen.

Resten av artistane kan du jo sjekke ut her, om du er hypp på ein tur til det flate nabolandet vårt i sommar.

Tags: , , , , , , , , , , , , , , , , , , , ,

Del "Danskane melder om ferdig program"

Legg igjen en kommentar