Cee-Lo usensurert

Cee-Lo usensurert

Ikkje alle riksdekkande fjernsynskanalar er like lause i snippen som NRK. Cee-Lo må på kabel-tv for å kunne sei «Fuck You» – og han elsker det.

Skrevet av:
Publisert 13:23 11 november, 2010

Cee-Lo Greens «Fuck You», frå det nyleg utgitte albumet The Lady Killer er i vinden for tida. Ikkje berre har sjølvaste William Shatner gjort ein uforgløymeleg versjon, det er også klart at Gwyneth Paltrow skal covra låta i den superpopulære tv-serien Glee. Ikkje med orginal tekst, riktignok: «Fuck You» blir til «Forget You» når den skal kringkastas  på den riksdekkande tv-kanalen Fox.

Les Lydverkets anmeldelse av The Lady Killer her!

Som kjent går ein hardt inn for å avgrensa bruken av firebokstavarsord i USA, og Cee-Lo har som alle andre vore nøydd til å bøya seg for sensuren. Opptredenen hans på David Letterman på mandag illustrerer poenget:

Gleda over å kunne synga ut på kabeltv blir desto større. Då Cee-Lo  gjesta Steve Colberts show «The Colbert Report», som går på Comedy Central, var det ingenting som holdt han tilbake frå den orginale teksten. Og dette var, heilt tydeleg, stor stas. Går det an å ikkje bli i godt humør av dette klippet?

For dei interesserte: Musikkvideoen til «FORGET You»:

Tags: , , , , ,

Del "Cee-Lo usensurert"

Legg igjen en kommentar