Drew Barrimore regisserer Best Coast. Promobilete.

Drew Barrimore regisserer Best Coast. Promobilete.

Best Coast får stjernehjelp

Drew Barrymore har regissert Grease-inspirert musikkvideo for Best Coast. Sjå teaser her.

Skrevet av:
Publisert 11:36 29 juli, 2011

Ein teaser frå Best Coast sin nye musikkvideo regissert av Drew Barrymore har blitt lagt ut på nett.

Californiabandet har også fått meir stjernehjelp. Hollywood-yndlingen Chloe Moretz viser seg i klippet til «Our Deal», som er siste singelen frå albumet Crazy For You. Promoen inneheld også cameo-opptredenar frå skodespelarane Alia Shawkat og Miranda Cosgrove, skodespelar og rappar, Donald Glover og Tyler Posey frå Teen Wolf. Premieren på videoen i sin heilskap skjer på MTV i USA i byrjinga av august.

Bethany Cosentino frå Best Coast har sagt til Rolling Stone at Barrymore kom opp med eit skikkelig kult konsept for videoen etter at dei to møttes etter ein konsert i Los Angeles.

Cosentino avslørte også at ho er godt i gong med planlegginga av bandets andre album:

- Eg har jobba med å finne ein måte å blande klassiske pop-greier med ei ny country-greie eg har utforska ein del i det siste, men det blir ikkje på noko vis ei country-plate. for eg trur mange folk blir skremde om eg seier det.
Sjekk ut teaseren under og gled deg til den tilsynelatande Grease-inspirerte videoen.

Best Coast-teaser regissert av Drew Barrimore

Det er ikkje første gongen Drew Barrimore har regi. Under kan du sjå traileren til hennar første spelefilm, «Whip it», som handlar om ei rebelsk jente frå Texas som byter krona frå skjønnhetskonkurransen med sporten roller derby, som for dei uinvidde er ein sport for uredde jenter på rulleskøyter.

Trailer til Whip It – regissert av Drew Barrimore

Del "Best Coast får stjernehjelp"
 

1 kommentar på “Best Coast får stjernehjelp”

  1. Pstereo sier:

    …og Best Coast spiller eksklusivt i Norge på Pstereo fredag 19. august! http://www.pstereo.net

Legg igjen en kommentar