Band of Bikers

Band of Bikers

Hestar er ut, motorsyklar er inn. Sjå Band of Horses sin splitter nye musikkvideo!

Skrevet av:
Publisert 10:28 16 november, 2010

I natt kunne IMDb presentera «Dilly», den siste videoen frå Band of Horses’ Infinite Arms. Det er ein herleg gjennomførst affære, regissert av Phillip Andelmann og filma i den californske ørkenen. Den soleklare inspirasjonen kjem frå 1960- og 1970-tals motorsykkelfilmar, med ei hard kjerne lovlause bikerar i hovudrollane.

Sjå videoen her!

Det morsomme med denne lanseringa er at bandet har strekt seg langt for å få fansen til å tru at «Dilly» faktisk er ein motorsykkelfilm frå 1960-talet. Det er laga ei eiga heimeside for filmen, der ein vert servert historia om at er at dette er ein «kultklassikar» frå 1967,  som ein trudde var tapt for alltid,  men som uventa dukka opp att og no er klar for relansering. Regissør skal vera ein viss Alphonse Solefarino. Og det er vanskeleg å nekta for at dette er ein film ein gjerne skulle sett:

Critically panned on its release, the film follows a motorcycle gang of ex-convicts that travel from town to town intent on doing one thing…ruining the lives of those that stand in their way. Alphonse is often credited with creating the first «metaphysically violent» film of its time. The anti-hero main characters often used mind over matter to inflict pain on their victims. .

Sjekk ut traileren her:

Band of Horses var på besøkte Lydverket seinast i haust, då dei spelte ein fantastisk P3-sessions for eit knippe heldige lyttarar. Tidlegare har dei  òg snakka med reporter Njål Engseth om albumet Infinite Arms:

Tags: , , ,

Del "Band of Bikers"

Legg igjen en kommentar