Nattevandring!

Solnedgang.JPG

Himmelen glir over frå kongeblått til raud-oransj med svake, rosa undertonar. Fem par fjellsko ruslar lett i sommarvarme, bergenske byfjell? og gjer seg klare for nattas høgdepunkt i naturens eige amfiteater: den fjetrande solnedgangen.

Avsendar: Monika Blikås

Ein genial idè blant jobbkollegaer resulterte i ei sommarnatt vi seint vil gløyme: oppmøte kl 21.00 med ryggsekk og kakao. Opp Ulriksfjellet (OK, eg innrømmer det: vi tok bana opp?kne-greier?) og la i veg på den vel fem timar lange fjellturen over til byens andre, berømte byfjell Fløyen.

Ulriksbana.JPG

Sommarnatta var sval og fin. Så herleg! Byfjella by night ? tørt og fint og så merkeleg lyst ? inntil dempa, oransjeaktige skuggar stille la seg over fjellkjeda og den disige kyststripa.

Med nistepakke og varm kakao sat vi ved foten av ein varde då sola sakte glei ned og forsvann ti over elleve ? fulgt av ein eksplosjon i varme, intense fargar over horisonten.

Utsikt.JPG

Men det raraste av alt… det var jo mange folk ute og gjekk på fjellet! Midt på natta! To lystige vandregjengar vart eit hyggeleg møte på turen, og tre svenskar rigga seg til for ei natt under open himmel. Kanskje ein idè for oss neste gang?

Damene varde.jpg

På neste fjelltur må vekkarklokka aktiverast ? då vil vi sjå soloppgangen i fire-tida!

Har du minner frå ein tur du seint vil gløyme? Skriv inn under her! 🙂

Dette innlegget ble publisert i Familietur. Bokmerk permalenken.

En kommentar til Nattevandring!

  1. Bjørg Langeland sier:

    Veldig bra innlegg. Dette er en flott tur, og man trenger ikke å være spesielt godt trent for å gå den. Hvis man vil ha med seg både solopp- og solnedgang kan man evt gå opp til Ulriken litt seinere, enten på kvelden, eller nærmere midtsommer.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *