Dette er en arkivert nettside

Siden blir ikke oppdatert, men den forblir offentlig tilgjengelig på nettet for historiske formål.

05.03.2014

NRK1 tirsdag 21. august 2012 kl 19.45 Fjelldronninga

Blant tindane i Romsdal


Bli med frå tind til tind fjellsportens vogge i mektige Romsdalen.

Norges yngste "Fjelldronning", den 15 år gamle Ingvill Aasheim, viser veg gjennom gjuv og over tindar når ho tar med øyajenta Jannicke Farstad (37) frå NRK inn i sitt rike.

Vil Jannicke også kunne kalle seg "Fjelldronning" når programmet er over?

For å kunne kalle seg "Fjelldronning" eller Fjellkonge" må ein kome seg opp på sju av dei høgste og mektigaste tindane i Romsdalen og legge fram eit bilde av seg sjølv frå kvar av toppane: Romsdalshorn (1550 moh), Store Vengetind (1852 moh), Store Trolltind (1788 moh), Kvanndalstind (1744 moh), Juratind (1712 moh), Kongen (1614 moh), Dronninga (1544 moh)

Det er Den Norske Fjellfestivalen med base på Åndalsnes i Rauma som har oppretta denne utmerkinga. Til no kan mellom 40 og 50 personar i Norge smykke seg med denne tittelen.

Ingvill Aasheim er dotter til den kjende eventyraren Stein P. Aasheim og klatreguruen Ragnhild Aasheim og har blitt tatt med på fleire turar enn dei fleste andre barn. Eit år med hundar som bestevener på ei fangshytte på Svalbard då ho var seks år har vore viktig for kven Ingvill er i dag. Ho var berre 12 år då ho blei Norges yngste Fjelldronning. Men det er ikkje berre gode minne frå alle turane – ho hugsar også mange tårer og mykje slit…

Jannicke Farstad jobber som programleiar i NRK Møre og Romsdal. Ho har reist rundt som reporter i fylket og sett på desse fjella lenge, utan heilt å vite om dei er noko som også ho kan klare å nå toppen av. Spørsmålet er om småturar i heimlege sunnmørsfjell er nok trening til å takle dei ville romsdalsfjella. Men Jannicke er målretta og har gode hjelparar…

Dette er ein film om fjelleldoradoet som omkransar Åndalsnes og ein draum om å bli "Fjelldronning". I Romsdalen ligg starten på Europas tindesporthistorie med sine farlege og mektige fjell som har lokka til seg mange eventyrarar, men som også har tatt liv.

To jenter i litt ulik alder skal ta deg med på ei sjarmerande reise i noko av Norges mest spektakulære natur, med fjellførar Hallvor Hagen og Stein P. Aasheim som viktige bidragsytarar mot målet.

Sendt tidligere.

Egenproduksjon
Kontaktin: Jannicke Farstad, NRK Møre og Romsdal, Mob: 93055078
Tv-seere bes kontakte Publikumsservice, tlf: 815 65 900