NRK1 søndag 2. september 2012 kl 20.55 Meisterklasse
Ei stjerne - to kjempetalent - tre dagar
![]() |
Klassisk musikk blir tatt ned frå scena og ut i det fri når Noregs klassiske meistrar blir personlege trenarar for unge, store talent. Den fyrste trioen er pianist Leif Ove Andsnes med sine to talent – Christian Sommerfelt og Julie Yuqing Ye. Dei har tre dagar på seg til å sette saman en stuntkonsert på jernbanestasjonen i Bergen.
Sju klassiske stjerneutøvarar vel seg kvar sine to unge talent og inviterer dei til i tre dagar med intens jobbing. Korleis er det å spele når den dei beundrar mest av alt høyrer på? Og kva med å spele konsert på ein stad du ikkje veit om før du bokstaveleg tala står på scena - eller jernbanestasjonen – eller skipsverftgolvet - eller kor det måtte være?
Meistrane har sjølv valt staden dei skal jobbe saman med talenta sine i tre dagar. Fyrste dagen får vi sjå nokre av verdas beste klassiske musikarar i aksjon som lærarar i øvingsrommet. For dei fleste talenta er det aller fyrste gongen dei får vist seg fram og spele for den dei ser mest opp til av alle. Andre dagen blir publikum invitert til ein meisterklasse for å sjå på medan meister og talent jobbar vidare med stykka sine. Tredje dagen har meisteren pønska ut ein uvanleg konsert på ein stad talenta ikkje veit om.
Meisterklasse sine læremeistrar er Leif Ove Andsnes (piano), Øystein Baadsvik (tuba), Martin Fröst (klarinett), Tine Thing Helseth (trompet), Henning Kraggerud (fiolin), Solveig Kringlebotn (song) og Truls Mørk (cello).
Fyrste episode
I fyrste program har Leif Ove Andsnes valt seg pianotalenta Julie Yuqing Ye frå Bærum og Christian Sommerfelt frå Bergen, og invitert dei heim til seg i Bergen for å øve. Korleis er eigentleg idolet deira på nært hald? Og korleis er Leif Ove Andsnes som pianolærar? Det blir lange dager med mykje hardt arbeid. Og til slutt – konsert på jernbanestasjonen i Bergen idet dagtoget frå Oslo kjem inn på perrongen. Kven blir mest overraska - publikum eller talenta?
Norsk underhaldningsserie i 7 delar
Produsert av NRK Hordaland
Produser: Thomas Hellum
Programleiar: Elin Helgheim
Pressekontakt: Silje Marie Lien, silje.marie.lien@nrk.no tlf: 23 04 41 01/975 25 287
TV-seere bes kontakte Publikumsservice: tlf: 815 65 900 info@nrk.no