Dette er en arkivert nettside

Siden blir ikke oppdatert, men den forblir offentlig tilgjengelig på nettet for historiske formål.

05.03.2014

P2 mandag 7. juli 2008 kl 21.03 Folkemusikktimen

Vokal kongepokal til Camilla

Camilla Granlien. (Foto: Tone Jorunn Tveito, NRK)
Camilla Granlien. (Foto: Tone Jorunn Tveito, NRK)
- Rett frå scena i den beste klassa for vokal folkemusikk…

For tredje året på rad toppa Camilla Granlien frå Ringebu Spelmannslag den høgaste klassa for vokal folkemusikk på Landskappleiken. I år var kongepokalen i denne klassa og Camilla kunne lukkeleg ta han med seg heim. – Publikumet på Landskappleik er krevande. For meg blir det som å teste meg sjølv. Eg gløymer det som gjekk dårleg og hugsar det som går godt, seier ho. Og for tida er ho som i ein vind med Camilla Granlien band og oppdrag er mange rundt på festivalar i sommar.

Vokal Folkemusikk klassa A gjev deg ulike og spennade møte. Folkemusikktimen sender direkte frå scena under Norgesmeistarskapet i Folkemusikk frå Oppdal. Om lag 1000 forventningsfulle menneskje sit klare i salen når fyrste utøvar Ingvill Marit Buen Garnås er klar. Deretter kjem Kjell Hove, Åshild Vetrhus, Unni Boksasp, Solbjørg Tveiten, Camilla Granlien og Tone Juve. Konferansier er Randi Skeie leiar i Lfs.

Set deg ned i stolen og nyyyyt.. Om du har lyst å høyre det igjen, klikk deg inn på: www.nrk.no/folkemusikktimen og så velger du sendedato 6. juli. Neste sundag kjem fleire spennade reportasjer og vinnarar frå Landskappleiken på Oppdal.

Musikkopptak ved Joar Blækkan og Gunn Gausemel. Produsent Tone Jorunn Tveito.
Tips/ kommentarar/ spørsmål, send mail til: folkemusikk@nrk.no

Folkemusikktimen NRK P2
Sundag 6. juli kl. 18.03.
Reprise måndag 7. juli kl. 21.03.