Den einaste innvendinga mi er at MP3 er langt frå det likaste valet for lydkomprimering. Så vidt eg har skjønt er den utstrima musikken frå Spotify Ogg Vorbis q5-komprimert, som er noko meir plassøkonomisk enn MP3.
Eit anna spørsmål er om det er så mykje å hente på sal (eller heiter det fortsatt lisensiering?) av enkeltfiler. Dersom Spotify kjem på mange plattformar – og får lagt inn att dei artistane og albuma som vart fjerna i februar – er det ikkje så mykje vits i å ha mediafilene liggande og ta opp plass lenger.
Dette er nok eit steg i retning av dei store skyene. Holten likar dette.
]]>