Gisle – Valg09 http://blogg.nrk.no/valg09 Bare enda et NRK-blogger-nettsted Tue, 15 Sep 2009 21:02:04 +0000 nb-NO hourly 1 https://wordpress.org/?v=4.9.2 Store utslag http://blogg.nrk.no/valg09/2009/09/15/store-utslag/ http://blogg.nrk.no/valg09/2009/09/15/store-utslag/#respond Tue, 15 Sep 2009 12:22:07 +0000 http://blogg.nrk.no/valg09/?p=125 Les videre ]]> Valget er over, med stolte vinnarar og såre taparar, også i Telemark. Den største vinnaren er Høgre og Torbjørn Røe Isaksen, som gjenerobrar fast plass på Telemarksbenken og tar eit solid steg framover for å gjøre Høgre til eit like stort parti i Telemark som på landsbasis.

Men fortsatt er det eit stykke igjen: 13,2 % i Telemark, 17,2 i Norge. Men framgangen er større i Telemark enn elles i landet. Merk deg det, Erna!! Me snakkar om ein begynnande Torbjørn-effekt – er på på landsgjennomsnittet om fire år er han god!!

PÅ PALLEN

Arbeiderpartiet tar sølvplassen med solid framgang etter det gode valget i 2005, og gjør sitt beste valg i telemark sidan 1985 – då Ap runda 50% i Telemark. Framgangen sikrar fire nye år for veteranen Sigvald Oppebøen Hansen. Her trur eg me må tilskrive det sterke resultatet at velgerane vil ha stabilitet og fast styring – altså ein Stoltenberg-effekt.

Fremskrittspartiet fekk inn andrekandidat Kåre Fostervold med eit nødskrik – på eit utjamningsmandat som svinga innom Hamadi, Løwer Gurholt, Hjelseth tidleg på kvelden – mens det sto mellom Fostervold og Bekkevold då det nærma seg slutten av teljinga.

Likevel har Frp gjort sitt beste valg nokon gong, og bør notere seg dette som ein seier, sjøl om forventningane nok var endå større på førehand.

FLEIRE TAPARAR

For Venstre er resultatet bare ille. I Telemark eit av dei dårlegaste nokon gong, endå verre at partiet på riksplan falt under sperregrensa og dermed går glipp av utjamningsmandata. SV gjekk kraftig tilbake, og har på ein måt emista det solide grepet partiet hadde på Telemark. Og det dårlege skulevalget gir ekstra grunn til bekymring i SV. Spørsmålet er kor lenge partiet kan leve med regjeringsslitasje.

Kristeleg folkeparti var så nær så nær å kome inn igjen på telemarksbenken, på eit utjamningsmandat. Geir Bekkevold forlot NRK studio på Borgeåsen som Stortingsrepresentant, men vakna opp igjen tirsdag morgon som prest og lokalpolitiker i Skien.  Ordningen med utjamningsmandat er noko vilkårleg i det enkelte fylket –  det var endringar andre stader i landet som gjorde at Bekkevold falt ut og fostervold kom inn mellom to og tre valgnatta. Men hadde KRF fått vel 900 stemmer ekstra i Telemark, hadde utjamningsmandatet likevel vore sikra.

LITT NED

Senterpartiet holdt stillinga nasjonalt, men gjekk litt tilbake i Telemark. Kan nok tenkas at raud grøne velgarar har tenkt taktisk og stemt Ap for å sikre tredjemandatet. Sp slit fortsatt med å få gjennomslag i byane, då hjelper det lite å sanke tosifra med prosentar i bygdene.

Rødt med Asgeir Drugli hadde spent forventingane – i alle fall retorisk – ganske høgt, og landa ikkje så langt frå i same nedslagsgropa som sist. Likevel: 1,2 prosent er noko av det beste partiet har fått i Stortingsvalg i Telemark. Men Drugli hadde nok forventning om noko meir enn 3,7 prosent på Notodden.

Og dei fem småpartia som me hørte lite til i valgkampen fekk tilsammen cirka tusen stemmer og ein prosents oppslutning. Verdt bryet?

]]>
http://blogg.nrk.no/valg09/2009/09/15/store-utslag/feed/ 0
Ny industripolitikk? http://blogg.nrk.no/valg09/2009/09/10/ny-industripolitikk/ http://blogg.nrk.no/valg09/2009/09/10/ny-industripolitikk/#respond Thu, 10 Sep 2009 09:16:14 +0000 http://blogg.nrk.no/valg09/?p=119 Les videre ]]> Norge mangler ein industripolitikk slår Thor Oscar Bolstad fat. Han er ingen kven som helst i næringslivet i Telemark:  sjef på Herøya industripark og tillitsvalgt i NHO Telemark og Telemark gassforum.

Konsekvensen av den manglande industripolitikken er at den petrokjemiske industrien eer flagga ut, og viktig infrastruktur som gassrør, vei og bane er ikkje bygd ut slik politikarane har lova i valgkamp etter valgkamp.

På syttitalet sette nokre framsynte politikarar i gang petrokjemiutbygginga i Bamble. Den gongen var det svært omstridd, men det har gjennom over tretti år vore mange hundre trygge og gode arbeidsplassar, og ikkje minst: Den største landbaserte satsinga på foredling og verdiskaping av norsk olje og gass I NORGE.

 Politikarane i dette årtusenet tenker ikkje på same måte. Petrokjemi og anlegga rundt Frierfjorden er uinteressante for norske industriselskap og for den norske staten, anten regjeringa heiter Bondevik eller Stoltenberg.

Nå har utanlandsk kapital fått hand om ressursane som kvar dag strøymer inn til Bambleanlegga. Talet på arbeidsplassar i petrokjemien i Grenland er drastisk redusert gjennom fabrikknedleggingar og rasjonaliseringar dei siste åra. Indrefileten, det vil seie teknologi og kompetanse blir flagga ut til andre land.

Mange spør seg nå kor lang tid det tar før heile produksjonen er flagga ut og petrokjemieventyret i Grenland er over.

Eg tipper at Rafnes og Rønningen-anlegga er nedlagt i 2020!

]]>
http://blogg.nrk.no/valg09/2009/09/10/ny-industripolitikk/feed/ 0
Stem taktisk? Neppe lurt http://blogg.nrk.no/valg09/2009/09/10/stem-taktisk-neppe-lurt/ http://blogg.nrk.no/valg09/2009/09/10/stem-taktisk-neppe-lurt/#respond Thu, 10 Sep 2009 09:07:37 +0000 http://blogg.nrk.no/valg09/?p=117 Les videre ]]> I valgkampinnspurten kommer det alltid oppfordringar om å stemme taktisk. Om du som velger skal lytte til slik argumentasjon er avhengig av kva du sjøl vil legge vekt på.

Nå er det press på rødt-velgerane i Vestfold: Stem på SV for å sikre Inga Marte Thorkildsen ein ny periode på tinget.

I Telemark blir SV og Sp-velgerane bedt om å stemme Arbeiderpartiet for å sikre det utsatte tredje mandatet og dermed trygge sjansen for fortsatt raud-grøn regjering, På den andre sida blir sentrums og frp-orienterte unge velgarar oppfordra til å stemme på Torbjørn Røe Isaksen for å sikre den nye Høgrekosten ein Stortingsplass.

I Buskerud er dei raud grøne ille ute og kan miste opptil tre mandat viss dei dårlegaste målingane slår til. Kven skal dei då be om taktiske stemmer frå?

EIN BOMERANG

Du som velger må avgjøre med deg sjøl kva som er viktigast i valget, før du lar deg overbevise av politisk taktikkeri. Det er nemlig ikkje sikkert at DU er like opptatt av slike taktiske trekk som politikarane er.

Mange er mest opptatt av person. Viss ein telemarking med SV sympatier føler press for å stemme Ap i den ”gode” hensikt å sikre Sigvald Oppebøen Hansen ein ny periode på Telemarksbenken – så bør den mulige SV-velgeren vite at det vil svekke sjansen til Inga Marte Thorkildsen eller Magne Bergo å kome inn på utjamningsmandat i nabofylka.

Senterpartifolk i Telemark og Vestfold veit at sjansen til mandat i eige fylke er liten, men ein Sp-stemme i heimfylket styrkar sjansen til at Per Olaf Lundteigen kaprer utjamningsmandatet i Buskerud.

REGJERINGSALTERNATIV

Vurderer du å stemme på Torbjørn Røe Isaksen fordi han er ny, ung og frisk og har rikspolitisk gjennomslagskraft, så er ei stemme på  han også ei stemme på eit anna regjeringsalternativ en dei som nå har makta.

Noen vil seie at ei stemme på Høgre er ei stemme på meir makt til Frp. Det kan og sjåast motsatt: Det er ei stemme for å styrke sentrum-høgre profilen i alternativet til dei raudgrøne.

Stortingskandidatar i usikre posisjonar nå rett før valgdagen er på desperat jakt etter argument som kan styrke eige kandidatur. Eg trur velgerane er mindre opptatt av slike taktikk-trekk.

Har du ein overbevisning – følg den! Har du bare ein magefølelse, så ville eg ha følgd den og!!

]]>
http://blogg.nrk.no/valg09/2009/09/10/stem-taktisk-neppe-lurt/feed/ 0
Torbjørn rykker frå http://blogg.nrk.no/valg09/2009/09/09/torbj%c3%b8rn-rykker-fra/ http://blogg.nrk.no/valg09/2009/09/09/torbj%c3%b8rn-rykker-fra/#respond Wed, 09 Sep 2009 05:57:08 +0000 http://blogg.nrk.no/valg09/?p=110 Les videre ]]> Fem dagar før valget er Torbjørn Røe Isaksen inne på Stortinget som fast representant, nummer fem frå Telemark. Det viser onsdagens måling frå TNS Gallup.

Arbeiderpartiveteranen Sigvald Oppebøen Hansen faller ut, og har nå over 1800 stemmer å hente inn på rivalen i Høgre. Dei raudgrøne har fått ei kraftig utfordring i den siste veka av valgkampen: alle partia går tilbake på onsdagens meiningsmåling, og alle partia gjør det dårleg i skulevalget.

Arbeiderpartiet er rett nok største parti i skulevalget i Telemark, men går tilbake i forhold til 2007. For SV, som var største skulevalgparti for ti år sidan, er valget i år ein katastrofe: Bare 6,9 prosent oppslutning blant ungdom i vidaregåande skule. Mindre enn rødt.

Høgre gjør det bra også i skulevalga: Klar framgang frå 2007og 2005, og det beste resultatet på ti år. Fremskrittspartiet gjør også sitt beste skulevalg nokon gong i Telemark, men har ikkje større oppslutning blant ungdommen enn det meiningsmålingane gir.

]]>
http://blogg.nrk.no/valg09/2009/09/09/torbj%c3%b8rn-rykker-fra/feed/ 0
Ulv i fåreklær http://blogg.nrk.no/valg09/2009/09/04/ulv-i-farekl%c3%a6r/ http://blogg.nrk.no/valg09/2009/09/04/ulv-i-farekl%c3%a6r/#respond Fri, 04 Sep 2009 11:48:09 +0000 http://blogg.nrk.no/valg09/?p=98 Les videre ]]> Det er spennande kunnskap at marksist leninisten Asgeir Drugli smetter ut av skapet og innrømmer at han speller dataspell. Interessant fordi han altså sit ved pcen heime og  lar strategispell flimre over skjermen. Skulle vore moro å kikka han over skuldra i forhold til det strategispellet han har lagt opp for valgkampen i Telemark.

Asgeir Drugli er nemlig ein godt kjent og populær politiker på Notodden etter mange år i lokalpolitikken og fire år som varaordførar. Han er derimot lite kjent utafor industri og bluesbyen, og det er ein av hovedutfordringane Drugli møter i denne valgkampen. Før folk tenker tanken på å bruke lista til Rødt, må dei vite kven kandidaten er.

 Den andre hovedutfordringa er at Rødt er eit lite parti – som stort sett ligg rundt ein prosent på meiningsmålingar og i valg. Sperregrensa i Stortingsvalg er på fire prosent, og viss Rødt ikkje når denne grensa 14. september, vil for eksempel SV få rett i at ei stemme på Rødt og Asgeir Drugli er ei bortkasta stemme i Telemark.

Nettop samarbeidet med SV og uavhengige sosialistar på Notodden har brakt Solidaritetslista med Asgeir Drugli i spissen opp i fantastiske 26 prosent ved siste kommunevalg. Mykje av suksessen skreiv seg frå måten Drugli handterte rånaropprøret  på den heite sommaren i Storgata på Notodden. Då var Drugli fungerande ordførar og opptrådte som borgerskapets talsmann og mante til ro og orden. Dette blei han populær på – hos alle unntatt rånerane og ein ukjent steinkastar.

Den revolusjonære stortingskandidaten reiser nå rundt på valgmøter og i tv studio og stiller i dressjakke og slips.

Nokon vil nok hevde at dette er ein ulv i fåreklær.

]]>
http://blogg.nrk.no/valg09/2009/09/04/ulv-i-farekl%c3%a6r/feed/ 0
Frp vraker seg sjøl http://blogg.nrk.no/valg09/2009/09/03/frp-vraker-seg-sj%c3%b8l/ http://blogg.nrk.no/valg09/2009/09/03/frp-vraker-seg-sj%c3%b8l/#comments Thu, 03 Sep 2009 11:47:30 +0000 http://blogg.nrk.no/valg09/?p=96 Les videre ]]> På store reklameboards står nå dei tre toppane i Frp, Bård Hoksrud, Kåre Fostervold og Karianne Hansen med sopekostane sine og lovar å feie ut dei raud grønne frå regjeringskontora.

Akkurat DET løftet vil dei nok gjerne holde.

 Men slik er det ikkje med alle valgløfter eller programformuleringar frå Frp si side.

 

Eg har følgd med på Telemarkspolitikken så lenge at eg hugsar ein av partistifterane – Eivind Eckbo frå Bø. På eit valgmøte i 1973 sa han: «politikerne fra de gamle partiene har noe de kaller gangsyn – og det skifter fra gang til gang!

– Sa altså salige Eivind Eckbo.

NÅ, i 2009, gjeld denne påstanden først og fremst Fremskrittspartiet sjøl.

Aktiv dødshjelp er parkert , nynorsktvang er parkert, vin og sprit på bensinstasjonane er parkert, skattelettene er kraftig redusert og kutt eller ikkje kutt i overføringar til bøndene varierer nå med kor i geografien frp- politikeren befinner seg.

Det er åpenbart at partiledelsen ser at fleire forslag har vore så upopulære ute blant folk, at dei ikkje egner seg til stemmesanking i valgkampen. Men nå kan faktisk se ut til at det virkar mot sin hensikt å vrake sin eigen politikk:  – Frp går tilbake på meiningsmålingane- og det kan tyde på at truverdigheten ute blant velgerane er dalande.

Ei opprødding internt kan vere lurt. Ellers trur eg snart feiekostplakatene får ein påskrift:

Fei for eiga dør!

]]>
http://blogg.nrk.no/valg09/2009/09/03/frp-vraker-seg-sj%c3%b8l/feed/ 1
Hundre stemmer av 100.000 http://blogg.nrk.no/valg09/2009/09/03/hundre-stemmer-av-100-000/ http://blogg.nrk.no/valg09/2009/09/03/hundre-stemmer-av-100-000/#respond Thu, 03 Sep 2009 07:31:29 +0000 http://blogg.nrk.no/valg09/?p=94 Les videre ]]> Arbeiderpartiet går fram eit halvt prosentpoeng og tar tilbake det utsatte tredjemandat på dagens meiningsmåling. Men fortsatt er det veldig jamnt mellom Arbeiderpartiet og Høgre i kampen om den siste faste plassen på Telemarksbenken.

 Nå ligg Høgre bare omkring hundre stemmer bak Arbeiderpartiet. Hundre stemmer av i alt hundre tusen som blir avgitt i Telemark kan altså avgjøre kven som kommer inn på tinget: Sigvald Oppebøen Hansen eller Torbjørn Røe Isaksen.

Alle meiningsmålingar for Telemark viser at Arbeiderpartiet og Fremskrittspartiet ganske så sikkert får to faste mandat hver på Telemarksbenken. Men marginane i kampen om det femte distriktsmandatet er uhyre små: På tirsdag var Høgres Torbjørn Røe Isaksen inne med nokre hundre stemmers overvekt til Sigvald Oppebøen Hansen frå Ap. Idag er bildet motsett, men Røe Isaksen er bare hundre stemmer frå den faste plassen.

 Tilgjengjeld får Høgre utjamningsmandatet slik styrkeforholdet er nå – men der er målingane endå meir usikre.

Fremskrittspartiet held stillingen i Telemark og har ikkje tegn til fall i oppslutninga slik alle riksmålingar viser dei siste to dagane. Venstre går igjen kraftig tilbake i Telemark, mens dei andre småpartia held stillingen rundt 5-6 prosent.

]]>
http://blogg.nrk.no/valg09/2009/09/03/hundre-stemmer-av-100-000/feed/ 0
Venstre, Høgre og valgløfter http://blogg.nrk.no/valg09/2009/09/02/venstre-h%c3%b8gre-og-valgl%c3%b8fter/ http://blogg.nrk.no/valg09/2009/09/02/venstre-h%c3%b8gre-og-valgl%c3%b8fter/#respond Wed, 02 Sep 2009 12:59:26 +0000 http://blogg.nrk.no/valg09/?p=90 Les videre ]]> Ein høgrepolitiker i Seljord – som ikkje er meir anonym enn at han no står på andreplass på stortingslista til Høgre – kom med eit valgløfte før eit kommunevalg for nokka år sia:

Viss eg blir valgt  til ordførar, så skal eg rødde årntleg opp i kommunen! 

Seljord revyen samme høst la til: Og viss han får tid – så bør han prøve å rødde opp litt heime og.

 Mannen til Tonje Løwer Gurholt forebygger ein slik situasjon, han har altså fått eitt valgløfte frå Venstres toppkandidat: Gurholt får hushjelp viss Tonje vinn valget.

Eit lett etterprøvbart løfte, viss så skulle skje.

Tonje Løwer Gurholt vedgår at ho arva partitilhørigheten. Viss ALLE hadde vore like tru mot opphavet som Tonje, hadde det fortsatt vore mange venstrefolk i Telemark. Partiet har nemlig ei stolt fortid med statsminister, statsrådar og stortingsmenn på rekke og rad. Den siste mannsalderen har Venstre i Telemark derimot vore eit miniparti.

Brumlebassen Sponheim har dratt partiet over sperregrensa igjen,  men Løwer Gurholt og kompani har eit stykke igjen til ein sikker stortingsplass frå Telemark.

Sponheim har gått lenger enn langt i valgløfter i år – han og Venstre skal IKKJE bidra til at Fremskrittspartiet på nokon som helst måte kommer i maktposisjon.

I Telemark fylkesting har Venstre og Frp samarbeidd tett og godt i posisjon nå i fire valgperiodar. Venstres veteran og patriark, Johan Tønnes Løchstøer er valgt til felles borgerleg gruppeleiar med Frps stemmer og Venstre har gitt Frp makt og leiarvervet i fleire utvalg i fylkestinget.

Men det har nok verken Sponheim eller Løwer Gurholt hatt nokken ting med….

]]>
http://blogg.nrk.no/valg09/2009/09/02/venstre-h%c3%b8gre-og-valgl%c3%b8fter/feed/ 0
Torbjørn inn, Sigvald ut http://blogg.nrk.no/valg09/2009/09/01/torbj%c3%b8rn-inn-sigvald-ut/ http://blogg.nrk.no/valg09/2009/09/01/torbj%c3%b8rn-inn-sigvald-ut/#respond Tue, 01 Sep 2009 08:04:46 +0000 http://blogg.nrk.no/valg09/?p=86 Les videre ]]> Høgre går mest fram på dagens meiningsmåling som TNS Gallup har gjort for TA og NRK Telemarksenidnga.
Ein framgang på 1,2 prosentpoeng gjør at Torbjørn Røe Isaksen dermed er inne på Stortinget på fast plass. Og Arbeiderpartiet mister då det mandatet, slik at Sigvald Oppebøen Hansen ikkje kommer inn.
 
Viss Høgre klarer å gjenerobre eit fast stortingsmandat frå Telemark,så ligg SV nett nå best an til å få utjamningsmandatet. Dermed kan det likevel bli tre-tre mellom blokkene, sjøl om Arbeiderpartiet mister ein plass.

Elles viser denne meiningsmålinga at det har vore svært små forskyvningar partia imellom i dei første to vekene av valgkampen.

Fremskrittspartiet ligg stabilt omkring seks prosentpoeng over resultatet i 2005, Høgre omlag eitt prosentpoeng over 2005-valget. Dei andre partia stort sett rundt eller under nivået frå siste valg. Snaue 14 dagar før valgdagen er det altså ingen tvil om at det blåser høgrevind over Telemark. Kven av høgreparta som går mest fram, kan fortsatt endre seg.

 

 

 

]]>
http://blogg.nrk.no/valg09/2009/09/01/torbj%c3%b8rn-inn-sigvald-ut/feed/ 0
Tidenes yngste? http://blogg.nrk.no/valg09/2009/09/01/tidenes-yngste/ http://blogg.nrk.no/valg09/2009/09/01/tidenes-yngste/#respond Tue, 01 Sep 2009 07:55:55 +0000 http://blogg.nrk.no/valg09/?p=84 Les videre ]]> Anja Hjelseth vil utvilsomt representere ei fornying av Telemarksbenken om ho blir valgt. Som 24 åring kan ho bli den yngste faste representanten frå Telemark nokon gong. Men vegen fram til ein plass på tinget er noko lang og kronglete.

 Meiningsmålingane så langt i valgkampen, både riks og her i Telemark,  viser at både Senterpartiet og SV slit med å klare nivået frå 2005 valget. Mens regjeringskollega Arbeiderpartiet ser ut til å ha ein god sjanse til å klare nettopp det.

Senterpartiet i Telemark er flinke til å fortelje om alle resultata partiets eigne statsråder får til i regjeringa, men det ser altså ut at dette i liten grad gjør inntrykk på velgerane.

 Sjansen til Anja Hjelseth, og dette gjeld like mykje kandidatane til dei andre småpartia – er då utjamningsmandatet.

Og det kan fort gå til Senterpartiet her i Telemark. Like gjerne som til Høgre, Venstre, Krf eller SV.

Hjelseth er ung, og dermed heller ikkje så veldig kjent blant velgerane, som vår meiningsmåling viser. Ho er likevel ein politiker med ganske solid erfaring, blant anna frå fylkestinget, der ho nå er leiar i kulturutvalget.

 Senterpartiet har latt folket få ein sjanse til å velge mellom ungdommeleg friskhet og fornying – mot rutine og trygghet som andre parti går for.

 14. september får me vite kva folket vil ha.

]]>
http://blogg.nrk.no/valg09/2009/09/01/tidenes-yngste/feed/ 0