egiltor – Fra tjukkas til smukkas http://blogg.nrk.no/tjukkas Bare enda et NRK-blogger-nettsted Tue, 10 Mar 2009 12:29:56 +0000 nb-NO hourly 1 https://wordpress.org/?v=4.9.2 Oppskrift på karbofattig brød http://blogg.nrk.no/tjukkas/2008/12/22/oppskrift-pa-karbofattig-br%c3%b8d/ http://blogg.nrk.no/tjukkas/2008/12/22/oppskrift-pa-karbofattig-br%c3%b8d/#comments Mon, 22 Dec 2008 19:38:19 +0000 http://blogg.nrk.no/tjukkas/archives/2008/12/oppskrift-pa-karbofattig-br%c3%b8d.html Les videre ]]> 20122008119.jpg

En skive av dette brødet inneheld 2-3 karbohydrater. Jula er topp for oss som et eit lavkarbokosthald med masse feitt. Så ei riktig feit og god jul til alle ! 

OPPSKRIFTA: 

12 egg1 boks creme fraiche eller kesam, eller 1 boks sæterrømme4 ss bakepulver12 ss linfrø150 g kruska-/havrekli eller glutenfritt mel (Jyttemel), 150 g sesamfrø, 100 g solsikkekjerner, 100 g gresskarkjerner, 10 ss olivenolje eller rapsolje kaldpressa Det meste av råstoffa får du hos ein velassortert kolonialhandlar, viss ikkje gå på ein helsekostbutikk Slik gjør du:Rør sammen egg, creme fraiche, rømme eller kesam i ein bolle. Ha i resten av ingrediensane og bland godt. Fordel røra i 2 brødformer. Steik ved 180 °C i 50-60 minutter. Husk bakepapir i botnen av forma 

]]>
http://blogg.nrk.no/tjukkas/2008/12/22/oppskrift-pa-karbofattig-br%c3%b8d/feed/ 11
MINUS 3,7 KILO OG MINUS 4 CM RUNDT LIVET PÅ 2 MÅNADER http://blogg.nrk.no/tjukkas/2008/12/22/minus-37-kilo-og-minus-4-cm-rundt-livet-pa-2-manader/ http://blogg.nrk.no/tjukkas/2008/12/22/minus-37-kilo-og-minus-4-cm-rundt-livet-pa-2-manader/#comments Mon, 22 Dec 2008 19:04:23 +0000 http://blogg.nrk.no/tjukkas/archives/2008/12/minus-37-kilo-og-minus-4-cm-rundt-livet-pa-2-manader.html Les videre ]]> Her er vekta

 Ja, om eg er litt velvillig og strammar målbandet litt ekstra kan eg faktisk seia at eg har minka 6 cm. 

Denne dietten virkar- for hadde det gått slik eg tidlegare trudde ville eg no vore 110 kilo, etter dei fettmengdene eg har tatt inn dei siste månadane.

Eg starta altså på 99, 3 og er no 95,6.kg. På bildet ser vi at vekta viser 95,4 , men det viste ho berre den eine gongen eg tok bildet så vi slår fast at 95,6 kg er julevekta mi.

Så kan eg altså kosa meg med den feite julematen , og berre unngå poteter og brød .

Når det gjeld brød har eg forresten funne ei oppskrift på ein type som nesten IKKJE inneheld karbohydrat, og dessutan er både velsmakande og ikkje minst enkelt å laga.

LES OPPSKRIFTA LENGRE NEDE PÅ SIDA MI 

]]>
http://blogg.nrk.no/tjukkas/2008/12/22/minus-37-kilo-og-minus-4-cm-rundt-livet-pa-2-manader/feed/ 2
HER SPREKK EG! http://blogg.nrk.no/tjukkas/2008/12/02/her-sprekk-eg/ http://blogg.nrk.no/tjukkas/2008/12/02/her-sprekk-eg/#comments Tue, 02 Dec 2008 09:02:14 +0000 http://blogg.nrk.no/tjukkas/archives/2008/12/her-sprekk-eg.html Les videre ]]> Egil med glass

Eg sprakk så det grein. Førebuingane til årets julebord på jobben var for mykje. Etter mange månader borte frå øl vart det både eitt og fleire glas i lag med kollegaer på ei av skjenkestovene i Bergen fredag.


Men samtidig går midjelinja mi ned. No måler den 103 – 104 cm. Magamålet litt lenger oppe er gått frå 110 til 107-108. Kiloane står foreløpig på 96- altså ned 3,3 sidan starten 21.oktober.

Men så har eg trimma både på apparat og ved å gå på ski. Då veks musklane og blir tyngre. Men så langt er både ernæringsrådgjevaren og eg godt nøgde.

Husk dette er ingen hurtigslankekur, men ein livsstil!

]]>
http://blogg.nrk.no/tjukkas/2008/12/02/her-sprekk-eg/feed/ 1
YPPERLEG SLANKEMAT! http://blogg.nrk.no/tjukkas/2008/11/25/ypperleg-slankemat/ http://blogg.nrk.no/tjukkas/2008/11/25/ypperleg-slankemat/#respond Tue, 25 Nov 2008 13:41:22 +0000 http://blogg.nrk.no/tjukkas/archives/2008/11/ypperleg-slankemat.html Les videre ]]> Pnnekjøtt bruk

Den norske julematen er ypperleg slankemat, seier den svenske slankeguruen Sten Sture Skaldeman. Ét også fettet på ribba og pinnekjøtet og ikkje berre sjøve kjøtet.

Denne kosten er altså heilt ok, men la poteta ligga, eller et berre veldig lite av den.

Når det gjeld juledrikke så er øl IKKJE bra! – Det er flytande sukker, seier Skaldeman (sjå bilete i botn av saka).

Men samtidig kan det vera sunt å skeia ut ein gong i blant. Akevitt til ribba,lutefisk og pinnekjøt er heilt ok, og du kan med godt samvit nyta eit glas vin til julematen.

På dessertbordet er multekrem heilt topp, berre pass på å spara på sukkeret i kremen.

Så konklusjonen er at juletida er topp for oss som skal bli lett med fett.

Skaldeman

]]>
http://blogg.nrk.no/tjukkas/2008/11/25/ypperleg-slankemat/feed/ 0
PRØV EGILS FEITE SLANKE-OMELETT http://blogg.nrk.no/tjukkas/2008/11/18/pr%c3%b8v-egils-feite-slanke-omelett/ http://blogg.nrk.no/tjukkas/2008/11/18/pr%c3%b8v-egils-feite-slanke-omelett/#comments Tue, 18 Nov 2008 12:14:55 +0000 http://blogg.nrk.no/tjukkas/archives/2008/11/pr%c3%b8v-egils-feite-slanke-omelett.html Les videre ]]> [kml_flashembed movie="http://www.youtube.com/v/6p7rJjqIl8E" width="425" height="350" wmode="transparent" /]
Etter snart 4 veker har eg vore både på vekt og målt med målband rundt livet. Og det minkar begge plassar. Vekta er redusert med mellom 1,5 og 2kilo – varierer litt, som truleg skuldast både trening og omstilling av kroppen. Men det mest fantastiske er at eg kan eta godt, og at eg no er begynt å eta ting som eg var slutta med for å gå ned i vekt.


For eksempel kremfløyte i kaffien, majones, sæterrømme og meierismør. Eg tillet meg ei tynn skive med masse smør til frukost, men ha kutta poteter,ris og pasta. Vispa krem med frosne bær går og ned og er ein naturleg del av dette lavkarbo og fettrike kosthaldet.

Her er korleis eg lagar ein omelett med mykje fett, d.v.s det er Johnny Laupsa Borge som har lært meg dette:

Smør i steikepanna.
Deretter litt finhakka grønsaker, t.d purreløk og paprika.
Visp 5-6 egg saman i ein bolle
Ha i krydder etter eige ønskje, litt riven ost, 2 spiseskeier UDO’s choice planteolje og litt rømme.
Visp godt og hell over grønsakene på steikepanna.
Ha lokk over steikepanna og set på svakaste varme på komfyren.
Det tar ei stund, men omletten blir både luftig og kjempegod når den får kosa seg på lav varme.

Prøv sjøl – omelett med masse fett!

[kml_flashembed movie="http://www.youtube.com/v/gsQ9AroajNY" width="425" height="350" wmode="transparent" /]

]]>
http://blogg.nrk.no/tjukkas/2008/11/18/pr%c3%b8v-egils-feite-slanke-omelett/feed/ 1
SMOOTHIE EXELLENCE – MED FETT!! http://blogg.nrk.no/tjukkas/2008/11/11/smoothie-exellence-med-fett/ http://blogg.nrk.no/tjukkas/2008/11/11/smoothie-exellence-med-fett/#comments Tue, 11 Nov 2008 15:41:03 +0000 http://blogg.nrk.no/tjukkas/archives/2008/11/smoothie-exellence-med-fett.html Les videre ]]> [kml_flashembed movie="http://www.youtube.com/v/_9wbSkTUnC0" width="425" height="350" wmode="transparent" /]

Denne smoothien bestemmer du sjølv om du vil ha tjukk,tynn eller litt al dente – d.v.s at du kan tyggja noko av innhaldet. Du kan mixa den m stavmiksar eller i blender . Mengder avgjer du litt på slump men her er eit forslag til oppskrift:

Ha 3 egg i blenderen – deretter ei spiseskei kokosfeitt, 1 spiseskei sæterrømme, 1 spiseskei Udo’s Choice (planteolje) , 1 spiseskei tran, nokre bitar kokesjokolade av typen m 70% kakao, litt( veldig lite) tangmjøl og tilslutt frosne bær f.eks ein pakke frosne skogsbær. Eg brukar ofte sjølplukka blåbær eller bringebær det er og velsmakande og friskt.

Miks dette saman i blenderen og du får ein velsmakande smoothie som du kan bruka til frukost for den saks skuld. Eg brukar den ofte som dessert.

Berre fantasien set grenser for korleis du kan laga ein spennnade,sunn og feit smoothie. Huska alltid å ha i egg og fettstoffene. Bærtypane kan du variera.

]]>
http://blogg.nrk.no/tjukkas/2008/11/11/smoothie-exellence-med-fett/feed/ 1
"TORHEIM-FAR, NO SKUFFER DU MEG STORT!" http://blogg.nrk.no/tjukkas/2008/11/04/torheim-far-no-skuffer-du-meg-stort/ http://blogg.nrk.no/tjukkas/2008/11/04/torheim-far-no-skuffer-du-meg-stort/#comments Tue, 04 Nov 2008 11:49:11 +0000 http://blogg.nrk.no/tjukkas/archives/2008/11/torheim-far-no-skuffer-du-meg-stort.html Les videre ]]> Egil Torheim

Eg er inne i den tredje veka med dette opplegget for å bli kvitt nokre kilo. Og det blir altså stadig mindre av meg.

Har óg fått reaksjonar frå lyttarar – reaksjonar i alle former . Nokon vil ha hjelp og trur dette er ein god måte å slanka seg på, andre derimot er skuffa og vonbrotne over at eg har lat meg lura ut i eit slikt populistisk opplegg:


Først vil jeg si – at jeg i alle år – og det begynner å bli en del av de – har hørt på dine program – og innslag med stor glede. Din stil og direkte form for reportasje har jeg stor respekt for. Men denne gangen er jeg utrolig skuffet. Og faktisk ikke så lite lei meg. Ikke over at du skal slanke deg – og ikke over at du gjør det ”på radio» – ære være deg for det. Men at du lar deg «lure » av en populistisk slankemetode, som du garantert ikke kommer til å opprettholde etter det halve året. Og som ved «alle» andre lettvinte løsninger – om ett år veier du mer enn i dag, dersom du kun følger denne metoden – eller en annen «fantom kur «

Selv er jeg en del overvektig (186 cm og 125 kilo) – og har slitt med dette problemet i mange år. Jeg pleier å si at jeg sluttet å røyke for 30 kilo siden 🙂 Det dere driver med nå – er en hån mot oss som har et problem med dette. Det finnes bøttevis med mer eller mindre finurlige – og tilsynelatende vitenskaplig underbyggede – metoder for å miste vekt.

Jeg har prøvd mangt og mye når det gjelder vekttap/slanking. INGEN metoder gir permanent endring, hvis du ikke spiser mindre enn du forbrenner – over tid. For oss – som sliter med litt overvekt – er dette en gedigen nedtur. Det vi trodde skulle bli en motivasjon, og noe å henge seg på, oppleves som å bli latterliggjort i beste sendetid. Hvor lenge tror du at du klarer å «sløyfa poto»? Hvor lenge tror du at du klarer å leve uten » en brødblings» ? Hvor sunt tror du det er å spise fett uten å bevege deg ? Hvor lenge etter dette halvåret tror du at du klarer å kun spise «mat for sommerforbrenning » ?

Nei Torheim-far, no skuffer du meg stort. Du gjør meg trist, og ikke glad, slik du pleier på NRK.

Flott med enagsjement synest no eg, som rår alle til å lesa Sten Sture Skaldeman si bok – ”Spis deg ned i vekt”, som har gripe fatt i teorien «lett med fett» og vidareutvikla den.
Slankebok

]]>
http://blogg.nrk.no/tjukkas/2008/11/04/torheim-far-no-skuffer-du-meg-stort/feed/ 4
FETT SKAL HJELPA MEG Å BLI LETT http://blogg.nrk.no/tjukkas/2008/10/28/fett-skal-hjelpa-meg-a-bli-lett/ http://blogg.nrk.no/tjukkas/2008/10/28/fett-skal-hjelpa-meg-a-bli-lett/#comments Tue, 28 Oct 2008 10:06:42 +0000 http://blogg.nrk.no/tjukkas/archives/2008/10/fett-skal-hjelpa-meg-a-bli-lett.html Les videre ]]> JLB
Her er min personlege ernæringsrådgjevar, Johnny Laupsa Borge, med nokre av dei matvarene eg skal bruka mykje framover.

Egg toler eg godt å eta 3-6 av kvar dag, i ulike variantar . Omelettar, eggerøre , hardkokte, steikte , bløtkokte o.s.v. og egg inneheld alle typar næringsstoff – karbohydrat, proteiner – og ikkje minst fett!

Og det er masse fett som skal hjelpa meg på vegen til å bli lett – i alle fall lettare.

Olja UDO’s choice er ei spesialsamansett olje som eg tek 2 ss av 2 gonger i døgnet. Alle omega greiene får eg då i meg og eg kjenner meg faktisk mett ein times tid og kan venta litt med måltidet. Ellers et eg feit fårikål og feittranda på svinekotelettane som eg før skar bort glir no ned på høgkant.

Alt etter 3 veker med langt meir fett- inntak merkar eg at det blir mindre av meg.

Etterkvart skal vi og leggja ut oppskrifter på feit slankemat.

Har du tips til kva mat eg bør eta? Legg inn tips og oppskrifter i kommentarfeltet under!

]]>
http://blogg.nrk.no/tjukkas/2008/10/28/fett-skal-hjelpa-meg-a-bli-lett/feed/ 1