Ho er kanskje den største kvinnelige artisten i historien. Eit ikon som har klart å gjere seg gjeldande i fleire årtier. Frå albumdebuten i 1983 fram til i dag har musikken hennar vore nyskapande og provoserande. Ho har miksa sex og religion, hummar og kanari, alt med suksess og pondus. Laurdag fyller ho 50 år.
Madonna-musikk vil vere basen for alle «musikkvideoane» i NRK si OL-sending laurdag kveld. Du bestemmer kva låter vi skal bruke for å hylle pop-dronninga.
Kva Madonna-låt vil du sjå kombinert med idrettsbilete frå Beijing?
]]>Teksten i kursiv er gammal, denne er ny. Bjørn Egil Skjong fekk vist sin musikkvideo i kveldssendinga i går. Musikk: Gortoz a ran- J’attends, Hans Zimmer.
Linken finn du her: http://www1.nrk.no/nett-tv/indeks/140646
Dette får iallfall eg gåsehud av!
Redigeringsikon Håvard Bergheim vil difor halde fram bruken av dykkar forslag, sjølvom konkurransen vart avslutta formelt i går.
Her er det Håvard klipte ihop til kveldssendinga i går:
Musikkvalg: Jan Roger Angelsen: Remember the Name; Fort Minor http://www1.nrk.no/nett-tv/indeks/140490
Musikkvalg: Trygve Joakimsen: Teardrop Massive Attack http://www1.nrk.no/nett-tv/indeks/140499
Musikkvalg: Sirill Stegane: La Camisa Negra, Juandes http://www1.nrk.no/nett-tv/indeks/140517
Tove Elisabeth Grindaker: Start me Up, Rolling Stones http://www1.nrk.no/nett-tv/indeks/140524
Takk til bloggarane frå Hanne Marie: http://www1.nrk.no/nett-tv/indeks/140500
Men som sagt, hald fram med å sende inn forslag. Håvard er allereie i gang med nye videoar, basert på musikk frå dykk.
]]>
OL i Beijing betyr fantastiske bilete av store prestasjonar, flinke folk, grasiøse rørsler. Kva musikkstykke/ låt kunne du tenkt å høyre kombinert med bilete frå Håvard? Send inn ditt forslag her og skriv kva idrett som burde vere hovudfokus i kunstverket. Det beste forslaget vil bli redigert av Håvard og vi sender resultatet på kveldssendinga måndag.
Her er eit tidlegare verk til inspirasjon. Legg merke til hest/ryttartemaet.
]]>