Ho er kanskje den største kvinnelige artisten i historien. Eit ikon som har klart å gjere seg gjeldande i fleire årtier. Frå albumdebuten i 1983 fram til i dag har musikken hennar vore nyskapande og provoserande. Ho har miksa sex og religion, hummar og kanari, alt med suksess og pondus. Laurdag fyller ho 50 år.
Madonna-musikk vil vere basen for alle «musikkvideoane» i NRK si OL-sending laurdag kveld. Du bestemmer kva låter vi skal bruke for å hylle pop-dronninga.
Kva Madonna-låt vil du sjå kombinert med idrettsbilete frå Beijing?
]]>