Reporter Jan Fredrik Bjørntvedt har fått ein smak av kva som skal til for å vere ein OL-utøvar. Han har på ein seriøs måte prøvd ut dei ulike idrettsgreinene. Målet er å gje sjåarane eit innsyn i kor utfordrande greinene kan vere, spesielt dei tekniske. Bjørntvedt er innom boksing, roing, stup, padling, turn, bogeskyting, leirdueskyting, sigling, fekting, bordtennis og sprangriding. Den fysiske testen på Olympiatoppen kan du sjå her.

Jan Fredrik sit inne med mykje kunnskap om idrettane som han ikkje har fått plass til i sakene. Lurer du på kva idrett var tøffast å meistre eller kva utøvar som imponerte han mest? Send inn spørsmål her. Jan Fredrik og eg skal svare flest moglege og etter beste evne.
Klokka er 1824, eg loggar av. Vi snakkast i morgon. LUKKE TIL ALEXANDER!
]]>