John Gunnar – Nordsjørittet http://blogg.nrk.no/nordsjorittet Bare enda et NRK-blogger-nettsted Thu, 18 Jun 2009 13:43:56 +0000 nb-NO hourly 1 https://wordpress.org/?v=4.9.2 Det offisielle lagbildet http://blogg.nrk.no/nordsjorittet/2009/06/18/det-offisielle-lagbildet/ http://blogg.nrk.no/nordsjorittet/2009/06/18/det-offisielle-lagbildet/#respond Thu, 18 Jun 2009 13:43:56 +0000 http://blogg.nrk.no/nordsjorittet/2009/06/18/det-offisielle-lagbildet/ Les videre ]]> NRK-laget til Nordsjørittet 2009

Dette er vel det mest komplette lagbildet vårt frå Nordsjørittet. Her har me også fått med oss delar av støtteapparatet. Dei var til uvurderleg hjelp.

Nå har både Karine og eg ferie noen veker, så det blir roleg på denne bloggen framover.

Til alle dei som har følgt oss:  Ha ein strålande sommar!

]]>
http://blogg.nrk.no/nordsjorittet/2009/06/18/det-offisielle-lagbildet/feed/ 0
Det er nå det begynner http://blogg.nrk.no/nordsjorittet/2009/06/15/det-er-na-det-begynner/ http://blogg.nrk.no/nordsjorittet/2009/06/15/det-er-na-det-begynner/#comments Mon, 15 Jun 2009 08:54:43 +0000 http://blogg.nrk.no/nordsjorittet/2009/06/15/det-er-na-det-begynner/ Les videre ]]> nordsjorittliw_001_1.jpg

Foto: Lars Idar Waage, Stavanger Aftenblad

– Vil du vera med i Nordsjørittet, John Gunnar? spurte Karine meg i januar. Eg måtte tenka på det, men svarte til slutt ja. Og dét er eg glad for i dag.

Eg visste ærleg talt ikkje heilt kva Nordsjørittet var då eg blei spurt. Det har si naturlege forklaring i at eg budde i Bergen i 15 år – heilt fram til i haust. Og ikkje hadde eg sykla så mye dei siste 15 åra heller. I januar var eg med andre ord ikkje i stand til å sykla så langt. Såpass visste eg.

Men eg tenkte som så at det er ein god måte å komma i betre form på. Tvinga meg sjøl ut. Så det endte med at eg sa ja og melde meg på NRK-laget.  Etter det har det blitt mange timar på sykkelsetet. Eg har ikkje angra eitt sekund.

Det er godt å gjennomføra noe som følest i overkant ambisiøst.  Formen var ikkje så mye å skryta av i vinter, men han har blitt gradvis betre utover våren. Og til slutt god nok til å klara dei 91 kilometrane. Det var målet. Neste år skal eg sykla fortare. Eg gleder meg alt nå til Nordsjørittet 2010!

Takk til Lars Idar Waage i Stavanger Aftenblad, som foreviga meg i eit slitent øyeblikk ved Frøylandsvatnet.

]]>
http://blogg.nrk.no/nordsjorittet/2009/06/15/det-er-na-det-begynner/feed/ 1
Motvind, men ikkje motlaus http://blogg.nrk.no/nordsjorittet/2009/06/09/motvind-men-ikkje-motlaus/ http://blogg.nrk.no/nordsjorittet/2009/06/09/motvind-men-ikkje-motlaus/#comments Tue, 09 Jun 2009 12:29:11 +0000 http://blogg.nrk.no/nordsjorittet/2009/06/09/motvind-men-ikkje-motlaus/ Les videre ]]> john-gunnar-skien.JPG

Eg orkar ikkje å tenka for mye på det, men værmeldingane ser ikkje spesielt oppløftande ut mtp Nordsjørittet på lørdag. Lite me kan gjera med det, tenkte eg. Heilt til eg tok turen til Sandnes i dag…

Dette er karen som veit å ordna seg. Tenkte kanskje at denne sykkeldrosjen kunne vera løysinga i Nordsjørittet viss været ikkje blir det beste? Så kan eg sitta der og kosa meg. Det er bare eitt problem: Eg har ingen som kan sykla for meg.

Nåvel. Eg har besøkt Sandnes i dag i samband med ein liten reportasjeserie som skal gå i sommar. Kva dén handlar om vil eg sjølsagt ikkje røpa nå. Det skulle tatt seg ut. Men eg fekk i det minste ein liten tur i sykkeldrosjen – som neppe eignar seg for Nordsjørittet for å vera heilt ærleg. Farkosten er truleg godt parkert på rådhuset nå, og eg sjekkar værmeldingane titt og ofte i håp om trivelegare varsel på lørdag.

]]>
http://blogg.nrk.no/nordsjorittet/2009/06/09/motvind-men-ikkje-motlaus/feed/ 3
Beina på bordet! http://blogg.nrk.no/nordsjorittet/2009/06/08/beina-pa-bordet/ http://blogg.nrk.no/nordsjorittet/2009/06/08/beina-pa-bordet/#respond Mon, 08 Jun 2009 10:24:04 +0000 http://blogg.nrk.no/nordsjorittet/2009/06/08/beina-pa-bordet/ Les videre ]]> Nå er forarbeidet gjort! Denne uken får vi ikke lov til å trene hardt. I beste fall kan du ta deg et par korte og lette turer på sykkelen. Men fra onsdag kveld kan du slenge deg i sofaen med god samvittighet. For nå skal det samles krefter frem mot lørdag! Det sier ekspertene!

roy-og-eli-006.jpg

Roy Hegreberg og Eli Orre var gjester i morgensendingen i dag. Vi fikk masse gode tips og råd om hvordan vi skal oppføre oss denne siste uken. Ganske deilig at vi kan slappe av litt, men på lørdag gjelder det!

Les ekspert-rådene her!

]]>
http://blogg.nrk.no/nordsjorittet/2009/06/08/beina-pa-bordet/feed/ 0
Ein tur med alt http://blogg.nrk.no/nordsjorittet/2009/06/01/ein-tur-med-alt/ http://blogg.nrk.no/nordsjorittet/2009/06/01/ein-tur-med-alt/#comments Mon, 01 Jun 2009 21:26:10 +0000 http://blogg.nrk.no/nordsjorittet/2009/06/01/ein-tur-med-alt/ Les videre ]]> 01062009411-1.jpg

Sykling, grilling og bading. For ein dag det blei!

Med 12 dagar igjen begynner det å bli knapt med muligheter til å forbetra formen vesentleg. Men me får finpussa etter beste evne i dagane fram mot 13. juni. I dag bestemte Thomas og eg oss for å sykla til Hommersåk. Ca. 60 kilometer totalt frå Stavanger sentrum. Nydeleg vær og fin tur.

Det beste var likevel å kjøla seg ned i sjøen på Gausel etterpå. Eg er litt pysete og liker ikkje for kaldt vatn, men me var såpass varme etter syklinga at det gjorde godt. Når me i tillegg får servert nydeleg grillmat kan det ikkje bli betre!

]]>
http://blogg.nrk.no/nordsjorittet/2009/06/01/ein-tur-med-alt/feed/ 2
NRK-trøyene endeleg i hus! http://blogg.nrk.no/nordsjorittet/2009/05/22/nrk-tr%c3%b8yene-endeleg-i-hus/ http://blogg.nrk.no/nordsjorittet/2009/05/22/nrk-tr%c3%b8yene-endeleg-i-hus/#comments Fri, 22 May 2009 12:43:58 +0000 http://blogg.nrk.no/nordsjorittet/2009/05/22/nrk-tr%c3%b8yene-endeleg-i-hus/ Les videre ]]> 22052009397.jpg

Foto: Einar Espeland. Torill Malmin og Johan Mihle Laugaland var med og kasta glans over lagbildet. Totalt blir me 24 frå NRK Rogaland.

Tenk deg Viking-spelarne utan like draktar i ein kamp? Det går bare ikkje. Alt hadde blitt kaos og rot. Så det seier seg sjøl at NRK Rogaland må ha lagdraktar når me skal vera med i Nordsjørittet.

Me har venta lenge. Men i dag var dei endeleg på plass, trøyene som levnar liten tvil om kven me representerer. Det styrkar lagfølelsen. Motbakkane blir lettare etter dette. Det er eg sikker på.

]]>
http://blogg.nrk.no/nordsjorittet/2009/05/22/nrk-tr%c3%b8yene-endeleg-i-hus/feed/ 6
Krise! Eg er utan sykkel! http://blogg.nrk.no/nordsjorittet/2009/05/12/krise-eg-er-utan-sykkel/ http://blogg.nrk.no/nordsjorittet/2009/05/12/krise-eg-er-utan-sykkel/#respond Tue, 12 May 2009 09:03:13 +0000 http://blogg.nrk.no/nordsjorittet/2009/05/12/krise-eg-er-utan-sykkel/ Les videre ]]> Eg har venta og venta, men nå måtte eg bare få det gjort. Eg leverte sykkelen min til service i går.

Eg greier fint ein del sjøl (eg skifta nyleg begge dekka), men enkelte ting er det greit å få vurdert/justert/reparert av fagfolk, synest eg. Så nå er hybriden min på vårsjekk. Eg har f.eks. hatt litt trøbbel i det siste med bremser som ikkje slepp tak i felgen alltid. Sånt kan vera eit slit når du er ute og syklar, merka eg på søndag. Eg har prøvd å justera sjøl, men har ikkje fått det heilt til.

Eg har bare ein sykkel, så eg håper det er fort gjort. Det er jo herleg sykkelvær ute nå.

I går var eg ute og intervjua sykkelteknikar Kurt Sigve Haarr på Sola. I mandagens nordsjørittsending i Morgenlokalen (18. mai) får du gode råd og tips til vårsjekken. I tillegg skal eg prøva å laga ein enkel instruksjonsvideo til dei som punkterer. Det er faktisk ganske enkelt å skifta slange – og det tar ikkje lang tid.

]]>
http://blogg.nrk.no/nordsjorittet/2009/05/12/krise-eg-er-utan-sykkel/feed/ 0
Turen gjennomført i samarbeid med yr.no http://blogg.nrk.no/nordsjorittet/2009/05/10/turen-gjennomf%c3%b8rt-i-samarbeid-med-yrno/ http://blogg.nrk.no/nordsjorittet/2009/05/10/turen-gjennomf%c3%b8rt-i-samarbeid-med-yrno/#comments Sun, 10 May 2009 20:29:01 +0000 http://blogg.nrk.no/nordsjorittet/2009/05/10/turen-gjennomf%c3%b8rt-i-samarbeid-med-yrno/ Les videre ]]> 10052009347.jpg

Thomas fann ein lyktestolpe han likte godt på Dale…

Det finst ikkje dårleg vær, bare dårlege klær. Tull og tøys, sjølsagt. Det har ganske enkelt ikkje vore særleg fristande å legga ut på lange turar den siste veka.

Men Thomas og eg måtte ha ein langtur før veka var omme. I følge yr.no skulle søndagen passa godt. Så me drog ut i retning Sandnes i føremiddag.

10052009348.jpg

Hommersåk eller Dale? Me bestemte oss for Dale. Det er forholdsvis kupert mellom Aspervik og Dale så me fekk ein del motbakketrening. Eg er ikkje så glad i motbakkar, men kven er nå det? Det gir i alle fall håp at eg kan føla meg heilt utkjørt, men likevel klarer å henta meg relativt raskt inn igjen. Eg veit at eg kan sykla langt – og lenge – etterkvart, men det er motbakkane eg er litt redd i Nordsjørittet. Det går nok fint, håper eg. Totalt blei det 53 kilometer i dag: Våland-Sandnes-Dale-Sandnes-Våland. Forslag til fine seks-sju-milsturar mottas med takk!

10052009346.jpg

]]>
http://blogg.nrk.no/nordsjorittet/2009/05/10/turen-gjennomf%c3%b8rt-i-samarbeid-med-yrno/feed/ 2
Øyhopping http://blogg.nrk.no/nordsjorittet/2009/05/03/%c3%b8yhopping/ http://blogg.nrk.no/nordsjorittet/2009/05/03/%c3%b8yhopping/#respond Sun, 03 May 2009 11:39:47 +0000 http://blogg.nrk.no/nordsjorittet/2009/05/03/%c3%b8yhopping/ Les videre ]]> oyhopping.jpg

Eg har vel nevnt det før, men eg prøver av og til å legga sykkelturane til område kor eg ikkje har vore på lenge. Det er ikkje av vond vilje, men 15 år i Bergen får visse konsekvensar. 

Lørdag bestemte eg meg for å sykla over til Buøy og Hundvåg.  Farmor og farfar budde på Hundvåg, så eg var der mye i barndommen og har mange fine minne derifrå.

Grus

Etter mye sykling på kryss og tvers på Hundvåg fann eg grusvegar! Det er lurt å sykla på grus har eg lært. Ikkje fordi det er så rasande festleg, men fordi mye av Nordsjørittet går på grus og det er lurt å ha trent på slikt underlag.

Grus2

Og vips var eg plutseleg i Lundsvågen og kikka på båtane før turen gjekk vidare til Bjørnøy, Roaldsøy og Ormøy – og tilbake til Våland. Problemet med slike turar er at eg blir veldig opptatt av å kikka meg rundt, dermed er ikkje snittfarten spesielt høg. Men ein viss treningseffekt har det nå uansett. Og når eg først skal ut og trena er det kjekt å gjenoppdaga nærområda. Kan anbefalast!

Lundsvågen

]]>
http://blogg.nrk.no/nordsjorittet/2009/05/03/%c3%b8yhopping/feed/ 0
Fellestur! http://blogg.nrk.no/nordsjorittet/2009/04/26/fellestur/ http://blogg.nrk.no/nordsjorittet/2009/04/26/fellestur/#comments Sun, 26 Apr 2009 08:38:48 +0000 http://blogg.nrk.no/nordsjorittet/2009/04/26/fellestur/ Les videre ]]> fellestur.jpg

Foto: Ragnar Christensen

Fellestur lørdag morgon kl 8.30. Det er jo ikkje akkurat alle tidspunkts mor når det er helg og mulig å sova litt frampå. Men oppmøtet var slett ikkje så verst!

Det var seminar i NRK Rogaland på lørdag. Enkelte av oss som skal sykla Nordsjørittet nytta høvet til ei fellesøkt på sykkelsetet i forkant. Og for ein tur det blei i det fine været!

tjelta085.JPG

Foto: Rolf Marnburg

Seminarstart å Ullandhaug var klokka 11.00 så det var avgrensa kor langt me kunne sykla. Men fleire mil blei det faktisk. Turen gjekk til Sola, nærare bestemt Solastraen, Ølberg, Hellestø, Tjelta – og tilbake til Ullandhaug. Frisk og fin start på dagen før mange timars seminar – med Hans Morten Hansen-showet som eit knallbra punktum.

]]>
http://blogg.nrk.no/nordsjorittet/2009/04/26/fellestur/feed/ 2