Tall Ships Races – Kai Aage-bloggen http://blogg.nrk.no/kaiaage Bare enda et NRK-blogger-nettsted Thu, 26 Mar 2009 14:25:24 +0000 nb-NO hourly 1 https://wordpress.org/?v=4.9.2 Difor blir debatten stoppa! http://blogg.nrk.no/kaiaage/2008/12/01/difor-blir-debatten-stoppa/ http://blogg.nrk.no/kaiaage/2008/12/01/difor-blir-debatten-stoppa/#comments Mon, 01 Dec 2008 08:17:54 +0000 http://blogg.nrk.no/kaiaage/archives/2008/12/difor-blir-debatten-stoppa.html Les videre ]]> For ein redaktør er det slett ikkje kjekt å stoppa debattar slik NRK Sogn og Fjordane gjorde i helga. Det ligg i heile gjerninga vår at vi skal gå i bresjen for det frie ordet. Vi skal syta for at det er høgt under taket, og grasrota skal slepa lettare til i debattar enn maktpersonar.

Slik skal det vera også når folk i fylket skal diskutera underskotet etter Tall Ships Races. Her er det bruken av fellesskapet sine verdiar som blir debatterte og folkedjupet har krav på å få uttala seg om bruken av deira pengar.

I NRK sine kommentarfelt er det fritt fram. Du kan velja namn, til og med andre sitt namn, og sjølvsagt innhaldet sjølv. I løpet av sekundar kan folk leggja frå seg svært dryge utsegn om namngitte personar som har tusenvis av lesarar i løpet av nokre timar. Lesarane kan varsla oss om innhald som går over streken, men vi må likevel følgja nøye med desse nettdebattane. Dette er ei moderat form for moderering som gjer det enkelt for brukarane, men stiller strenge krav til at vi følgjer med på debattane.

99,9 prosent av alle debattinnlegg publiserte på NRK Sogn og Fjordane sine nettsider er gode – og held seg klart innanfor det som er akseptabelt. Men i helga tok dette heilt laust . Mange av debattinnlegga om økonomien i Tall Ships Races hadde stygge personkarakteristikkar som slett ikkje høyrer heime i ein samfunnsdebatt. Vi var aldri i tvil om stengja denne debatten!

Kvar går så grensa? Vanleg folkeskikk er som regel ein god peikepinn og står du fram med fullt namn kan du tillata deg litt meir enn om du er anonym!

]]>
http://blogg.nrk.no/kaiaage/2008/12/01/difor-blir-debatten-stoppa/feed/ 10