Språk – Kai Aage-bloggen http://blogg.nrk.no/kaiaage Bare enda et NRK-blogger-nettsted Thu, 26 Mar 2009 14:25:24 +0000 nb-NO hourly 1 https://wordpress.org/?v=4.9.2 Dette forstår eg ikkje eit plukk av! http://blogg.nrk.no/kaiaage/2009/03/18/dette-forstar-eg-ikkje-eit-plukk-av/ http://blogg.nrk.no/kaiaage/2009/03/18/dette-forstar-eg-ikkje-eit-plukk-av/#comments Wed, 18 Mar 2009 09:12:06 +0000 http://blogg.nrk.no/kaiaage/archives/2009/03/dette-forstar-eg-ikkje-eit-plukk-av.html Les videre ]]>

”Den 24. mars skal fylkesutvalet ta stilling til om Sogn og Fjordane skal søkja status som pilotfylke for å kunna styrkja samarbeid og kompetanse om universell utforming i kommunane, i fylkeskommunen og hjå fylkesmannen, få fleire møtestader for erfaring – og inspirasjonsutveksling og setja fokus på å auka kvalitet på utviklingsprosjekt i høve folkehelse og transport. Barne- og likestillingsdepartementet arbeider no med ein handlingsplan for universell utforming, og som eit av tiltaka i den skal det etablerast ei ordning med fire til seks pilotfylke i løpet av 2009.” Sogn Avis 18. mars, s. 13

Nokon som skjønar kva som står i denne teksten? Mesteparten er direkte avskrift av sakspapira til fylkesutvalet.

Fristande å sitera bokhandlaren i Sogndal som var liten av vekst og ikkje rakk opp til dei øvste bøkene i butikkhyllene: «Denne litteraturen ligg for høgt for meg»

I alle fall: Viss eg blir spurt om å sitja i styringsgruppa for pilotprosjektet som skal styrkja samarbeid og kompetanse om universell utforming i kommunane, i fylkeskommunen og hjå fylkesmannen, så blir det tvert nei! Det må vera eit minstemål at byråkratiet kan fortelja kva dette handlar om på ein anstendig måte før det blir sendt ut til ålmenta!

]]>
http://blogg.nrk.no/kaiaage/2009/03/18/dette-forstar-eg-ikkje-eit-plukk-av/feed/ 5
Ope brev til Sylfest Lomheim http://blogg.nrk.no/kaiaage/2009/01/02/ope-brev-til-sylfest-lomheim/ http://blogg.nrk.no/kaiaage/2009/01/02/ope-brev-til-sylfest-lomheim/#comments Fri, 02 Jan 2009 12:28:28 +0000 http://blogg.nrk.no/kaiaage/archives/2009/01/ope-brev-til-sylfest-lomheim.html Les videre ]]> Til Språkrådet
v/direktør Sylfest Lomheim
Postboks 8107 Dep, 0032 Oslo

Alt for mykje sinnsykt

Trur du det kan vera mogeleg å få austlendingane til å slutta med å seia sinnsykt i annakvar setning?

Du veit heilt sikkert kva eg meiner. For eksempel då Aksel Lund Svindal vann eit renn etter å ha vore skada i eitt år: Sinnsykt bra følelse, sinnnsyk fart ned henget og sinnsykt deilig å passere målstreken!

Eg hadde trudd dette var ei sykje som skulle gå over, men det blir berre verre og verre. Og sidan ordet er like malplassert som engelskmennene sin bruk av ordet fuck (øksling) i alle slags utrengsmål, må noko gjerast!

Kanskje kan Språkrådet leggja dette i handlingsplanen sin for 2009? Eller kan du Sylfest setja ned eit hardtarbeidande utval som kan finna nokre sinnsykt gode alternativ?

Sei i frå så skal eg hjelpa deg med nokre gode namn!

Beste helsing

Kai Aage Pedersen

PS! Etter at du er ferdig med sinnsyk, kan du ta ordet lissom. Ikkje fullt så nøye med det. Verre når ei heil pasientgruppe blir henta fram kvar gong ein autslending øser seg litt opp.

]]>
http://blogg.nrk.no/kaiaage/2009/01/02/ope-brev-til-sylfest-lomheim/feed/ 19
Og vinnaren er… http://blogg.nrk.no/kaiaage/2008/12/17/og-vinnaren-er/ http://blogg.nrk.no/kaiaage/2008/12/17/og-vinnaren-er/#comments Wed, 17 Dec 2008 11:03:06 +0000 http://blogg.nrk.no/kaiaage/archives/2008/12/og-vinnaren-er.html Les videre ]]> Kanskje litt intern, men likevel ikkje: NRK Sogn og Fjordane har i 2008 jobba for å betra språket vårt – spesielt på nettet. Radiojournalistar som er flinke til å snakka, er ikkje alltid like gode skribentar. Difor har vi i år delt ut språkpris som vart delt ut laurdag kveld.

Vinnaren kvitterte med ein lang og knakande god takketale som vi dessverre ikkje har skriftleg, men grunngjeving til juryen og kven som vann finn du her. Eventuelle gratulantar kan skriva kommentarar. Ueinig i tildelinga? Skriv då og!

Arve Uglum er vinnaren av NRK Sogn og Fjordane sin språkpris for 2008. Med godt språk, humor og forteljarglede, leverer sogningen flotte språkblomar til fylket kvar einaste veke.

For NRK er Arve ein god mal for språkbruk både i lokal – og riksflatene. På sin stilsikre måte framfører han bodskapen på klingande sognamaol – også når han rapporterer frå VM i alpint på NRK1.

Frå det siste året hugsar vi godt dei mange kommentarane om Sogndal Fotball, men også den leikande TV-reportasjen frå fotballkampen på Veitastrond. Litt lenger tilbake hugsar me Grautmål, dialektordserien på radio som ufarleggjorde ordet grautmål, og som vart ei merkevare for NRK Sogn og Fjordane.

Arve Uglum jobbar medvite med å finna kreative og nyskapande formuleringar i tekstane sine. Dette arbeidet løftar han forbi den grå massen av lettvint journalistikk og gjer han til ein akta samfunnsperson i sin region.

Godt språk er det viktigaste instrumentet til ein journalist. Arve Uglum brukar verktøyet sitt godt både skriftleg og munnleg. Han er difor ein verdig vinnar av NRK Sogn og Fjordane sin språkpris for 2008.
(I juryen: Olga Wergeland, språkkontakt Noralv Pedersen og underteikna)

]]>
http://blogg.nrk.no/kaiaage/2008/12/17/og-vinnaren-er/feed/ 8