I Romerikes Blad kan vi lesa at ”likheten mellom Georg Adolfsen og Martti Ahtisaari er slående.” I oppslaget sit Georg med eit kollosalt fotografi av fredsprisvinnaren i fanget – og alle ved sine fulle fem ser at dei to ikkje er det minste like.
I Aftenposten les vi at Ahtisaari er æresborgar av Namibia og at oldefaren er frå Tistedalen. Fredrikstad Blad har henta opp sin eigen tremenning av fredsprisvinnaren og Halden Arbeiderblad har sjølvsagt funne sin variant av Adolfsen-slekta frå dei djupe austlandsskogane.
Spesielt spennande journalistikk er det ikkje. Og det må vera stusseleg å vinna Nobels Fredspris og få ei mediedekning som på eit middels vestlandsk slektsstemne!
Tippar Martti Ahtisaari er glad for å komma seg heim i huset sitt i Finland, ta av seg smokingen, sparka av seg lakkskoa og blanda seg ein god dram!
”Vooi vito! Perkellee! Desse nordbaggarna er en spesiell gjeng!”
Og vi er ikkje heilt fri for denne provinstenkegangen her i fylket heller. Hugsar godt då Sogn Dagblad rydda heile førstesida for oppslaget: Bjørn Dæhlie har slekt i Brekke!
Eller kva med avisa Sogn og Fjordane sin journalist John Moberg som hadde vore på gratiscruise med Color Line til Newcastle? Den lokale vinkelen var tynn, men klinkande klar, over 10 spaltar:
”Og han som rører i grytene er frå Hermansverk!”
]]>