radio – Kai Aage-bloggen http://blogg.nrk.no/kaiaage Bare enda et NRK-blogger-nettsted Thu, 26 Mar 2009 14:25:24 +0000 nb-NO hourly 1 https://wordpress.org/?v=4.9.2 Stille digital revolusjon http://blogg.nrk.no/kaiaage/2008/10/29/stille-digital-revolusjon/ http://blogg.nrk.no/kaiaage/2008/10/29/stille-digital-revolusjon/#respond Wed, 29 Oct 2008 07:54:31 +0000 http://blogg.nrk.no/kaiaage/archives/2008/10/stille-digital-revolusjon.html Les videre ]]> Sogn og Fjordane er snart heildigitalisert på TV. 4. november gir dei analoge TV-sendarane sitt siste andedrag. Fylket som i følgje Einar Førde ikkje hadde bruk for spelefilmane å NRK2 pga eit rikt indre sjelsliv, har no full pakke med kanalar.

Midt oppe i dette har det gått føre seg ein stille digital revolusjon på radio. DAB (Digital Audio Broadcasting) Det gamle FM-nettet hanglar, og NRK og P4 byggjer ut DAB i lag rundt om i heile landet. Når utbygginga er god nok skal det gamle nettet slåast av – om 6-7 år.

Men dette får vi vel ikkje her, tenkjer sikkert du. Jaudå: Dekningskartet til DAB viser at store deler av fylket kan ta inn desse signala. Sjølv fekk eg min første DAB-radio i går. Den har god lyd – heilt utan støy. Og best av alt, i heil røys av kanalar, i tillegg til NRK Sogn og Fjordane: Ta for eksempel NRK Gull, som sender 24 timar i døgeret. Gamle gode programpostar frå NRK sitt rikhaldige radioarkiv – den gyldne radioalderen rett og slett!

Nesten litt ironisk det heile. Moderne digital teknologi opnar døra inn til det gamle!

]]>
http://blogg.nrk.no/kaiaage/2008/10/29/stille-digital-revolusjon/feed/ 0