NRK Sogn og Fjordane – Kai Aage-bloggen http://blogg.nrk.no/kaiaage Bare enda et NRK-blogger-nettsted Thu, 26 Mar 2009 14:25:24 +0000 nb-NO hourly 1 https://wordpress.org/?v=4.9.2 Tving på dei nynorsken! http://blogg.nrk.no/kaiaage/2009/01/23/tving-pa-dei-nynorsken/ http://blogg.nrk.no/kaiaage/2009/01/23/tving-pa-dei-nynorsken/#comments Fri, 23 Jan 2009 13:53:20 +0000 http://blogg.nrk.no/kaiaage/archives/2009/01/tving-pa-dei-nynorsken.html Les videre ]]> Alle artiklar publisert på NRK Sogn og Fjordane sine nettsider skal vera på nynorsk. Då vi laga språkreglar for distriktskontoret i fjor var dette oppe til diskusjon – eit mindretal av journalistane meiner mellom anna at journalistane fritt må få velja målform når dei skriv.

I NRK Sogn og Fjordane diskriminerer vi bokmålet, men meiner vi har rett til å gjera dette fordi nynorsken er eit minoritetsspråk under press. På mange måtar følgjer vi ein tradisjon som er godt fasttømra av laussalspressa i Oslo der det er utenkjeleg å sleppa nynorsken til i spaltene

Kva skal så til for at vi i NRK Sogn og Fjordane skal endra denne språkpolitikken?

Dersom styremaktene tek opp hansken frå Tor Fuglevik kan det henda vi må ta dette opp til vurdering. Fuglevik er direktør for det internasjonale medieselskapet MTG, har ei fortid som assisterande kringkastingssjef og er no medlem av Språkrådet. I ein kronikk i Dagens Næringsliv går bokmålsbrukaren til rette med ei langvarig og systematisk nynorskdiskriminering i dei største mediehusa i landet. Han peikar på at avisene i tillegg til ordinær pressestøtte har indirekte støtte gjennom fritak for moms. VG og Aftenposten (Schibsted) kan kassera inn til saman 140 millionar kroner kvart bidige år fordi styremaktene ynskjer å stimulera til sal av aviser. (Se og Hør som kjem ut to gonger i veka får ikkje slikt fritak)

Men det er ikkje noko krav om at begge målformene skal vera representert i desse avisene, trass i at denne spesialordninga gir dei store inntekter. Ein av aviseigarane peikar rett nok på at det er kjøparen av avisa som slepp å betala moms, men utan moms kan utgjevar skru opp prisen – og vidare auka innteninga.

Om nokre veker skal Stortinget handsama språkmeldinga ”Mål og meining”. Tor Fuglevik meiner politikarane på same tid bør diskutera ei lovendring som tvingar momsfritekne aviser til å bruka begge målformer. Forslaget er godt og det kjem til rett tid. Avisredaktørane kjem sjølvsagt til gneldra unisont og høgt når dette kjem på høyring, men det skal politikarane ta heilt med ro. Trugsmål om bortfall av 25 prosent av inntektene vil raskt føra til ro i rekkene. Difor er det all grunn til å tvinga på dei nynorsken!

Etter ei stund vil dei heilt sikkert vedgå at dei også har fått eit betre produkt.

PS! Mediehusa har mange måtar å skaffa inntekter på. Blant anna må vi betala abonnementet på avisene vi bestiller i januar. Ei avis med 15.000 abonnentar a 2.000 kroner får altså 30 millionar kr. på konto i januar. (dersom alle er heilårsabonnentar) Med 5 prosent rente blir dette 1.5 millionar kroner i forteneste før dei har produsert noko som helst. Pen ekstragevinst det og!

]]>
http://blogg.nrk.no/kaiaage/2009/01/23/tving-pa-dei-nynorsken/feed/ 18
Difor blir debatten stoppa! http://blogg.nrk.no/kaiaage/2008/12/01/difor-blir-debatten-stoppa/ http://blogg.nrk.no/kaiaage/2008/12/01/difor-blir-debatten-stoppa/#comments Mon, 01 Dec 2008 08:17:54 +0000 http://blogg.nrk.no/kaiaage/archives/2008/12/difor-blir-debatten-stoppa.html Les videre ]]> For ein redaktør er det slett ikkje kjekt å stoppa debattar slik NRK Sogn og Fjordane gjorde i helga. Det ligg i heile gjerninga vår at vi skal gå i bresjen for det frie ordet. Vi skal syta for at det er høgt under taket, og grasrota skal slepa lettare til i debattar enn maktpersonar.

Slik skal det vera også når folk i fylket skal diskutera underskotet etter Tall Ships Races. Her er det bruken av fellesskapet sine verdiar som blir debatterte og folkedjupet har krav på å få uttala seg om bruken av deira pengar.

I NRK sine kommentarfelt er det fritt fram. Du kan velja namn, til og med andre sitt namn, og sjølvsagt innhaldet sjølv. I løpet av sekundar kan folk leggja frå seg svært dryge utsegn om namngitte personar som har tusenvis av lesarar i løpet av nokre timar. Lesarane kan varsla oss om innhald som går over streken, men vi må likevel følgja nøye med desse nettdebattane. Dette er ei moderat form for moderering som gjer det enkelt for brukarane, men stiller strenge krav til at vi følgjer med på debattane.

99,9 prosent av alle debattinnlegg publiserte på NRK Sogn og Fjordane sine nettsider er gode – og held seg klart innanfor det som er akseptabelt. Men i helga tok dette heilt laust . Mange av debattinnlegga om økonomien i Tall Ships Races hadde stygge personkarakteristikkar som slett ikkje høyrer heime i ein samfunnsdebatt. Vi var aldri i tvil om stengja denne debatten!

Kvar går så grensa? Vanleg folkeskikk er som regel ein god peikepinn og står du fram med fullt namn kan du tillata deg litt meir enn om du er anonym!

]]>
http://blogg.nrk.no/kaiaage/2008/12/01/difor-blir-debatten-stoppa/feed/ 10
Stille digital revolusjon http://blogg.nrk.no/kaiaage/2008/10/29/stille-digital-revolusjon/ http://blogg.nrk.no/kaiaage/2008/10/29/stille-digital-revolusjon/#respond Wed, 29 Oct 2008 07:54:31 +0000 http://blogg.nrk.no/kaiaage/archives/2008/10/stille-digital-revolusjon.html Les videre ]]> Sogn og Fjordane er snart heildigitalisert på TV. 4. november gir dei analoge TV-sendarane sitt siste andedrag. Fylket som i følgje Einar Førde ikkje hadde bruk for spelefilmane å NRK2 pga eit rikt indre sjelsliv, har no full pakke med kanalar.

Midt oppe i dette har det gått føre seg ein stille digital revolusjon på radio. DAB (Digital Audio Broadcasting) Det gamle FM-nettet hanglar, og NRK og P4 byggjer ut DAB i lag rundt om i heile landet. Når utbygginga er god nok skal det gamle nettet slåast av – om 6-7 år.

Men dette får vi vel ikkje her, tenkjer sikkert du. Jaudå: Dekningskartet til DAB viser at store deler av fylket kan ta inn desse signala. Sjølv fekk eg min første DAB-radio i går. Den har god lyd – heilt utan støy. Og best av alt, i heil røys av kanalar, i tillegg til NRK Sogn og Fjordane: Ta for eksempel NRK Gull, som sender 24 timar i døgeret. Gamle gode programpostar frå NRK sitt rikhaldige radioarkiv – den gyldne radioalderen rett og slett!

Nesten litt ironisk det heile. Moderne digital teknologi opnar døra inn til det gamle!

]]>
http://blogg.nrk.no/kaiaage/2008/10/29/stille-digital-revolusjon/feed/ 0