nettdebatt – Kai Aage-bloggen http://blogg.nrk.no/kaiaage Bare enda et NRK-blogger-nettsted Thu, 26 Mar 2009 14:25:24 +0000 nb-NO hourly 1 https://wordpress.org/?v=4.9.2 Difor blir debatten stoppa! http://blogg.nrk.no/kaiaage/2008/12/01/difor-blir-debatten-stoppa/ http://blogg.nrk.no/kaiaage/2008/12/01/difor-blir-debatten-stoppa/#comments Mon, 01 Dec 2008 08:17:54 +0000 http://blogg.nrk.no/kaiaage/archives/2008/12/difor-blir-debatten-stoppa.html Les videre ]]> For ein redaktør er det slett ikkje kjekt å stoppa debattar slik NRK Sogn og Fjordane gjorde i helga. Det ligg i heile gjerninga vår at vi skal gå i bresjen for det frie ordet. Vi skal syta for at det er høgt under taket, og grasrota skal slepa lettare til i debattar enn maktpersonar.

Slik skal det vera også når folk i fylket skal diskutera underskotet etter Tall Ships Races. Her er det bruken av fellesskapet sine verdiar som blir debatterte og folkedjupet har krav på å få uttala seg om bruken av deira pengar.

I NRK sine kommentarfelt er det fritt fram. Du kan velja namn, til og med andre sitt namn, og sjølvsagt innhaldet sjølv. I løpet av sekundar kan folk leggja frå seg svært dryge utsegn om namngitte personar som har tusenvis av lesarar i løpet av nokre timar. Lesarane kan varsla oss om innhald som går over streken, men vi må likevel følgja nøye med desse nettdebattane. Dette er ei moderat form for moderering som gjer det enkelt for brukarane, men stiller strenge krav til at vi følgjer med på debattane.

99,9 prosent av alle debattinnlegg publiserte på NRK Sogn og Fjordane sine nettsider er gode – og held seg klart innanfor det som er akseptabelt. Men i helga tok dette heilt laust . Mange av debattinnlegga om økonomien i Tall Ships Races hadde stygge personkarakteristikkar som slett ikkje høyrer heime i ein samfunnsdebatt. Vi var aldri i tvil om stengja denne debatten!

Kvar går så grensa? Vanleg folkeskikk er som regel ein god peikepinn og står du fram med fullt namn kan du tillata deg litt meir enn om du er anonym!

]]>
http://blogg.nrk.no/kaiaage/2008/12/01/difor-blir-debatten-stoppa/feed/ 10
Tøffe nettdebattar http://blogg.nrk.no/kaiaage/2008/10/28/t%c3%b8ffe-nettdebattar/ http://blogg.nrk.no/kaiaage/2008/10/28/t%c3%b8ffe-nettdebattar/#comments Tue, 28 Oct 2008 10:41:15 +0000 http://blogg.nrk.no/kaiaage/archives/2008/10/t%c3%b8ffe-nettdebattar.html Les videre ]]> Har du vore utsett for tøff omtale på nettet, frå anonyme personar, eller kanskje personar som gir seg ut for å vera ein annan enn dei er?

Vårt nye medium byr på mange utfordringar. Norsk Journalistlag (NJ) vil ha førehandsgodkjenning av alle debattinnlegg på nettet. Men er det løysinga?

NRK Sogn og Fjordane sine nettsider har vi hatt veker med over 1.000 debattinnlegg, mange av dei korte utbrot mot siste innlegg, men også svært mange gode kommentarar med mykje god dokumentasjon.
Men stadig nye problemstillingar dukkar opp etter kvart som folk får innsikt og trening i vårt nye medium. For eksempel har det vorte vanleg å gå under falskt flagg: Kva gjer for eksempel redaktøren viss fylkesordførar Nils R. Sandal under fullt namn går til angrep på ein partikollega? Partikollegaen svarer med eit endå tøffare angrep på Sandal , begge innlegga sjølve skrivne av ein politisk motstandar.

I Sogn og Fjordane er dette ei høgst reell problemstilling. Eksempelet over har vi vore borti fleire gonger (men ikkje fylkesordføraren). Folk går i krigen enkelte gonger med fullt namn, andre gonger begge deler. Folk diskuterer gjerne med seg sjølve med fleire nick – og legg gjerne ut provokasjonar mot eigne meiningar for å få fyr i diskusjonen.

Korleis skal vi så handtera dette? Skal vi ringa Nils R. og sjekka at han skrive dette innlegget, eller skal vi la dette gå? Kva skjer når profesjonelle spinndoctors tek i bruk desse teknikkane for å styra samfunnsdebatten dit dei vil? Av og til debatt med fullt namn, nokre gonger i andre sitt namn!

Med redaktørplakaten og NRK sin merkevare er vi med å legitimera desse debattane. Vi gir debatten autoritet, og må syta for at denne er intakt også etter at folk har rasa frå seg i nettsamfunna våre.

Eg vil ikkje ha førhandsgodkjenning av nettdebatten slik NJ vil, men vil prøva å få NRK sentralt med på ei ordning der kvar enkelt må registrera seg med mobilnummeret sitt før dei legg ut ein kommentar. Fram til vi får det på plass skal NRK Sogn og Fjordane følgja nettdebatten med falkeauge.

]]>
http://blogg.nrk.no/kaiaage/2008/10/28/t%c3%b8ffe-nettdebattar/feed/ 21