media – Kai Aage-bloggen http://blogg.nrk.no/kaiaage Bare enda et NRK-blogger-nettsted Thu, 26 Mar 2009 14:25:24 +0000 nb-NO hourly 1 https://wordpress.org/?v=4.9.2 Dette forstår eg ikkje eit plukk av! http://blogg.nrk.no/kaiaage/2009/03/18/dette-forstar-eg-ikkje-eit-plukk-av/ http://blogg.nrk.no/kaiaage/2009/03/18/dette-forstar-eg-ikkje-eit-plukk-av/#comments Wed, 18 Mar 2009 09:12:06 +0000 http://blogg.nrk.no/kaiaage/archives/2009/03/dette-forstar-eg-ikkje-eit-plukk-av.html Les videre ]]>

”Den 24. mars skal fylkesutvalet ta stilling til om Sogn og Fjordane skal søkja status som pilotfylke for å kunna styrkja samarbeid og kompetanse om universell utforming i kommunane, i fylkeskommunen og hjå fylkesmannen, få fleire møtestader for erfaring – og inspirasjonsutveksling og setja fokus på å auka kvalitet på utviklingsprosjekt i høve folkehelse og transport. Barne- og likestillingsdepartementet arbeider no med ein handlingsplan for universell utforming, og som eit av tiltaka i den skal det etablerast ei ordning med fire til seks pilotfylke i løpet av 2009.” Sogn Avis 18. mars, s. 13

Nokon som skjønar kva som står i denne teksten? Mesteparten er direkte avskrift av sakspapira til fylkesutvalet.

Fristande å sitera bokhandlaren i Sogndal som var liten av vekst og ikkje rakk opp til dei øvste bøkene i butikkhyllene: «Denne litteraturen ligg for høgt for meg»

I alle fall: Viss eg blir spurt om å sitja i styringsgruppa for pilotprosjektet som skal styrkja samarbeid og kompetanse om universell utforming i kommunane, i fylkeskommunen og hjå fylkesmannen, så blir det tvert nei! Det må vera eit minstemål at byråkratiet kan fortelja kva dette handlar om på ein anstendig måte før det blir sendt ut til ålmenta!

]]>
http://blogg.nrk.no/kaiaage/2009/03/18/dette-forstar-eg-ikkje-eit-plukk-av/feed/ 5
Slekta til Martti Ahtisaari http://blogg.nrk.no/kaiaage/2008/12/12/slekta-til-martti-ahtisaari/ http://blogg.nrk.no/kaiaage/2008/12/12/slekta-til-martti-ahtisaari/#comments Fri, 12 Dec 2008 10:59:02 +0000 http://blogg.nrk.no/kaiaage/archives/2008/12/slekta-til-martti-ahtisaari.html Les videre ]]> Viss eg nokon gong får fredsprisen håpar eg at eg slepp den skjebnen Martti Ahtisaari har fått denne veka. Sidan han tok første steget ut av flyet på Gardermoen har han vorte rend ned av perifer slekt. Til og med Dagsrevyen henta fram ein tremenning frå Hvaler som Ahtisaari måtte klemma og kosa med medan NRK sin fotograf filma. Litt kjensler må lisensbetalarane få når vesle Oslo har alle verdas auge på seg desse desemberdagane i 2008!

I Romerikes Blad kan vi lesa at ”likheten mellom Georg Adolfsen og Martti Ahtisaari er slående.” I oppslaget sit Georg med eit kollosalt fotografi av fredsprisvinnaren i fanget – og alle ved sine fulle fem ser at dei to ikkje er det minste like.

I Aftenposten les vi at Ahtisaari er æresborgar av Namibia og at oldefaren er frå Tistedalen. Fredrikstad Blad har henta opp sin eigen tremenning av fredsprisvinnaren og Halden Arbeiderblad har sjølvsagt funne sin variant av Adolfsen-slekta frå dei djupe austlandsskogane.

Spesielt spennande journalistikk er det ikkje. Og det må vera stusseleg å vinna Nobels Fredspris og få ei mediedekning som på eit middels vestlandsk slektsstemne!

Tippar Martti Ahtisaari er glad for å komma seg heim i huset sitt i Finland, ta av seg smokingen, sparka av seg lakkskoa og blanda seg ein god dram!

”Vooi vito! Perkellee! Desse nordbaggarna er en spesiell gjeng!”

Og vi er ikkje heilt fri for denne provinstenkegangen her i fylket heller. Hugsar godt då Sogn Dagblad rydda heile førstesida for oppslaget: Bjørn Dæhlie har slekt i Brekke!

Eller kva med avisa Sogn og Fjordane sin journalist John Moberg som hadde vore på gratiscruise med Color Line til Newcastle? Den lokale vinkelen var tynn, men klinkande klar, over 10 spaltar:

”Og han som rører i grytene er frå Hermansverk!”

]]>
http://blogg.nrk.no/kaiaage/2008/12/12/slekta-til-martti-ahtisaari/feed/ 4
Difor blir debatten stoppa! http://blogg.nrk.no/kaiaage/2008/12/01/difor-blir-debatten-stoppa/ http://blogg.nrk.no/kaiaage/2008/12/01/difor-blir-debatten-stoppa/#comments Mon, 01 Dec 2008 08:17:54 +0000 http://blogg.nrk.no/kaiaage/archives/2008/12/difor-blir-debatten-stoppa.html Les videre ]]> For ein redaktør er det slett ikkje kjekt å stoppa debattar slik NRK Sogn og Fjordane gjorde i helga. Det ligg i heile gjerninga vår at vi skal gå i bresjen for det frie ordet. Vi skal syta for at det er høgt under taket, og grasrota skal slepa lettare til i debattar enn maktpersonar.

Slik skal det vera også når folk i fylket skal diskutera underskotet etter Tall Ships Races. Her er det bruken av fellesskapet sine verdiar som blir debatterte og folkedjupet har krav på å få uttala seg om bruken av deira pengar.

I NRK sine kommentarfelt er det fritt fram. Du kan velja namn, til og med andre sitt namn, og sjølvsagt innhaldet sjølv. I løpet av sekundar kan folk leggja frå seg svært dryge utsegn om namngitte personar som har tusenvis av lesarar i løpet av nokre timar. Lesarane kan varsla oss om innhald som går over streken, men vi må likevel følgja nøye med desse nettdebattane. Dette er ei moderat form for moderering som gjer det enkelt for brukarane, men stiller strenge krav til at vi følgjer med på debattane.

99,9 prosent av alle debattinnlegg publiserte på NRK Sogn og Fjordane sine nettsider er gode – og held seg klart innanfor det som er akseptabelt. Men i helga tok dette heilt laust . Mange av debattinnlegga om økonomien i Tall Ships Races hadde stygge personkarakteristikkar som slett ikkje høyrer heime i ein samfunnsdebatt. Vi var aldri i tvil om stengja denne debatten!

Kvar går så grensa? Vanleg folkeskikk er som regel ein god peikepinn og står du fram med fullt namn kan du tillata deg litt meir enn om du er anonym!

]]>
http://blogg.nrk.no/kaiaage/2008/12/01/difor-blir-debatten-stoppa/feed/ 10
Endeleg fekk eg svaret! http://blogg.nrk.no/kaiaage/2008/11/24/endeleg-fekk-eg-svaret/ http://blogg.nrk.no/kaiaage/2008/11/24/endeleg-fekk-eg-svaret/#comments Mon, 24 Nov 2008 10:48:49 +0000 http://blogg.nrk.no/kaiaage/archives/2008/11/endeleg-fekk-eg-svaret.html Les videre ]]> Over heile førstesida, i den største avisa landet kan oppdriva, fekk vi svaret vi har venta på i 24 år: Kvifor i all verdas rike gjekk Anita Skorgan i frå Jahn Teigen? Korleis kunne ho finna på det? Ein slik sjarmerande kar, som attpåtil er rasande flink til å syngja?

Bak ei slik førsteside ligg det mykje hardt arbeid. Sidan dette er henta frå ei bok lyt ein lesa boka. Og før ein gjer det lyt ein syta for å få tak i boka:

”Hei, det er frå VG her! Vi kan gjerne tenkja oss å slå stort opp denne boka om Jahn Teigen, men då må vi ha det ekslusivt. Flott viss de kan leggja ein gul lapp ved kapittelet som handlar om skilsmissen så slepp vi lesa heile boka. Travelt å vera journalist, skjønnar de, spesielt i landets største avis! He, he, he!”

Med ei slik toppsak er helga berga. På resten av førstesida er det berre å fylla på med kollosalt viktige saker. Komiker Jonas Gardell voldtatt av mann. (sikkert 24 år sidan det og) Gørild Maurseth sitt naken bilde publisert på pornonettsted. Og til slutt: Sex-leken endte i drap!

Her har sjølvsagt lokalavisene i Sogn og Fjordane mykje å læra! Kritisk journalistikk og meldingar frå lokalsamfunnet må leggjast vekk til fordel for tjue år gamle skilsmål, og folk som skryt av at dei har vore oppe i senga til Kjell Inge Røkke!
Jaudå for kvar dag som går blir eg tryggare og tryggare på at lokalaviser med substans og innhald som du ikkje finn andre stader er eit villspor! 24 år gamle skilsmål er det folket folket vil ha!

Eller?

]]>
http://blogg.nrk.no/kaiaage/2008/11/24/endeleg-fekk-eg-svaret/feed/ 4
Tøffe nettdebattar http://blogg.nrk.no/kaiaage/2008/10/28/t%c3%b8ffe-nettdebattar/ http://blogg.nrk.no/kaiaage/2008/10/28/t%c3%b8ffe-nettdebattar/#comments Tue, 28 Oct 2008 10:41:15 +0000 http://blogg.nrk.no/kaiaage/archives/2008/10/t%c3%b8ffe-nettdebattar.html Les videre ]]> Har du vore utsett for tøff omtale på nettet, frå anonyme personar, eller kanskje personar som gir seg ut for å vera ein annan enn dei er?

Vårt nye medium byr på mange utfordringar. Norsk Journalistlag (NJ) vil ha førehandsgodkjenning av alle debattinnlegg på nettet. Men er det løysinga?

NRK Sogn og Fjordane sine nettsider har vi hatt veker med over 1.000 debattinnlegg, mange av dei korte utbrot mot siste innlegg, men også svært mange gode kommentarar med mykje god dokumentasjon.
Men stadig nye problemstillingar dukkar opp etter kvart som folk får innsikt og trening i vårt nye medium. For eksempel har det vorte vanleg å gå under falskt flagg: Kva gjer for eksempel redaktøren viss fylkesordførar Nils R. Sandal under fullt namn går til angrep på ein partikollega? Partikollegaen svarer med eit endå tøffare angrep på Sandal , begge innlegga sjølve skrivne av ein politisk motstandar.

I Sogn og Fjordane er dette ei høgst reell problemstilling. Eksempelet over har vi vore borti fleire gonger (men ikkje fylkesordføraren). Folk går i krigen enkelte gonger med fullt namn, andre gonger begge deler. Folk diskuterer gjerne med seg sjølve med fleire nick – og legg gjerne ut provokasjonar mot eigne meiningar for å få fyr i diskusjonen.

Korleis skal vi så handtera dette? Skal vi ringa Nils R. og sjekka at han skrive dette innlegget, eller skal vi la dette gå? Kva skjer når profesjonelle spinndoctors tek i bruk desse teknikkane for å styra samfunnsdebatten dit dei vil? Av og til debatt med fullt namn, nokre gonger i andre sitt namn!

Med redaktørplakaten og NRK sin merkevare er vi med å legitimera desse debattane. Vi gir debatten autoritet, og må syta for at denne er intakt også etter at folk har rasa frå seg i nettsamfunna våre.

Eg vil ikkje ha førhandsgodkjenning av nettdebatten slik NJ vil, men vil prøva å få NRK sentralt med på ei ordning der kvar enkelt må registrera seg med mobilnummeret sitt før dei legg ut ein kommentar. Fram til vi får det på plass skal NRK Sogn og Fjordane følgja nettdebatten med falkeauge.

]]>
http://blogg.nrk.no/kaiaage/2008/10/28/t%c3%b8ffe-nettdebattar/feed/ 21