Liverpool – Kai Aage-bloggen http://blogg.nrk.no/kaiaage Bare enda et NRK-blogger-nettsted Thu, 26 Mar 2009 14:25:24 +0000 nb-NO hourly 1 https://wordpress.org/?v=4.9.2 Stakkars Steven Gerrard! http://blogg.nrk.no/kaiaage/2009/01/20/stakkars-steven-gerrard/ http://blogg.nrk.no/kaiaage/2009/01/20/stakkars-steven-gerrard/#comments Tue, 20 Jan 2009 14:11:44 +0000 http://blogg.nrk.no/kaiaage/archives/2009/01/stakkars-steven-gerrard.html Les videre ]]> Fredag møter fotballstjerna Steven Gerrard i retten fordi han har klabba til ein halvtyl i ein bar i England. Her heime melder alle dei store avisene, nettaviser og fjernsynsstasjonar at Liverpool-spelaren kan få 5 år fengsel.

Er dette sant? Kan ein mann få 5 år fengsel for å dra til ein kar? Sjølvsagt ikkje!

Journalistane brukar straffelova som seier at vald kan straffast med alt frå ei lita bot og opp til 5 års fengsel. Mest truleg må du bruka tortur i vekevis for å bli dømd til den strengaste straffa. Eit godt tips i tilfellet Gerrard er bøter eller nokre veker fengsel på vilkår.

For folk flest er det rart at slåssing blir jamstilt med ei grov valdtekt når det kjem til straffeutmåling. Å henta fram ytterpunkta i strafferamma i ei slik sak blir meiningslaust. Fotballspelaren slepp mest truleg unna med ei lita bot. Stakkars Steven Gerrard seier eg, ikkje på grunna av straffa han får, men på grunn av alt styret.

Her i Sogn og Fjordane er det fleire redaksjonar som har same sykja – også vi i NRK. Eit lovbrot skal helst gjerast så alvorleg som mogeleg. Når vi verkeleg skal la gravalvoret senka seg over fylket hentar vi gjerne fram formuleringa:

Politiet ser alvorleg på saka!

Her ser vi føre oss journalisten spørja politimannen: Er dette ei sak de ser alvorleg på? Og politimannen svarar ja!

Kva så om saka ikkje er så alvorleg, kva skal politiet seia då?

”Politiet tykkjer dette er ei artig sak, faktisk har saka teke heile politikammeret i Florø med storm, polititenestefolka skrattar av saka.”

Siste nytt på krimfronten er at politiet har oppretta sak! Når ein person ikkje er mistenkt, sikta, eller tiltalt, kan det vera greitt å finna på noko nytt. Difor uttrykket det er oppretta sak. Men kva betyr eigentleg dette? At dei har skrive ned namnet på ein person? Ikkje veit eg, men eit eller anna skal ein jo sei!

Forresten meiner eg at alle bør ha minst eitt barslagsmål på cv-en før dei søkjer seg fast arbeid. Så kan vi i media melda at politiet ser alvorleg på saka og at det er oppretta sak. Vedkommande risikerer sjølvsagt kollosalt lang fengselsstraff!

Heia Liverpool!

]]>
http://blogg.nrk.no/kaiaage/2009/01/20/stakkars-steven-gerrard/feed/ 5