katastrofe – Kai Aage-bloggen http://blogg.nrk.no/kaiaage Bare enda et NRK-blogger-nettsted Thu, 26 Mar 2009 14:25:24 +0000 nb-NO hourly 1 https://wordpress.org/?v=4.9.2 Førebur seg på katastrofe http://blogg.nrk.no/kaiaage/2008/11/11/f%c3%b8rebur-seg-pa-katastrofe/ http://blogg.nrk.no/kaiaage/2008/11/11/f%c3%b8rebur-seg-pa-katastrofe/#respond Tue, 11 Nov 2008 10:22:37 +0000 http://blogg.nrk.no/kaiaage/archives/2008/11/f%c3%b8rebur-seg-pa-katastrofe.html Les videre ]]> Eg er på pandemiøving på Alexandra hotell i Loen. Som redaktør for eit av NRK sine distriktskontor sit eg i fylkesberedskapsrådet som skal koordinera beredskapen ved eventuelle katastrofar.

Pandemi-øving

Og det er altså ikkje russarane som er houdfienden, heller ikkje terror. Endra reisevanar og globalisering gjer at styremaktene no fryktar for smitte av pandemisk influensa.

Ikkje så farleg?

Det trudde ikkje eg heller, men når eg snakkar med helsepersonell som har greie på dette blir dei urolege i blikket. Risikoen er absloutt til stades for at Europa ein eller annan gong får eit slikt virus blant innbyggjarane. I verste- fall scenariet som blir rulla ut i denne øvinga er det 8.000 sjuke kvar dag og 120 døde per dag – berre i Sogn og Fjordane.

Og medan finanskrisa tek mesteparten av merksemda i media er SARS-viruset minst like aktivt som før. Fråveret frå avisspaltene betyr slett ikkje at fugleinfluensaen har teke pause.
Difor er det alvor når smittevernlegar, forsvarstoppar, rådmenn, ordførarar, fylkeslege, helsedirektoratet og andre etatsjefar møtest for å øva på ei slik katastrofe i Stryn. I lag med fjellskred er ein pandemi blant dei tunge katastrofane som kan råka fylket vårt i fredstid.

Og vi er sjølvsagt ikkje åleine. Styremaktene arrangerer slike øvingar landet rundt, landet førebur seg rett og slett på at det verste kan skje. Så er det berre å håpa at denne typen øvingar er med å skjerpa beredskapen blant dei som styrer, og at skadeverknadane blir minst mogeleg dersom vi blir råka.

]]>
http://blogg.nrk.no/kaiaage/2008/11/11/f%c3%b8rebur-seg-pa-katastrofe/feed/ 0