journalistikk – Kai Aage-bloggen http://blogg.nrk.no/kaiaage Bare enda et NRK-blogger-nettsted Thu, 26 Mar 2009 14:25:24 +0000 nb-NO hourly 1 https://wordpress.org/?v=4.9.2 Stakkars Steven Gerrard! http://blogg.nrk.no/kaiaage/2009/01/20/stakkars-steven-gerrard/ http://blogg.nrk.no/kaiaage/2009/01/20/stakkars-steven-gerrard/#comments Tue, 20 Jan 2009 14:11:44 +0000 http://blogg.nrk.no/kaiaage/archives/2009/01/stakkars-steven-gerrard.html Les videre ]]> Fredag møter fotballstjerna Steven Gerrard i retten fordi han har klabba til ein halvtyl i ein bar i England. Her heime melder alle dei store avisene, nettaviser og fjernsynsstasjonar at Liverpool-spelaren kan få 5 år fengsel.

Er dette sant? Kan ein mann få 5 år fengsel for å dra til ein kar? Sjølvsagt ikkje!

Journalistane brukar straffelova som seier at vald kan straffast med alt frå ei lita bot og opp til 5 års fengsel. Mest truleg må du bruka tortur i vekevis for å bli dømd til den strengaste straffa. Eit godt tips i tilfellet Gerrard er bøter eller nokre veker fengsel på vilkår.

For folk flest er det rart at slåssing blir jamstilt med ei grov valdtekt når det kjem til straffeutmåling. Å henta fram ytterpunkta i strafferamma i ei slik sak blir meiningslaust. Fotballspelaren slepp mest truleg unna med ei lita bot. Stakkars Steven Gerrard seier eg, ikkje på grunna av straffa han får, men på grunn av alt styret.

Her i Sogn og Fjordane er det fleire redaksjonar som har same sykja – også vi i NRK. Eit lovbrot skal helst gjerast så alvorleg som mogeleg. Når vi verkeleg skal la gravalvoret senka seg over fylket hentar vi gjerne fram formuleringa:

Politiet ser alvorleg på saka!

Her ser vi føre oss journalisten spørja politimannen: Er dette ei sak de ser alvorleg på? Og politimannen svarar ja!

Kva så om saka ikkje er så alvorleg, kva skal politiet seia då?

”Politiet tykkjer dette er ei artig sak, faktisk har saka teke heile politikammeret i Florø med storm, polititenestefolka skrattar av saka.”

Siste nytt på krimfronten er at politiet har oppretta sak! Når ein person ikkje er mistenkt, sikta, eller tiltalt, kan det vera greitt å finna på noko nytt. Difor uttrykket det er oppretta sak. Men kva betyr eigentleg dette? At dei har skrive ned namnet på ein person? Ikkje veit eg, men eit eller anna skal ein jo sei!

Forresten meiner eg at alle bør ha minst eitt barslagsmål på cv-en før dei søkjer seg fast arbeid. Så kan vi i media melda at politiet ser alvorleg på saka og at det er oppretta sak. Vedkommande risikerer sjølvsagt kollosalt lang fengselsstraff!

Heia Liverpool!

]]>
http://blogg.nrk.no/kaiaage/2009/01/20/stakkars-steven-gerrard/feed/ 5
Og vinnaren er… http://blogg.nrk.no/kaiaage/2008/12/17/og-vinnaren-er/ http://blogg.nrk.no/kaiaage/2008/12/17/og-vinnaren-er/#comments Wed, 17 Dec 2008 11:03:06 +0000 http://blogg.nrk.no/kaiaage/archives/2008/12/og-vinnaren-er.html Les videre ]]> Kanskje litt intern, men likevel ikkje: NRK Sogn og Fjordane har i 2008 jobba for å betra språket vårt – spesielt på nettet. Radiojournalistar som er flinke til å snakka, er ikkje alltid like gode skribentar. Difor har vi i år delt ut språkpris som vart delt ut laurdag kveld.

Vinnaren kvitterte med ein lang og knakande god takketale som vi dessverre ikkje har skriftleg, men grunngjeving til juryen og kven som vann finn du her. Eventuelle gratulantar kan skriva kommentarar. Ueinig i tildelinga? Skriv då og!

Arve Uglum er vinnaren av NRK Sogn og Fjordane sin språkpris for 2008. Med godt språk, humor og forteljarglede, leverer sogningen flotte språkblomar til fylket kvar einaste veke.

For NRK er Arve ein god mal for språkbruk både i lokal – og riksflatene. På sin stilsikre måte framfører han bodskapen på klingande sognamaol – også når han rapporterer frå VM i alpint på NRK1.

Frå det siste året hugsar vi godt dei mange kommentarane om Sogndal Fotball, men også den leikande TV-reportasjen frå fotballkampen på Veitastrond. Litt lenger tilbake hugsar me Grautmål, dialektordserien på radio som ufarleggjorde ordet grautmål, og som vart ei merkevare for NRK Sogn og Fjordane.

Arve Uglum jobbar medvite med å finna kreative og nyskapande formuleringar i tekstane sine. Dette arbeidet løftar han forbi den grå massen av lettvint journalistikk og gjer han til ein akta samfunnsperson i sin region.

Godt språk er det viktigaste instrumentet til ein journalist. Arve Uglum brukar verktøyet sitt godt både skriftleg og munnleg. Han er difor ein verdig vinnar av NRK Sogn og Fjordane sin språkpris for 2008.
(I juryen: Olga Wergeland, språkkontakt Noralv Pedersen og underteikna)

]]>
http://blogg.nrk.no/kaiaage/2008/12/17/og-vinnaren-er/feed/ 8