Ukategorisert – Kai Aage-bloggen http://blogg.nrk.no/kaiaage Bare enda et NRK-blogger-nettsted Thu, 26 Mar 2009 14:25:24 +0000 nb-NO hourly 1 https://wordpress.org/?v=4.9.2 Viktige program http://blogg.nrk.no/kaiaage/2009/03/26/viktige-program/ http://blogg.nrk.no/kaiaage/2009/03/26/viktige-program/#comments Thu, 26 Mar 2009 14:25:24 +0000 http://blogg.nrk.no/kaiaage/archives/2009/03/viktige-program.html Les videre ]]> NRK Sogn og Fjordane har i ei heil veke sett fokus på rusproblem – og familiane til dei med rusproblem. Serien har sett dagsorden i fylket, dette har vore samtaleemne i mange heimar og på arbeidsplassar. Mange har folk i nær familie, eller kjenner folk som er rusavhengige, og kan difor lett setja seg inn i mange av dei skjebnane vi har fått presentert.

Å leva med rus heiter serien. Den startar ikkje med å intervjua maktpersonar men med dei som er direkte råka av problema: Vi har besøkt dei som har ektemake eller born som er avhengige av rusmiddel og som har fått store deler av livet sitt øydelagt på grunn av dette. I kjølvatnet av alle desse sterke historiene har vi fått ekspertane som har kommentert manglande behandlingstilbod.

Etter 20 år i media i fylket, som journalist og redaktør, er eg rimeleg lei av krampetabloide nyheitssaker som er lite truverdige. Eg vil ha verda presentert slik ho er, med vanlege folk som deltakarar i samfunnsdebatten. Serien å leva med rus er eit godt døme på at det er mogeleg å få interessant journalistikk med eit slikt utgangspunkt.

Det slår meg også at desse intervjuobjekta er flinke forteljarar. Utan sentimentalitet deler dei livet sitt med oss andre og gir politikarane kjøt på beinet når dei skal utforma ein rusmiddelpolitikk for fylket. Alle dei som har stilt opp fortener stor takk!

Også journalist Eli Eikenæs Vengen fortener ros for å gå laus på eit stoffområde få journalistar tek tak i. Slikt vil vi gjerne gjera meir av i NRK Sogn og Fjordane – og tek gjerne i mot idear til saker vi kan ta opp.

]]>
http://blogg.nrk.no/kaiaage/2009/03/26/viktige-program/feed/ 1
Fotballkrig på nettet! http://blogg.nrk.no/kaiaage/2009/03/12/fotballkrig-pa-nettet/ http://blogg.nrk.no/kaiaage/2009/03/12/fotballkrig-pa-nettet/#comments Thu, 12 Mar 2009 10:35:51 +0000 http://blogg.nrk.no/kaiaage/archives/2009/03/fotballkrig-pa-nettet.html Les videre ]]> Til helga rullar toppfotballen att i Norge. Dei store mediehusa har brukt fleire hundre millionar kroner på senderettane – og mykje av konkurransen om brukarane skjer no på nettet. VG Nett har blant anna planar om spektakulære fleirkameraproduksjonar frå eliteserien i fotball. Meininga er at fotballinteresserte skal betala for å sjå desse kampane.

Problemet til VG Nett er at nettet slett ikkje er dimensjonert for massedistribusjon av direktesendt video med høg kvalitet (god oppløysing). Det er heller ikkje mogeleg å reservera kapasitet i dette nettet slik td. NRK gjer for TV-sendingane sine i det digitale bakkenettet og via satellitt. Når breibandet blir for smalt, og det blir for mykje fotball på ein gong, kan ein risikera at det heile stoppar opp i same sekund som Daniel Nannskog er i ferd med å bryta igjennom Vålerenga-forsvaret.

Difor kom det negative reaksjonar då det denne veka vart gjort kjent at NRK kjem til å senda alle kampane i 1. divisjon fotball gratis på Nett-TV. Direktør Jo Christian Otterhals i VG Nett seier til Dagens Næringsliv at han er bekymra fordi datalinjene søndag kveld vil vera fulle av fotball og annan datatrafikk. Når eit gratisprodukt opererer samtidig med ei betalingsløysing vil dette øydelegga for dei som skal tena pengar, seier han til avisa.

Med seg i krigen mot NRK har han fått TV2 – som tydelegvis ikkje er langsinte etter at VG Nett la ut oppskrifta på korleis folk gratis kunne ta inn landskampen mellom Tyskland og Norge. No går dei to kameratane i lag til fotballforbundet og ber om at NRK sine planar om å senda 1. divisjon gratis blir stoppa.

Eg skal ikkje gjera meg til oppmann i denne saka, sidan eg heilt klart er ein del av striden. (Vi skal senda Sogndal sine kampar på Web-TV) Men vil det vera rett av NRK å ta tilleggsbetaling for denne sjåinga – så lenge NRK har betalt for desse senderettane med lisenspengar? Det vil vera rimeleg frekt å krevja betaling for dette ein gong til! Og er det NRK sitt problem at VG Nett og TV2 tømmer den gode vinen ned i ei trakt som er alt for lita?

Eg berre spør!

]]>
http://blogg.nrk.no/kaiaage/2009/03/12/fotballkrig-pa-nettet/feed/ 6
Pengar og journalistikk http://blogg.nrk.no/kaiaage/2009/02/18/pengar-og-journalistikk/ http://blogg.nrk.no/kaiaage/2009/02/18/pengar-og-journalistikk/#comments Wed, 18 Feb 2009 10:32:21 +0000 http://blogg.nrk.no/kaiaage/archives/2009/02/pengar-og-journalistikk.html Les videre ]]> I 1977 sette fjernsynsjournalisten David Frost eit endeleg punktum for det politiske livet til Richard Nixon. Etter 28 timar og 45 minuttar med opptak måtte Nixon konstatera at det var game over. Han hadde møtt sin banemann i ein journalist som hadde sett seg godt inn i saka at det til slutt vart håplaust å sleppa unna den brutale sanninga. (Filmen om Frost/Nixon har premiere her i landet i desse dagar)

Intervjua med Nixon vart betalt av David Frost sjølv, med 600.000 dollar. Ingen TV-selskap ville bla opp sidan dette var ussel sjekkheftejournalistikk. Då intervjua var ferdig redigerte sto TV-selskapa i kø for å kjøpa. Eit banebrytande intervju, heilt på toppen av den journalistiske adelskalenderen, kom i stand fordi ein journalist med ambisjonar klarte å skaffa fram ein stor sum pengar.

For det meste handlar om pengar – også journalistikk: Follow the money sa verdas mest berømte anonyme kjelde (Deep Throat) til journalisten i Washington Post, då Watergate-skandalen vart rulla opp i 1972. Også då var det Richard Nixon som måtte svi.

Her heime blir det mindre og mindre pengar til journalistikk i dei tradisjonelle mediehusa. Annonsørane sviktar papiravisene og opplaget stuper. Mange trur at tabloidavisene vil dø i løpet av kort tid. Nisjeaviser som Morgenbladet og Dagens Næringsliv, og regionavisene vil leva ei stund til – medan lokalavisene blir den siste skansen av journalistikk på daude tre!

I Sogn og Fjordane er lokalaviser framleis eit populært produkt, men redaktørar og eigarar må gjera mykje rett viss denne trenden skal vara. Av opplagsstatistikken frå Mediebedriftenes Landsforening ser vi at det er dei minste avisene som gjer det best: Aviser som kjem ut tre gonger i veka, og som dekker 3-4 kommunar, har stabilt opplag eller auke, medan dei større avisene kjempar ein tøff kamp for å selja nok aviser.

Eit godt tips for dei neste fem åra er at papiravisene må vera svært kritiske til kva dei brukar pengar på. Ei løysing kan vera færre utgåver i veka. Mesteparten av pengane som blir spart bør investerast i journalistikk. Meir, grundigare og betre journalistikk, fordelt på tjukkare aviser, kanskje 3-4 gonger i veka kan vera rette resepten. Publikum krev nemleg god journalistikk og smånytt frå lokalsamfunnet. Heilsider av banksjefar med store sjekkar (med små summar) som sponsar lag og organisasjonar kan med fordel sløyfast.

Kvifor ikkje gå løpet heilt ut, leggja ned papiravisene, for så berre å laga nettaviser?

Forretningsmodellen er enno ikkje på plass. Ingen vil betala for innhald dei kan skaffa gratis andre stader. Konkurransen om annonsekronene på nettet er beinhard, sosiale nettsamfunn og Google har funne måtar å tena pengar på som er i direkte konkurranse med den lokale annonsemarknaden. Hovudspørsmålet blir sjølvsagt om det nokon gong blir mogeleg å finansiera like mykje god journalistikk som dei tradisjonell papiravisene!

Inntil vidare kan vi i alle fall sjå tilbake på glansdagane på 70-talet, då ungdomen strøymde til journalistutdanningane etter Watergate og Frost/Nixon. I opningstalen på eit av universiteta måtte ein professor kunngjera at det ikkje var ein president til kvar av student! Tredve år seinare er journalistikken under press – også i Sogn og Fjordane. Eit velfungerande demokrati treng lokale mediehus som lagar god journalistikk. Vi treng fleire journalistar, ikkje færre! Eg kryssar fingrane for at pengeproblemet let seg løysa!

]]>
http://blogg.nrk.no/kaiaage/2009/02/18/pengar-og-journalistikk/feed/ 2
Ny lyd i lokalradioen http://blogg.nrk.no/kaiaage/2009/02/09/ny-lyd-i-lokalradioen/ http://blogg.nrk.no/kaiaage/2009/02/09/ny-lyd-i-lokalradioen/#comments Mon, 09 Feb 2009 10:08:04 +0000 http://blogg.nrk.no/kaiaage/archives/2009/02/ny-lyd-i-lokalradioen.html Les videre ]]> Radio er NRK Sogn og Fjordane sitt største medium og morgonsendingane våre frå klokka seks til ni om kvardagane samlar desidert flest lyttarar. Sidan i haust har vi arbeidd med å gi sendingane våre ”ny lyd”. Eirik Molnes Husabø frå Florø er hyra inn til å gi sendingane eit meir moderne lydbilete – samtidig som vi held på det gamle.

Godt humør skal vera ein gjennomgangstone i sendingane. Ikkje alt skal vera festleg, men lyttarane skal sjå føre seg ein programleiar som smiler.

Vi har også gått gatelangs i fylket og spurt folk om synspunkt på det vi sender i lokalradioen, her har det komme inn litt av kvart – og kanskje får du høyra nokon du kjenner når vi dreg i gang den nye lyden måndag 16. februar.

Det er fjerde gongen NRK Sogn og Fjordane endrar lydkulissane sidan distriktskontoret vart oppretta i 1979. Radiovanar bør endrast sakte – og det skal ikkje gjerast for store endringar. Små steg heiter det på radiospråket.

Fram til no har vi berre testa dei nye kjenningane på NRK-tilsette og er sjølvsagt spente på reaksjonar frå lyttarane. Vi trur det er små steg mot noko betre!

]]>
http://blogg.nrk.no/kaiaage/2009/02/09/ny-lyd-i-lokalradioen/feed/ 7
Gartnarlauget på web 2.0 http://blogg.nrk.no/kaiaage/2009/02/04/gartnarlauget-pa-web-20/ http://blogg.nrk.no/kaiaage/2009/02/04/gartnarlauget-pa-web-20/#comments Wed, 04 Feb 2009 13:13:32 +0000 http://blogg.nrk.no/kaiaage/archives/2009/02/gartnarlauget-pa-web-20.html Les videre ]]> Var på Fosshaugane Campus i Sogndal på seminar om web 2.0 i går. Kva web 2.0 er?

Då går vi til eit av dei største web 2.0 fenomena – og kanskje også mest framgangsrike, Wikipedia, der det står følgjande:

”Med web 2.0 ønsker man å betegne den nye generasjonen sosiale nettjenester som har blomstret opp de siste årene, og som avhenger av aktiv deltagelse fra brukerne for å kunne ekspandere…”

Eg har tidlegare kritisert Sogn og Fjordane for å vera ei digital bakevje, men vart i godt humør av å møta forskarar, studentar, og elevar i Sogn i går. Mange har offensive tankar –og det finst bra planar for å møta den nye digitale kvardagen på nettet. Eg fekk vita at Fylkesarkivet er på gang med spennande web 2.0 løysingar, mellom anna med Creative Commons-lisensar for artiklar og foto. Slike lisensar har mange nivå, men i prinsipp går det ut på at innhaldet kan distribuerast fritt mot kreditering.

Redaktøren for NRKbeta, Øyvind Solstad, var også på seminaret. Mange strekte nok litt ekstra på halsen då han la fram dei siste tala for Facebook i Norge: 95 prosent av nordmenn mellom 18 og 30 år har no konto på Facebook, då er tala justert for folk som lyg på alderen, og personar som har to kontoar.

Det beste av alt er sjølsagt at den nye generasjonen nettbrukarar er vande med å stå fram offentleg med fullt namn og bilete, slik dei gjer på Facebook. I framtida vil dei fleste nettdebattar vera ryddige og gode, anonyme innlegg vil få akkurat den merksemda dei fortener – null niks!

Fram til det skjer må vi tola at det er litt uryddig i hagen. Eg er med i gartnarlauget på web 2.0 som skal luka vekk det verste ugraset og tek gjerne i mot assistanse. Trykk på varsleknappen viss du ser innlegg som er på kanten av norsk lovverk. (Den nye blasfemiparagrafen vart det ikkje noko av, så det er framleis rom for ytringar)

Og til alle som har levd i tru om at nettet er arenaen for lettvint underhaldningsjournalistikk.

Tru om att!

Ragnhild Olsen ved Institutt for journalistikk skriv om dette i bloggen sin.

PS! Får ei røys med nye ”followers” på Twitter kvar gong eg er ute og snakkar om nettet og NRK. Det er bra! Hekt deg på du og!

www.twitter.com/kaiaage og www.twitter.com/NRKSfj

]]>
http://blogg.nrk.no/kaiaage/2009/02/04/gartnarlauget-pa-web-20/feed/ 2
Ope brev til Sylfest Lomheim http://blogg.nrk.no/kaiaage/2009/01/02/ope-brev-til-sylfest-lomheim/ http://blogg.nrk.no/kaiaage/2009/01/02/ope-brev-til-sylfest-lomheim/#comments Fri, 02 Jan 2009 12:28:28 +0000 http://blogg.nrk.no/kaiaage/archives/2009/01/ope-brev-til-sylfest-lomheim.html Les videre ]]> Til Språkrådet
v/direktør Sylfest Lomheim
Postboks 8107 Dep, 0032 Oslo

Alt for mykje sinnsykt

Trur du det kan vera mogeleg å få austlendingane til å slutta med å seia sinnsykt i annakvar setning?

Du veit heilt sikkert kva eg meiner. For eksempel då Aksel Lund Svindal vann eit renn etter å ha vore skada i eitt år: Sinnsykt bra følelse, sinnnsyk fart ned henget og sinnsykt deilig å passere målstreken!

Eg hadde trudd dette var ei sykje som skulle gå over, men det blir berre verre og verre. Og sidan ordet er like malplassert som engelskmennene sin bruk av ordet fuck (øksling) i alle slags utrengsmål, må noko gjerast!

Kanskje kan Språkrådet leggja dette i handlingsplanen sin for 2009? Eller kan du Sylfest setja ned eit hardtarbeidande utval som kan finna nokre sinnsykt gode alternativ?

Sei i frå så skal eg hjelpa deg med nokre gode namn!

Beste helsing

Kai Aage Pedersen

PS! Etter at du er ferdig med sinnsyk, kan du ta ordet lissom. Ikkje fullt så nøye med det. Verre når ei heil pasientgruppe blir henta fram kvar gong ein autslending øser seg litt opp.

]]>
http://blogg.nrk.no/kaiaage/2009/01/02/ope-brev-til-sylfest-lomheim/feed/ 19
Noregsrekord i julebord? http://blogg.nrk.no/kaiaage/2008/12/02/noregsrekord-i-julebord/ http://blogg.nrk.no/kaiaage/2008/12/02/noregsrekord-i-julebord/#comments Tue, 02 Dec 2008 09:53:37 +0000 http://blogg.nrk.no/kaiaage/archives/2008/12/noregsrekord-i-julebord.html Les videre ]]> Det var i det herrens år 2002, eg var avisredaktør i Sogn, avisredaktør av den litt tabloide sorten. Julebordssesongen nærma seg og eg trengte ei god førsteside om nettopp det. Løysinga vart senterpartimannen Endre Gjerde frå Hermansverk. I ein pause under eit formannskapsmøte hadde han fortalt meg at han eit år hadde sett personleg rekord med 18 julebord.

To dagar seinare pryda Endre heile førstesida på Sogn Avis illustrert med bilete av han på eit julebord tidleg på 70-talet, smilande til fotografen, og med overskrift over fem spaltar:

Noregsmeister i julebord?

På den tida hadde sjølv dei minste sektorutvala i kommunane eigne julebord. Og Endre var med i svært mange utval – kanskje alt for mange. Han var med i kommunestyret, formannskapet, representantskapen i Gartnerhallen , soknerådet og fleire organisasjonar. Høg politisk aktivitet og elles stor omgangskrins kravde sin mann i november og desember.

Endre Gjerde måtte roa ned julebordsaktiviteten nokre å seinare då han fekk konstatert diabetes.Men det var moro så lenge det varte, fortalte den uoffisielle noregsmeisteren i julebord i denne laurdagsutgåva av Sogn Avis.

I løpet av helga fekk eg litt dårleg samvit: Kanskje hadde eg tatt litt for hardt i? Kanskje ville familien til julebordrekordinnehavaren reagera negativt på ei slik massiv eksponering? Kanskje ville han klaga saka til Pressens Faglege Utval (PFU) fordi han ikkje ana omfanget av det oppslaget han skulle vera med på?

Måndag morgon fekk eg telefon på kontoret mitt.

Hei! Det er Endre Gjerde her!

Hei!

Eg har ikkje hatt fred heile helga!

Å?

Nei, du skjønar, eg har gløymt eit julebord, veraringen sitt. Det skulle stått 19 julebord ikkje 18!

]]>
http://blogg.nrk.no/kaiaage/2008/12/02/noregsrekord-i-julebord/feed/ 1
Endeleg fekk eg svaret! http://blogg.nrk.no/kaiaage/2008/11/24/endeleg-fekk-eg-svaret/ http://blogg.nrk.no/kaiaage/2008/11/24/endeleg-fekk-eg-svaret/#comments Mon, 24 Nov 2008 10:48:49 +0000 http://blogg.nrk.no/kaiaage/archives/2008/11/endeleg-fekk-eg-svaret.html Les videre ]]> Over heile førstesida, i den største avisa landet kan oppdriva, fekk vi svaret vi har venta på i 24 år: Kvifor i all verdas rike gjekk Anita Skorgan i frå Jahn Teigen? Korleis kunne ho finna på det? Ein slik sjarmerande kar, som attpåtil er rasande flink til å syngja?

Bak ei slik førsteside ligg det mykje hardt arbeid. Sidan dette er henta frå ei bok lyt ein lesa boka. Og før ein gjer det lyt ein syta for å få tak i boka:

”Hei, det er frå VG her! Vi kan gjerne tenkja oss å slå stort opp denne boka om Jahn Teigen, men då må vi ha det ekslusivt. Flott viss de kan leggja ein gul lapp ved kapittelet som handlar om skilsmissen så slepp vi lesa heile boka. Travelt å vera journalist, skjønnar de, spesielt i landets største avis! He, he, he!”

Med ei slik toppsak er helga berga. På resten av førstesida er det berre å fylla på med kollosalt viktige saker. Komiker Jonas Gardell voldtatt av mann. (sikkert 24 år sidan det og) Gørild Maurseth sitt naken bilde publisert på pornonettsted. Og til slutt: Sex-leken endte i drap!

Her har sjølvsagt lokalavisene i Sogn og Fjordane mykje å læra! Kritisk journalistikk og meldingar frå lokalsamfunnet må leggjast vekk til fordel for tjue år gamle skilsmål, og folk som skryt av at dei har vore oppe i senga til Kjell Inge Røkke!
Jaudå for kvar dag som går blir eg tryggare og tryggare på at lokalaviser med substans og innhald som du ikkje finn andre stader er eit villspor! 24 år gamle skilsmål er det folket folket vil ha!

Eller?

]]>
http://blogg.nrk.no/kaiaage/2008/11/24/endeleg-fekk-eg-svaret/feed/ 4
Stille digital revolusjon http://blogg.nrk.no/kaiaage/2008/10/29/stille-digital-revolusjon/ http://blogg.nrk.no/kaiaage/2008/10/29/stille-digital-revolusjon/#respond Wed, 29 Oct 2008 07:54:31 +0000 http://blogg.nrk.no/kaiaage/archives/2008/10/stille-digital-revolusjon.html Les videre ]]> Sogn og Fjordane er snart heildigitalisert på TV. 4. november gir dei analoge TV-sendarane sitt siste andedrag. Fylket som i følgje Einar Førde ikkje hadde bruk for spelefilmane å NRK2 pga eit rikt indre sjelsliv, har no full pakke med kanalar.

Midt oppe i dette har det gått føre seg ein stille digital revolusjon på radio. DAB (Digital Audio Broadcasting) Det gamle FM-nettet hanglar, og NRK og P4 byggjer ut DAB i lag rundt om i heile landet. Når utbygginga er god nok skal det gamle nettet slåast av – om 6-7 år.

Men dette får vi vel ikkje her, tenkjer sikkert du. Jaudå: Dekningskartet til DAB viser at store deler av fylket kan ta inn desse signala. Sjølv fekk eg min første DAB-radio i går. Den har god lyd – heilt utan støy. Og best av alt, i heil røys av kanalar, i tillegg til NRK Sogn og Fjordane: Ta for eksempel NRK Gull, som sender 24 timar i døgeret. Gamle gode programpostar frå NRK sitt rikhaldige radioarkiv – den gyldne radioalderen rett og slett!

Nesten litt ironisk det heile. Moderne digital teknologi opnar døra inn til det gamle!

]]>
http://blogg.nrk.no/kaiaage/2008/10/29/stille-digital-revolusjon/feed/ 0