Språk – Kai Aage-bloggen http://blogg.nrk.no/kaiaage Bare enda et NRK-blogger-nettsted Thu, 26 Mar 2009 14:25:24 +0000 nb-NO hourly 1 https://wordpress.org/?v=4.9.2 Dette forstår eg ikkje eit plukk av! http://blogg.nrk.no/kaiaage/2009/03/18/dette-forstar-eg-ikkje-eit-plukk-av/ http://blogg.nrk.no/kaiaage/2009/03/18/dette-forstar-eg-ikkje-eit-plukk-av/#comments Wed, 18 Mar 2009 09:12:06 +0000 http://blogg.nrk.no/kaiaage/archives/2009/03/dette-forstar-eg-ikkje-eit-plukk-av.html Les videre ]]>

”Den 24. mars skal fylkesutvalet ta stilling til om Sogn og Fjordane skal søkja status som pilotfylke for å kunna styrkja samarbeid og kompetanse om universell utforming i kommunane, i fylkeskommunen og hjå fylkesmannen, få fleire møtestader for erfaring – og inspirasjonsutveksling og setja fokus på å auka kvalitet på utviklingsprosjekt i høve folkehelse og transport. Barne- og likestillingsdepartementet arbeider no med ein handlingsplan for universell utforming, og som eit av tiltaka i den skal det etablerast ei ordning med fire til seks pilotfylke i løpet av 2009.” Sogn Avis 18. mars, s. 13

Nokon som skjønar kva som står i denne teksten? Mesteparten er direkte avskrift av sakspapira til fylkesutvalet.

Fristande å sitera bokhandlaren i Sogndal som var liten av vekst og ikkje rakk opp til dei øvste bøkene i butikkhyllene: «Denne litteraturen ligg for høgt for meg»

I alle fall: Viss eg blir spurt om å sitja i styringsgruppa for pilotprosjektet som skal styrkja samarbeid og kompetanse om universell utforming i kommunane, i fylkeskommunen og hjå fylkesmannen, så blir det tvert nei! Det må vera eit minstemål at byråkratiet kan fortelja kva dette handlar om på ein anstendig måte før det blir sendt ut til ålmenta!

]]>
http://blogg.nrk.no/kaiaage/2009/03/18/dette-forstar-eg-ikkje-eit-plukk-av/feed/ 5
Tving på dei nynorsken! http://blogg.nrk.no/kaiaage/2009/01/23/tving-pa-dei-nynorsken/ http://blogg.nrk.no/kaiaage/2009/01/23/tving-pa-dei-nynorsken/#comments Fri, 23 Jan 2009 13:53:20 +0000 http://blogg.nrk.no/kaiaage/archives/2009/01/tving-pa-dei-nynorsken.html Les videre ]]> Alle artiklar publisert på NRK Sogn og Fjordane sine nettsider skal vera på nynorsk. Då vi laga språkreglar for distriktskontoret i fjor var dette oppe til diskusjon – eit mindretal av journalistane meiner mellom anna at journalistane fritt må få velja målform når dei skriv.

I NRK Sogn og Fjordane diskriminerer vi bokmålet, men meiner vi har rett til å gjera dette fordi nynorsken er eit minoritetsspråk under press. På mange måtar følgjer vi ein tradisjon som er godt fasttømra av laussalspressa i Oslo der det er utenkjeleg å sleppa nynorsken til i spaltene

Kva skal så til for at vi i NRK Sogn og Fjordane skal endra denne språkpolitikken?

Dersom styremaktene tek opp hansken frå Tor Fuglevik kan det henda vi må ta dette opp til vurdering. Fuglevik er direktør for det internasjonale medieselskapet MTG, har ei fortid som assisterande kringkastingssjef og er no medlem av Språkrådet. I ein kronikk i Dagens Næringsliv går bokmålsbrukaren til rette med ei langvarig og systematisk nynorskdiskriminering i dei største mediehusa i landet. Han peikar på at avisene i tillegg til ordinær pressestøtte har indirekte støtte gjennom fritak for moms. VG og Aftenposten (Schibsted) kan kassera inn til saman 140 millionar kroner kvart bidige år fordi styremaktene ynskjer å stimulera til sal av aviser. (Se og Hør som kjem ut to gonger i veka får ikkje slikt fritak)

Men det er ikkje noko krav om at begge målformene skal vera representert i desse avisene, trass i at denne spesialordninga gir dei store inntekter. Ein av aviseigarane peikar rett nok på at det er kjøparen av avisa som slepp å betala moms, men utan moms kan utgjevar skru opp prisen – og vidare auka innteninga.

Om nokre veker skal Stortinget handsama språkmeldinga ”Mål og meining”. Tor Fuglevik meiner politikarane på same tid bør diskutera ei lovendring som tvingar momsfritekne aviser til å bruka begge målformer. Forslaget er godt og det kjem til rett tid. Avisredaktørane kjem sjølvsagt til gneldra unisont og høgt når dette kjem på høyring, men det skal politikarane ta heilt med ro. Trugsmål om bortfall av 25 prosent av inntektene vil raskt føra til ro i rekkene. Difor er det all grunn til å tvinga på dei nynorsken!

Etter ei stund vil dei heilt sikkert vedgå at dei også har fått eit betre produkt.

PS! Mediehusa har mange måtar å skaffa inntekter på. Blant anna må vi betala abonnementet på avisene vi bestiller i januar. Ei avis med 15.000 abonnentar a 2.000 kroner får altså 30 millionar kr. på konto i januar. (dersom alle er heilårsabonnentar) Med 5 prosent rente blir dette 1.5 millionar kroner i forteneste før dei har produsert noko som helst. Pen ekstragevinst det og!

]]>
http://blogg.nrk.no/kaiaage/2009/01/23/tving-pa-dei-nynorsken/feed/ 18
Stakkars Steven Gerrard! http://blogg.nrk.no/kaiaage/2009/01/20/stakkars-steven-gerrard/ http://blogg.nrk.no/kaiaage/2009/01/20/stakkars-steven-gerrard/#comments Tue, 20 Jan 2009 14:11:44 +0000 http://blogg.nrk.no/kaiaage/archives/2009/01/stakkars-steven-gerrard.html Les videre ]]> Fredag møter fotballstjerna Steven Gerrard i retten fordi han har klabba til ein halvtyl i ein bar i England. Her heime melder alle dei store avisene, nettaviser og fjernsynsstasjonar at Liverpool-spelaren kan få 5 år fengsel.

Er dette sant? Kan ein mann få 5 år fengsel for å dra til ein kar? Sjølvsagt ikkje!

Journalistane brukar straffelova som seier at vald kan straffast med alt frå ei lita bot og opp til 5 års fengsel. Mest truleg må du bruka tortur i vekevis for å bli dømd til den strengaste straffa. Eit godt tips i tilfellet Gerrard er bøter eller nokre veker fengsel på vilkår.

For folk flest er det rart at slåssing blir jamstilt med ei grov valdtekt når det kjem til straffeutmåling. Å henta fram ytterpunkta i strafferamma i ei slik sak blir meiningslaust. Fotballspelaren slepp mest truleg unna med ei lita bot. Stakkars Steven Gerrard seier eg, ikkje på grunna av straffa han får, men på grunn av alt styret.

Her i Sogn og Fjordane er det fleire redaksjonar som har same sykja – også vi i NRK. Eit lovbrot skal helst gjerast så alvorleg som mogeleg. Når vi verkeleg skal la gravalvoret senka seg over fylket hentar vi gjerne fram formuleringa:

Politiet ser alvorleg på saka!

Her ser vi føre oss journalisten spørja politimannen: Er dette ei sak de ser alvorleg på? Og politimannen svarar ja!

Kva så om saka ikkje er så alvorleg, kva skal politiet seia då?

”Politiet tykkjer dette er ei artig sak, faktisk har saka teke heile politikammeret i Florø med storm, polititenestefolka skrattar av saka.”

Siste nytt på krimfronten er at politiet har oppretta sak! Når ein person ikkje er mistenkt, sikta, eller tiltalt, kan det vera greitt å finna på noko nytt. Difor uttrykket det er oppretta sak. Men kva betyr eigentleg dette? At dei har skrive ned namnet på ein person? Ikkje veit eg, men eit eller anna skal ein jo sei!

Forresten meiner eg at alle bør ha minst eitt barslagsmål på cv-en før dei søkjer seg fast arbeid. Så kan vi i media melda at politiet ser alvorleg på saka og at det er oppretta sak. Vedkommande risikerer sjølvsagt kollosalt lang fengselsstraff!

Heia Liverpool!

]]>
http://blogg.nrk.no/kaiaage/2009/01/20/stakkars-steven-gerrard/feed/ 5
Legg ned sosialen! http://blogg.nrk.no/kaiaage/2009/01/09/legg-ned-sosialen/ http://blogg.nrk.no/kaiaage/2009/01/09/legg-ned-sosialen/#comments Fri, 09 Jan 2009 08:37:32 +0000 http://blogg.nrk.no/kaiaage/archives/2009/01/legg-ned-sosialen.html Les videre ]]> Eg tykkjer synd i dei som jobbar på Fundo. Desemberløna er enno ikkje på konto og i går kom meldinga om at det ikkje blir nokon lønsslipp denne veka heller. Mange av dei trufaste slitarane ved høgteknologibedrifta i Høyanger må gå den tunge vegen til ”sosialen” for få pengar til straum og mat!

Ein av leiarane i NAV sa i Fylkesnytt i dag tidleg at det er forbunde med skam å gå den tunge vegen til sosialen. Slik bør det ikkje vera. Arbeidarane ved Fundo er heilt utan ansvar for den ulukkeleg situasjonen dei har hamna i, og treng ikkje stigmatisering frå storsamfunnet som ny stein i ei alt for tung bør.

Akutt likviditetskrise kallar dei det når ei bedrift får problem med å betala rekningane på grunn av vanskelege tider. Når den same bedrifta har problem med å betala løn til dei tilsette får vi høyra at dei må gå på sosialen!

Og det er akkurat dette eg har tenkt å ta opp med styresmaktene i denne spalta mi: Omgrepet ”å gå på sosialen” må leggjast vekk ein gong for alle. Dei 200 fundotilsette er heltar som treng klapp på skuldra og oppmuntring – ikkje eit fattigkassestempel i panna i frå eit statleg byråkrati. Dei bør inviterast inn i varmen med forsikring om at det er eit offentleg apparat i beredskap, klar til å hjelpa, med omtanke og opa lommebok.

Ingen veit kven som blir den neste som treng rask pengehjelp frå felleskassa vår. Vi har pengane, vi må berre gi dei frå oss på ein skikkeleg måte. Difor må utrykket gå på sosialen leggjast vekk. Politikarane frå fylket bør ta ballen snarast mogeleg. Vi andre kan senda varme tankar til alle dei som slit med å få endane til møtast – i Høyanger og i landet elles!

NB! Skal ikkje senda brev til Sylfest Lomheim om dette, men er det gode alternativ til uttrykket gå på sosialen?

]]>
http://blogg.nrk.no/kaiaage/2009/01/09/legg-ned-sosialen/feed/ 1
Ope brev til Sylfest Lomheim http://blogg.nrk.no/kaiaage/2009/01/02/ope-brev-til-sylfest-lomheim/ http://blogg.nrk.no/kaiaage/2009/01/02/ope-brev-til-sylfest-lomheim/#comments Fri, 02 Jan 2009 12:28:28 +0000 http://blogg.nrk.no/kaiaage/archives/2009/01/ope-brev-til-sylfest-lomheim.html Les videre ]]> Til Språkrådet
v/direktør Sylfest Lomheim
Postboks 8107 Dep, 0032 Oslo

Alt for mykje sinnsykt

Trur du det kan vera mogeleg å få austlendingane til å slutta med å seia sinnsykt i annakvar setning?

Du veit heilt sikkert kva eg meiner. For eksempel då Aksel Lund Svindal vann eit renn etter å ha vore skada i eitt år: Sinnsykt bra følelse, sinnnsyk fart ned henget og sinnsykt deilig å passere målstreken!

Eg hadde trudd dette var ei sykje som skulle gå over, men det blir berre verre og verre. Og sidan ordet er like malplassert som engelskmennene sin bruk av ordet fuck (øksling) i alle slags utrengsmål, må noko gjerast!

Kanskje kan Språkrådet leggja dette i handlingsplanen sin for 2009? Eller kan du Sylfest setja ned eit hardtarbeidande utval som kan finna nokre sinnsykt gode alternativ?

Sei i frå så skal eg hjelpa deg med nokre gode namn!

Beste helsing

Kai Aage Pedersen

PS! Etter at du er ferdig med sinnsyk, kan du ta ordet lissom. Ikkje fullt så nøye med det. Verre når ei heil pasientgruppe blir henta fram kvar gong ein autslending øser seg litt opp.

]]>
http://blogg.nrk.no/kaiaage/2009/01/02/ope-brev-til-sylfest-lomheim/feed/ 19
Og vinnaren er… http://blogg.nrk.no/kaiaage/2008/12/17/og-vinnaren-er/ http://blogg.nrk.no/kaiaage/2008/12/17/og-vinnaren-er/#comments Wed, 17 Dec 2008 11:03:06 +0000 http://blogg.nrk.no/kaiaage/archives/2008/12/og-vinnaren-er.html Les videre ]]> Kanskje litt intern, men likevel ikkje: NRK Sogn og Fjordane har i 2008 jobba for å betra språket vårt – spesielt på nettet. Radiojournalistar som er flinke til å snakka, er ikkje alltid like gode skribentar. Difor har vi i år delt ut språkpris som vart delt ut laurdag kveld.

Vinnaren kvitterte med ein lang og knakande god takketale som vi dessverre ikkje har skriftleg, men grunngjeving til juryen og kven som vann finn du her. Eventuelle gratulantar kan skriva kommentarar. Ueinig i tildelinga? Skriv då og!

Arve Uglum er vinnaren av NRK Sogn og Fjordane sin språkpris for 2008. Med godt språk, humor og forteljarglede, leverer sogningen flotte språkblomar til fylket kvar einaste veke.

For NRK er Arve ein god mal for språkbruk både i lokal – og riksflatene. På sin stilsikre måte framfører han bodskapen på klingande sognamaol – også når han rapporterer frå VM i alpint på NRK1.

Frå det siste året hugsar vi godt dei mange kommentarane om Sogndal Fotball, men også den leikande TV-reportasjen frå fotballkampen på Veitastrond. Litt lenger tilbake hugsar me Grautmål, dialektordserien på radio som ufarleggjorde ordet grautmål, og som vart ei merkevare for NRK Sogn og Fjordane.

Arve Uglum jobbar medvite med å finna kreative og nyskapande formuleringar i tekstane sine. Dette arbeidet løftar han forbi den grå massen av lettvint journalistikk og gjer han til ein akta samfunnsperson i sin region.

Godt språk er det viktigaste instrumentet til ein journalist. Arve Uglum brukar verktøyet sitt godt både skriftleg og munnleg. Han er difor ein verdig vinnar av NRK Sogn og Fjordane sin språkpris for 2008.
(I juryen: Olga Wergeland, språkkontakt Noralv Pedersen og underteikna)

]]>
http://blogg.nrk.no/kaiaage/2008/12/17/og-vinnaren-er/feed/ 8