Sport – Kai Aage-bloggen http://blogg.nrk.no/kaiaage Bare enda et NRK-blogger-nettsted Thu, 26 Mar 2009 14:25:24 +0000 nb-NO hourly 1 https://wordpress.org/?v=4.9.2 Stakkars Steven Gerrard! http://blogg.nrk.no/kaiaage/2009/01/20/stakkars-steven-gerrard/ http://blogg.nrk.no/kaiaage/2009/01/20/stakkars-steven-gerrard/#comments Tue, 20 Jan 2009 14:11:44 +0000 http://blogg.nrk.no/kaiaage/archives/2009/01/stakkars-steven-gerrard.html Les videre ]]> Fredag møter fotballstjerna Steven Gerrard i retten fordi han har klabba til ein halvtyl i ein bar i England. Her heime melder alle dei store avisene, nettaviser og fjernsynsstasjonar at Liverpool-spelaren kan få 5 år fengsel.

Er dette sant? Kan ein mann få 5 år fengsel for å dra til ein kar? Sjølvsagt ikkje!

Journalistane brukar straffelova som seier at vald kan straffast med alt frå ei lita bot og opp til 5 års fengsel. Mest truleg må du bruka tortur i vekevis for å bli dømd til den strengaste straffa. Eit godt tips i tilfellet Gerrard er bøter eller nokre veker fengsel på vilkår.

For folk flest er det rart at slåssing blir jamstilt med ei grov valdtekt når det kjem til straffeutmåling. Å henta fram ytterpunkta i strafferamma i ei slik sak blir meiningslaust. Fotballspelaren slepp mest truleg unna med ei lita bot. Stakkars Steven Gerrard seier eg, ikkje på grunna av straffa han får, men på grunn av alt styret.

Her i Sogn og Fjordane er det fleire redaksjonar som har same sykja – også vi i NRK. Eit lovbrot skal helst gjerast så alvorleg som mogeleg. Når vi verkeleg skal la gravalvoret senka seg over fylket hentar vi gjerne fram formuleringa:

Politiet ser alvorleg på saka!

Her ser vi føre oss journalisten spørja politimannen: Er dette ei sak de ser alvorleg på? Og politimannen svarar ja!

Kva så om saka ikkje er så alvorleg, kva skal politiet seia då?

”Politiet tykkjer dette er ei artig sak, faktisk har saka teke heile politikammeret i Florø med storm, polititenestefolka skrattar av saka.”

Siste nytt på krimfronten er at politiet har oppretta sak! Når ein person ikkje er mistenkt, sikta, eller tiltalt, kan det vera greitt å finna på noko nytt. Difor uttrykket det er oppretta sak. Men kva betyr eigentleg dette? At dei har skrive ned namnet på ein person? Ikkje veit eg, men eit eller anna skal ein jo sei!

Forresten meiner eg at alle bør ha minst eitt barslagsmål på cv-en før dei søkjer seg fast arbeid. Så kan vi i media melda at politiet ser alvorleg på saka og at det er oppretta sak. Vedkommande risikerer sjølvsagt kollosalt lang fengselsstraff!

Heia Liverpool!

]]>
http://blogg.nrk.no/kaiaage/2009/01/20/stakkars-steven-gerrard/feed/ 5
Ope brev til Sylfest Lomheim http://blogg.nrk.no/kaiaage/2009/01/02/ope-brev-til-sylfest-lomheim/ http://blogg.nrk.no/kaiaage/2009/01/02/ope-brev-til-sylfest-lomheim/#comments Fri, 02 Jan 2009 12:28:28 +0000 http://blogg.nrk.no/kaiaage/archives/2009/01/ope-brev-til-sylfest-lomheim.html Les videre ]]> Til Språkrådet
v/direktør Sylfest Lomheim
Postboks 8107 Dep, 0032 Oslo

Alt for mykje sinnsykt

Trur du det kan vera mogeleg å få austlendingane til å slutta med å seia sinnsykt i annakvar setning?

Du veit heilt sikkert kva eg meiner. For eksempel då Aksel Lund Svindal vann eit renn etter å ha vore skada i eitt år: Sinnsykt bra følelse, sinnnsyk fart ned henget og sinnsykt deilig å passere målstreken!

Eg hadde trudd dette var ei sykje som skulle gå over, men det blir berre verre og verre. Og sidan ordet er like malplassert som engelskmennene sin bruk av ordet fuck (øksling) i alle slags utrengsmål, må noko gjerast!

Kanskje kan Språkrådet leggja dette i handlingsplanen sin for 2009? Eller kan du Sylfest setja ned eit hardtarbeidande utval som kan finna nokre sinnsykt gode alternativ?

Sei i frå så skal eg hjelpa deg med nokre gode namn!

Beste helsing

Kai Aage Pedersen

PS! Etter at du er ferdig med sinnsyk, kan du ta ordet lissom. Ikkje fullt så nøye med det. Verre når ei heil pasientgruppe blir henta fram kvar gong ein autslending øser seg litt opp.

]]>
http://blogg.nrk.no/kaiaage/2009/01/02/ope-brev-til-sylfest-lomheim/feed/ 19
Kamp for historiebøkene? http://blogg.nrk.no/kaiaage/2008/11/04/kamp-for-historieb%c3%b8kene/ http://blogg.nrk.no/kaiaage/2008/11/04/kamp-for-historieb%c3%b8kene/#comments Tue, 04 Nov 2008 09:44:02 +0000 http://blogg.nrk.no/kaiaage/archives/2008/11/kamp-for-historieb%c3%b8kene.html Les videre ]]> Det er slutt på heislivet trur spelarane på Aalesund. Ikkje minst Trond Fredriksen som skåra på eit langskot i den viktige kampen mot Lillestrøm sikker på det.

Men eg trur onsdag 12. november, på ein stadion oppkalla etter danskebåten, vil vera ein perfekt exit for Håvard Flo! Ein regnfull haustkveld, med kunstig gras og flaumljos – og ein Kjetil Rekdal med hangande hovud ! I sentrum for alle kameralinser, stryningen som nikka inn det avgjerande målet nokre minuttar før slutt: Akkurat no vil han ikkje avvisa at det kan gå mot ein sesong til, seier han til fjernsynsteamet frå NRK. Og journalistane nikkar smilande og forventningsfulle – slik dei berre har lov til å gjera på ein sportsarena!

Denne filmen vil eg sjå! Eg har nemleg sett einaren og den var rasande god: I 2000, då Vålerenga etter 0-0 i første kampen på Fosshaugane reiste heim til Oslo, bombesikre på at fornya tillit var sikra. Kampen på Ullevaal nokre dagar seinare var alle kvalifiseringskampars mor! Ein kamp for historiebøkene og magiske minuttar for alle som var til stades!

Så lyt eg sjølvsagt vedgå at eg ikkje har inngåande kunnskap til fotballfaglege ting. Og det er heilt sikkert rett at det nest dårlegaste laget i vår gjevaste fotballiga skal vera betre enn fjerdeplassen hjå dei nest beste. Men fotball er heller ikkje denne gongen rein matematikk. Sogndal har i haust vore det beste laget i 1. divisjon – best har dei vore mot gode motstandarar som i cup-kampen mot Stabæk.

Og Sogndal spelar med lite press. Leiinga har lagt vekk forventningsfulle flosklar som jubelsesongen og fokuserer heller på å byggja eit best mogeleg fotballag.

Som redaktør i NRK er det likevel ikkje heilt fritt for at har delte kjensler. NRK har senderettane for 1. divisjon til våren. Mange av kampane blir sende på NRK1 – og alle kampane blir mest truleg overført med levande bilete over nettet. Kollegaen min i Østfold er faktisk bekymra over at Fredrikstad skal hamna i skuggelandet når NRK rullar ut si satsing i 1. divisjon.

Så om Fredriksen får rett, og det er slutt på heislivet for Aalesund, så gjer ikkje det så mykje. Fotball blant dei nest beste er bra det og, så lenge Sogndal har noko anna enn sjuandeplassar å kjempa om. Men jammen hadde det vore stas med eit nytt kapittel i soga golden moments for Sogndal Fotball. Det hadde ikkje minst Håvard Flo fortent!

]]>
http://blogg.nrk.no/kaiaage/2008/11/04/kamp-for-historieb%c3%b8kene/feed/ 2