Kommentarer til: Viktige program http://blogg.nrk.no/kaiaage/2009/03/26/viktige-program/ Bare enda et NRK-blogger-nettsted Sat, 05 Mar 2011 14:23:47 +0000 hourly 1 https://wordpress.org/?v=4.9.2 Av: Odd Frantzen http://blogg.nrk.no/kaiaage/2009/03/26/viktige-program/#comment-242 Thu, 26 Mar 2009 16:11:38 +0000 http://blogg.nrk.no/kaiaage/archives/2009/03/viktige-program.html#comment-242 Einig! Heilt klart viktige program. Rus rammar mange, og vil ramme stadig fleire i framtida om me ikkje passar oss. Det er ikkje ufarleg å flørte med rus, heller ikkje alkohol. Programmet dykkar viser døme på det. Eg trur det er viktig å betrakta alkohol som eit potensielt farleg rusmiddel. På mange måtar er alkoholen farlegare enn narkotika fordi den er så alminneleggjort. Så akseptert. Så ufarleggjort. Det blir nytta alkohol i stadig fleire samanhengar. Noko er riv ruskande gale når ungar gruar seg til julekvelden, til dømes, fordi foreldra blir så rare. Eller når mor og far er påverka av alkohol kvar dag på sydenferien. Når hyggelege måltid blir øydelagt fordi barna uroar seg fordi foreldra er så rare. Det skal jo nytast øl og vin til maten må vite. Og helst ein konjakk til kaffien og. Etter mitt syn bør ein være svært forsiktig med å ruse seg på alkohol når ein er saman med barn.

Alkoholbruken vår går oppover. Det same gjer grensa for kva me meiner er akseptabelt alkoholinntak.

Alkohol er medverkande årsak til vald, ulukker, kriminalitet, utryggleik og helseproblem. Mykje av dette kan me få mindre av ved å lære ungane våre at alkohol faktisk er eit rusmiddel det er mogeleg å bli avhengig av. Og at det er noko ein skal være svært forsiktig med. Då må det sjølvsagt vere samsvar mellom liv og lære.

]]>